Viser innlegg med etiketten Khartoum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Khartoum. Vis alle innlegg

mandag 10. november 2025

Sør- Sudan

 

Kart: Britannica

Sør-Sudan vart etablert 9.juli 2011, og er verdas yngste nasjon, og kanskje også den fattigaste. Hovudstad: Juba. Nasjonen vart fødd som eit resultat av mange års krig for sjølvstende frå Sudan og regimet i Khartoum, men har sidan 2013 vore til dei grader prega av borgarkrig. Dette er i stor grad ein etnisk konflikt mellom dinka og nuer. 

62,3% av befolkninga er i følgje Operation World  kristne. Halvparten av dei er evangeliske. Men det pregar i liten grad samfunnslivet. Storparten av kvinnene i landet har vore utsette for seksuelle overgrep, og alle familiar lid under effekten av vald og terror. Utdanningsnivået er lågt, og analfabetismen skyhøg. Berre 2% har tilgang til reint vatn. Og me kan jo berre tenkja oss kva dette har å seia for dei sanitære tilhøva folk må leva under. 33% får aldri eta seg mette. Hungeren er kronisk. 

Gode Gud og Far! Me ber om 
  • at djevelens makt skal brytast over Sør-Sudan,
  • framgang for evangelieti i alle folkegrupper, 
  • at nye kyrkjelydar skal plantast over heile landet
  • djuptpløyande forkynning og undervisning i alle kyrkjer
  • oppgjer med gamle gudar, okkulte praksisar og syndige vanar
  • Andens kraft over alle Jesustruande 
  • Jesustruande, ukorrupte og kompetente samfunnsleiarar,
  • fred mellom dei stridande partane, 
  • skulegang for barn og unge
  • gode avlingar og effektive dyrkingsmetodar
  • eit fungerande næringsliv
  • fungerande samfunnsinstitusjonar
  • oppbygging av ny infrastruktur
  • reint vatn for alle, og gode sanitære tilhøve
  • eit fungerande rettssystem

søndag 22. mai 2016

Arrestert kristen sett fri i Sudan

Morning Star News melder at Telahoon Nagose Kassa som er leiar for ein kristen disippelskule driven av Khartoum Bahri Evangelical Church vart sett fri etter 5 månader i fengsel utan tiltale. Det er heller ikkje gjeve nokon grunn for frigjevinga. 
I Sudan bur det omlag 40 millionar menneske. 97% er muslimar. 1,5% er kristne og 1,5% dyrkar etniske religionar.
Gjennom mange år har kristne vore forfølgde i Sudan. Etter at Sør-Sudan erklærte sjølvstende for eit par år sidan, har problema for kristne i Sudan auka på.

Takk Gud for at Telahoon har fått fridomen attende.
Be også om fridom for Hassan Abdelrahim Tawor, som vart arrestert omtrent samstundes med Telahoon. 
Be om at kyrkja i Sudan, midt i trengslene, skal vera ei sigrande kyrkje. 

fredag 3. juli 2015

Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan

Pastorane Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan. Dei vart arresterte tidlegar i vår klaga for undergraving av grunnlova og for spionasje. Pastorane har vore gjennom fem rettshøyringar. Den siste 2.juli. Då bestemte dommaren at det var grunnlag for å gå vidare med saka, sjølv om forsavarsadvokaten deira meiner at det ikkje finst det minste fnugg av prov mot dei to kristne leiarane. Neste rettshøyring vert 14.juli. Dei to sit no innesperra i eit høgtryggleiksfengsel i Khartoum. Dette melder Morning Stars News.

Be om
  • vern for Yat Michael og Peter Yens liv.
  • at Guds kraft skal vera over dei og Guds fred i dei.
  • at alle løgner mot dei skal bli avslørte under rettsforhandlingane
  • styrke og underhadl for familiane deira
  • visdom til forsvarsadvokaten deira
  • stor nåde over Khartoum Bahri Evangelical Church
I Sudan er det 2,6 millionar kristne av ein befolkning på 35,7 mill. 1,9 mill av dei kristne er evangelikale.  Landet er strengt muslimsk, og forfølginga av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det som skjer med desse to pastorane må sjåast i lys av dette.

onsdag 20. mai 2015

To pastorar frå Sør-Sudan for retten i Sudan

Dei sørsudanske pastorane Yat Michael og Peter Yein  (bilete) vil bli stilt for retten i Khartoum, hovudstaden i Sudan,  den 31. mai. Dei er tiltalte for ha underminert den sudanesiske konstitusjonen og oppmuntra til krig mot staten. Vert dei kjent skuldige, kan det enda opp med dødsstraff.

Det var i desember i fjor at Yat Michael talte på ei gudsteneste i den presbyterianske kyrkja i byen då tryggingspoliti kom inn i kyrkja og arresterte han. Ein månad seinare skjedde det same med Peter Yein då han stilte opp på politistasjonen for å spørja etter Yat Michael.
david-yein-reith
Peter Yein, også kalla David Yein Reith
 Det er blitt fabrikert prov mot desse to mennene som gjer at situasjonen er overlag farleg for dei.
Det høyrer med til saka at staten har lege i konflikt med denne kyrkja om nokre landområder. Etter desse arrestasjonane er deler av kyrkjebygget rive ned at styresmaktene.
Me må be:

Kjære Herre Jesus ! Styrk desse to modige mennene med ditt nærvær og med di kraft medan dei sit i fengsel og ventar på rettssaka. Må sanninga koma tydeleg og klårt fram under rettsforhandlingane, og all løgn solid avslørt. Takk at du vil gje dei visdom og rette ord når dei talar, og må dei utstråla din glede og din fred. Ta deg også av familiane deira. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...