Over 6000 menneske er dokumentert omkomne i det store jordskjelvet i Nepal for ei god veke sidan. Dødstalet stig for kvar dag. 30 000 er dokumentert skada. Infrastrukturen er øydelagd. Tilgang på reint vatn er svært avgrensa. Likeeins sanitæranlegga. Det er vanskeleg å få tak i mat. Mange kristne omkom under katastrofen. Skjelvet råka midt i gudstenestetida. Heile kyrkjelydar vart utraderte. Mange har sett i gong hjelpearbeid. Kirkens nødhjelp. Røde kors. Eller du kan støtta den glimrande misjonsorganisasjonen til Paul Hattaway, Asia Harvest, som fokuserer på å gje folk i Nepal nok og god mat. Gå inn på linken
http://asiaharvest.org/nepal-update-1-07-provides-a-hot-meal-to-earthquake-survivors/
Der kan du gje ditt bidrag. Kvart måltid kostar som du ser vel 1 USD.
Kjære Herre! Det fell ikkje ein spurv til jorda utan deg. Det går over vår forstand det som har hendt i Nepal, og mangt av det som skjer heile tida i denne falne verda. Men me vil lova og æra deg uansett kva som skjer. Du er framleis god og di miskunn varer i all æva. Må nepalesarane få oppleva at du er ein Gud som meir enn erstattar alt det djevelen har tatt frå dei. Mange av dine kjære barn vart også brått borte og tekne inn i din herlegdom. Lidinga og sorga i Nepal er så stor, så stor. Kom landet til hjelp, og må alle gode mennesker og organisasjonar som no trør til for å bidra, få stor støtte for det dei held på med, og må denne tragedien opna mange dørar for evangeliet inntil unådde folkegrupper og områder i Nepal. Ditt rikes framgang i landet dei siste åra har vore enorm, og kristendomen i landet er substansiell. Me takkar deg for det, og me ber om at kyrkja di skal få oppleva ditt sterke, lækjande og trøystande nærvær. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar