Frankrike er eitt av verdas leiande land politisk, økonomisk, kulturelt og militært.
Folketal: 65 mill. 38 mill tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn. Vel 600000 av desse er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. Det er i dag ein sterk vekst innan den evangeliske familie, og det blir planta mange nye kyrkjer. Gjennom det nasjonale konsilet for franske evangeliske kristne (CNEF), har det oppstått ein djup einskap mellom kristne som før sto mot kvarandre. Det gjeld også i høve til den katolske kyrkja.
Rundt 10% av befolkninga i Frankrike er muslimar. Desse har røtene sine i tidlegare franske koloniar, både i Nord og Vest-Afrika. Integreringa har vore lite vellukka, og det er store spenningar i det franske samfunnet som med jamne mellomrom resulterer i gatevald frå arbeidslaus muslimsk ungdom.
Sjølv om kristninga av landet går attende heilt til det andre hundreåret e. Kr., er Frankrike i dag eit gjennomsekularisert land. Frå 1200-talet har det vore reformatoriske vekkingsrørsler i landet (med utgangspunkt i Lyon, som heilt frå Iræneus sine dagar var eit åndeleg kraftsenter) , og desse har vore utsett for blodige forfølgingar. Det toppa seg under Reformasjonen då hundertusenvis av hugenottar (kalvinske kristne som då utgjorde 25% av befolkninga) vart slakta ned av styresmaktene støtta av den romersk katolske kyrkja. Seinare kom den franske revolusjon som hadde som siktemål å reinsa Frankrike frå einkvar kristen påverknad.
I dag er det 37000 kommunar i Frankrike. 35000 av dei har ikkje noko evangelisk kyrkje eller fellesskap. 50 mill franskmenn har ingen link til ei kristen kyrkje i det heile. 80% har aldir teke i ein bibel. CNEF har sett opp som mål å planta èi evangelisk kyrkje per 10000 innbyggjar. Det inneber 4500 nye plantingar.
- Be om at CNEF skal lukkast med kyrkjeplantingprosjektet sitt
- Be om at Bibelen skal bli gjenoppdaga og lest av vanlege franskmenn
- Be om at Bibelens sanningar og verdiar igjen skal bli verdsett av vanlege franskmenn.
- Be om at evangeliet må bli forkynt klårt og reint i den katolske kyrkja slik at folk kan oppdaga at Jesus lever, skjøna kva som er rett og galt i Guds augo, venda om, bli frelst frå sine synder, innlemma i eit levande kristent fellesskap, fylt med Den heilage ande og bli gjort til Jesu sigerrike disiplar.
- Be om om at dei truande skal bli klår over sitt ansvar andsynes muslimane i landet, og at Gud skal opna dørar for dei inn i dei i muslimske miljøa.
- Be om at unge menn skal bli kalla til pastorteneste, og at det skal byggast opp solide bibelskular og semninar der dei kan få naudsynt opplæring.
- Be om at det skal poppa opp nye apologetar som på ein fullgod måte kan samsnakka med franske intellektuelle om Gud.
- Be om at franskmennene skal bli oppmerksame på den rike kristne arven som ligg i historia deira.
- Be om at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med tidlegare forfølging av protestantar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar