tirsdag 5. mai 2015

Cuba



Cuba er den største øya i Karibien. Det bur vel 11,2 mill menneske i landet. Folketalet er synkande.  Etter kommunismens fall på starten av 90-talet har økonomien kollapsa. Grunnen til dette er at handelen med gamle Sovjetunionen stoppa opp, og likeeins den direkte støtta Cuba fekk derifrå. For det andre har landet lidd under USA sin handelsboikott, landet har dei siste åra vore råka av mange øydeleggjande orkanar og til slutt må det også nemnast at det også er ein omfattande korrupsjon i landet. Men sjølv om fattigdomen er stor, er folket likevel lesekyndige, og helsevesenet held høg standard. Og no ser det ut til at USA kjem til å oppheva handelsboikotten, noko som vil betra økonomien i landet munaleg.
Viktigast eksportartikkel er sukker, men no er turismen begynt å bli ei stadige viktigare inntektskjelde.
Narkotikamisbruk og prostitusjon har eit enormt omfang. 
Regimet på Cuba er framleis kommunistisk. Eittpartisystemet forhindrar demokrati, og landet bryt systematisk alle sentrale menneskerettar. Det er kanskje så mange som 500 000 politiske og religiøse fangar i landet. Likevel klarar ikkje dei ateistiske styresmaktene å hindra at Guds rike går fram. Dei evangeliske kristne har ein årleg vekst på over 4%. Dei tel no over 981 000 menneske. Dei dobla seg faktisk frå 1995 til 2010. Dei truande er frimodige og kreative i si misjonering, og mange år med liding har mogna dei og gjort dei sterke i bøn og både kloke og ivrige i sin daglege omgang med andre.
Den største kyrkja er naturlegvis Den romersk katolske med sine 5,4 millonar medlemmer. Mange katolikkar er djupt involvert i spiritisme. Over 3 millionar praktiserer haitisk voodoo.
Hovudstaden er Havanna.

Himmelske Far! Må alle cubanarar bli overvunne og sette fri av krafta i evangeliet. Reins den katolske kyrkja for alle heidensk påverknad. Fri folk frå demoniske makter som dominerer i liva deira. Utrust di kyrkje til å kunna gje dei denne hjelpa. Styrk dei truande mektig med din Ande. Må ditt ord bli spreidd vidt utover og lett tilgjengeleg. Lat internett opna seg slik at cubanarane kan finna Bibelen og Jesus på nettet. Styrk landets økonomi. Stopp havet av abortar. Gje landet ei rettsindig leiing med demokratisk sinnelag, me ber om at kommunismen skal falla og folket få politisk fridom utan at dei truande blir sløve og profaniserte. Må lyset frå evangeliet strøyma over Cuba, og menneska bli grepne på djupet av Kristi kjærleik og forsoning. Må Ordet ditt få makt, mann og kvinne leva i kjærlege ekteskap og barna ha varme og stabile heimar å veksa opp i. Miskunna deg over Cuba. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...