mandag 25. mai 2015

Rohingyafolket utsette for fælslege overgrep.


Rohingyafolket er i dag utsett for tung forfølging, og det som ser ut til å bli eit folkemord. Dei er muslimar og budd i det som tidlegare var eit sjølvstendig kongerike, Arakan, i meir enn tusen år. På 1700-talet vart dei erobra av Burma (Myanmar). Men dei har alltid vore nekta burmesisk statsborgarskap, og no driv militærjuntane dei på flukt. Den einaste vegen dei kan flykta er til havs. Der blir dei ofte drivande i vekevis for vind og vær. Mange druknar. Andre døyr av dehydrering og utmatting. Mange stader blir dei avviste. Nokre kjem til Thailand og Malysia der det no altså syner seg at dei vert drepne av menneskesmuglarar og kasta i massegraver. 139 slike er dei siste dagane funne nord i Malaysia. Den største av massegravene kan innhalda levningar etter så mange som 300 menneske.

Kongen over kongane, Herren over herrane! Me ropar til deg for Rohingyafolket i Myanmar, og for alle av dei som er drivne på flukt frå heimlandet sitt: Forbarm deg over dei. Må verda ynkast over dette folket slik at dei kan få liv og rom. Må du gripa mektig inn i denne flyktningekatastrofen, vera til stades i rohingyane sine liv, ta vare på dei, verna dei, leida dei og føra dei til trygg hamn. Du er ein Gud som er kjent for å gje framtid og von. Gje framtid og von til Rohingyafolket, og må nokon av dine trufaste påta seg og gje dei evangeliet, du som lid med dei lidanede, og som gret med dei som gråtande, og som har lidd for oss alle. Må det fælslege som no skjer med dette folket motivera kristne over heile verda til å yta hjelp langt utover det me meiner me har råd til, slik at me kan demonstrera din godleik og sympati i praktisk handling. Og så ber me om at du skal stoppa og straffa dei som påfører dette folket død, liding, sorg og smerte.

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....