Dei er generelt velutdanna, og tilhøyrer høgare kastar.
Dei er stolte over sin stand og stilling, og tek ikkje imot mat og drikke frå folk som står lågare enn dei sjølve. Dei søker gjerne råd frå brahminarar når dei har behov for rettleiing. Ingen av dei er kristne.
Dei snakkar heile 30 språk, og her vil det krevjast mange ulike kyrkjeplantingar når dei opnar seg for evangeliet i denne folkegruppa.
Kjære Herre Jesus! Du seier at hausten er stor, men arbeidarane få. Difor: Driv arbeidsfolk ut til din haust i kasaundhanfolket i India. Må evangeliet om deg og ditt rike bli forkynt for dei på deira eigne språk. Må Guds herlegdom stråla fram for dei gjennom ditt ord og di kyrkje. Bryt ned all sosial stolthet som hindrar dei i å audmjuka seg å koma til deg og ta imot di frelse. Riv ned alle tankebygningar hos dei som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Løys dei frå djevelens lenker, og fri dei frå demoniske makter som framtrer som gudar for dei, og gjer dei til ei del av din store familie ved trua på Jesus Kristus. Amen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar