mandag 4. mai 2015

Kroatia





Folketal: 4.4 million. Hovudstad:  Zagreb (687,000). Kristne 4.1 mill. Evangeliske kristne 19,000.
Kroatar (87.5%), Serbarar (4.5%), Romani (2.3%), Bosniarar (0.5%), Ungarar (0.4%), Albanarar (0.3% ), Slovenarar (0.3%).
Språk: Serbo-kroatisk. Latinske bokstavar.
Landet er fattig og kjempar enno med etterverknadar av mange års kommunistisk styre.  Høg arbeidsløyse (over 12%), og låge lønningar.
Mange slit enno med traumer etter krigen på 90-talet.
Hatet mellom kroatar og serbarar er djupt og inderleg. Her kan dei evangeliske kristne bety noko. I desse lever menneske frå alle etniske grupper saman i kjærleik.
80% av ungdomane i landet rusar seg på narkotiske stoff. 



Gode Far! Må ditt rike gå fram i Kroatia, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle byar, landsbyar, regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka landet som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i Kroatia slik at dei kan snu seg bort frå synda, tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 

Skap forsoning mellom kroatarar og serbarar. Riv ned alle murar mellom dei, og ta bort hatet i hjarto deira.
Læk alle sår krigen på 90-talet har påført folk. 
Gje Kroatia gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Må barna få veksa opp i varme og trygge heimar med ein far og ei mor som elskar kvarandre, og som lever trufast saman i ekteskap. 

Gje dei unge i landet ei sterk erfaring av din kjærleik slik at dei ikkje lenger treng å rusa seg kjemisk. Me ber om at alle som produserer, distribuerer og sel narkotika skal bli stoppa i si destruktive gjerning. 
Gje Kroatia gode skular  for barna,  solide utdanningsinstitusjonar for dei unge og eit kompetent og utbygd helsevesen.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.
Vern landet mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneska der del i di lukke, gjer dei til gode samfunnsborgere og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...