Kanada har tradisjonelt vore eit land der den kristne trua har vore premissleverandør til korleis samfunnet skulle sjå ut, og korleis folk skulle oppføra seg. Det siste hundreåret har dette endra seg mykje, og Kanada er, trass i ei sterk katolsk kyrkje, betydeleg sekularisert, og samlivslovene er svært liberale. I dag kan kristne som skriv og talar mot homofil praksis bli bøtelagt av domstolane.
Rundt 1900 var 25% av befolkninga evangelisk kristne. I dag er prosentdelen 8. Kanada treng ein ny og frisk utausing av Den heilage ande, dedikerte kristne leiarar med klokskap og mot og vanlege kristne som vitnar om Jesus i kvardagen.
- Be om at kyrkja i Kanada skal få gode leiarar som inspirerer og utrustar kristne, og som hjelper dei å kjenna tryggleik også når dei vitnar om Jesus og må forfekta meiningar som ikkje er aksepterte av storsamfunnet, og at dei skal tola å bli stigmatiserte for at dei meinar det Gud meinar.
- Be om at samfunnsutviklinga skal snu, og at det kanadiske folket på nytt vender seg mot Gud.
- Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, at dei går saman og klekkar ut ein god plan for reevangelisering av landet sitt.
- Kanada er det landet i vesten som tek i mot flest flyktningar i høve til folketalet. Det bur t.d. 1,4 millionar kinesarar i landet. Be Gud om å velsigna landet for denne rause haldninga.
- Be om at dei mange innvandrarane til landet må bli dregne til kyrkjelydane og møta Jesus der.