Viser innlegg med etiketten reformasjonen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reformasjonen. Vis alle innlegg

fredag 5. juni 2015

Tyskland

Folketal 82,1 mill
Kristne 52,7 mill
Evangeliske kristne 1,7 mill
Islam er den religionen som veks fortast, mest pga aukt innvandring.
88,3 % av befolkninga er tyskarar, 3% tyrkarar og 2,6% kjem frå dei slaviske landa.
Tysk er naturlegvis det offisielle språket, men totalt er det 69 språk som vert snakka i Tyskland.
Etter 2.verdskrigen vart Tyskland delt i to, Vest og Aust-Tyskland. Vest Tyskland var ein del av den frie demokratiske verda, medan Aust-Tyskland var eit kommunistisk diktatur under Moskva. Vest- Tyskland gjekk gjennom ein rivande økonomisk utvikling, og vart det økonomiske lokomotivet i Europa, medan Aust-Tyskland degenererte. Gjenforeininga etter kommunismens fall  i 1989-90 var starten på ein vanskeleg prosess som på ingen måte er ferdig enno. Arbeidsløysa i aust er t.d. langt høgare enn i vest, og i aust reiser det seg ekstreme nasjonalistiske rørsler som minnar om nazismen. Men gradvis rettar ting seg opp også i aust, og økonomisk og industrielt er det samla Tyskland i dag ei leiande stormakt i verda.
Tyskland har historisk tilført resten av verda store åndelege velsigningar. Reformasjonen på 1500-talet starta med Martin Luther, og den pietistiske vekkinga på 1700-talet med Spener og Francke, som heile den protestantiske misjonsrørsla vaks ut frå. Me kan knapt overvurdera betydningen av pietismen og reformasjonen. Dette var to rørsler som løfta Nord-Europa opp både kulturelt og økonomisk, og som brakte evangeliet til mange, mange fjerne land.
Men Tyskland gjekk også på 1800-talet i spissen for rasjonalismen, skeptisismen og den liberale teologi, noko som har resultert i at kristendomen i landet har mista krafta si, og han er i alvorleg tilbakegang.
Men denne tilbakegangen har drive mange truande saman på nye måtar. Bønerørsler veks fram, og mange kyrkjer jobbar no saman på tvers av konfesjonar og geografiske grenser for å bringa evangeliet ut til sekulariserte tyskarar som lever utan Gud og utan von i verda.
Skal Europa rekristnast, må det etter mitt hovud skje gjennom Tyskland. Det som skjer der, spreier seg fort til andre land, og tyskarane er vane med å tenkja på seg sjølv som Europass leiande makt. Finn dei Jesus, går dei straks ut for å gjera alle folkeslag til hans disiplar.. Difor er det gledeleg no at det veks fram ei ny huskyrkjerørsle i landet, og at desse meir nytestamentlege kyrkjelydane faktisk veks midt i tilbakegangen for dei historiske kyrkjene. Det veks også fram nye etniske kyrkjer mellom innvandrarar frå Afrika og Sentral-Asia, og desse er også i rivande utvikling. Men det trengst mange fleire, ikkje minst mellom tyrkarane.


  • Be om at det må bli nytt liv i dei historiske kyrkjene i Tyskland, at leiarane må tru på Bibelen som Guds ord og forkynna ordet klårt, reint, innsiktsfullt og med himmelsk mynde.
  • Takk for dei nye kyrkjene som har vakse fram, og be om at Guds lys skal gå ut frå dei til folket.
  • Be om einskap mellom alle kristne i Tyskland
  • Be om at alle nasjonalsosialistiske rørsler skal bli stoppa i Jesu namn
  • Be om at kristne i vest skal vigsla seg til misjon og disippelgjering i aust
  • Be om at det skal opna seg for evangeliet mellom tyrkarane
  • Be om at evangeliet skal gå fram mellom kurdarane (1 mill) iranarane (100000), dei nordafrikanske berberane (300000), dei bosniske muslimane (250000).
  • Be om at immigrantkyrkjene også skal sjå på det tyske folket som ei naturleg målgruppe




mandag 25. mai 2015

Frankrike


Frankrike er eitt av verdas leiande land politisk, økonomisk, kulturelt og militært.
Folketal: 65 mill. 38 mill tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn. Vel 600000 av desse er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. Det er i dag ein sterk vekst innan den evangeliske familie, og det blir planta mange nye kyrkjer. Gjennom det nasjonale konsilet for franske evangeliske kristne (CNEF), har det oppstått ein djup einskap mellom kristne som før sto mot kvarandre. Det gjeld også i høve til den katolske kyrkja.
Rundt 10% av befolkninga i Frankrike er muslimar. Desse har røtene sine i tidlegare franske koloniar, både i Nord og Vest-Afrika. Integreringa har vore lite vellukka, og det er store spenningar i det franske samfunnet som med jamne mellomrom resulterer i gatevald frå arbeidslaus muslimsk ungdom.
Sjølv om kristninga av landet går attende heilt til det andre hundreåret e. Kr., er Frankrike i dag eit gjennomsekularisert land. Frå 1200-talet har det vore reformatoriske vekkingsrørsler i landet (med utgangspunkt i Lyon, som heilt frå Iræneus sine dagar var eit åndeleg kraftsenter) , og desse har vore utsett for blodige forfølgingar. Det toppa seg under Reformasjonen då hundertusenvis av hugenottar (kalvinske kristne som då utgjorde 25% av befolkninga) vart slakta ned av styresmaktene støtta av den romersk katolske kyrkja. Seinare kom den franske revolusjon som hadde som siktemål å reinsa Frankrike frå einkvar kristen påverknad.
I dag er det 37000 kommunar i Frankrike. 35000 av dei har ikkje noko evangelisk kyrkje eller fellesskap. 50 mill franskmenn har ingen link til ei kristen kyrkje i det heile. 80% har aldir teke i ein bibel. CNEF har sett opp som mål å planta èi evangelisk kyrkje per 10000 innbyggjar. Det inneber 4500 nye plantingar.

  • Be om at CNEF skal lukkast med kyrkjeplantingprosjektet sitt
  • Be om at Bibelen skal bli gjenoppdaga og lest av vanlege franskmenn
  • Be om at Bibelens sanningar og verdiar igjen skal bli verdsett av vanlege franskmenn. 
  • Be om at evangeliet må bli forkynt klårt og reint i den katolske kyrkja slik at folk kan oppdaga at Jesus lever, skjøna kva som er rett og galt i Guds augo, venda om, bli frelst frå sine synder, innlemma i eit levande kristent fellesskap, fylt med Den heilage ande og bli gjort til Jesu sigerrike disiplar.
  • Be om om at dei truande skal bli klår over sitt ansvar andsynes muslimane i landet, og at Gud skal opna dørar for dei inn i dei i muslimske miljøa. 
  • Be om at unge menn skal bli kalla til pastorteneste, og at det skal byggast opp solide bibelskular og semninar der dei kan få naudsynt opplæring.
  • Be om at det skal poppa opp nye apologetar som på ein fullgod måte kan samsnakka med franske intellektuelle om Gud.
  • Be om at franskmennene skal bli oppmerksame på den rike kristne arven som ligg i historia deira.
  • Be om at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med tidlegare forfølging av protestantar.


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...