Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 7. mai 2015
Kypros, den kypriotiske republikk
Etter at Tyrkia invaderte den nordlege delen av øya i 1974, er ho delt i to. I sør bur det grekarar, og i nord tyrkarar. Det internasjonale samfunnet anerkjenner imidlertid ikkje den nordlege delen som autnom og ser på øya som èin udelt nasjon og på den nordlege delen som ulovleg okkupert. Likevel er ulikskapane så store at når me ber, gjer me det i to omgangar. Først for republikken i sør, og så for nordområda.
Folketal: Vel 800 000. Hovudstad: Nikosia (219000). Kristendomen er den største av religionane. Sekularismen veks snøggast. 91,8% av befolkninga er gresk kypriotar. Gresk er offisielt språk, men engelsk og tyrkisk er vidt i bruk. Den tyrkiske invasjonen sette landet tilbake økonomisk. Lever i dag i stor grad av turisme of shipping. Sjetteparten av verdas skip er registrerte på Kypros. Ressesjonen frå 2012 råka nasjonen tungt.
Det er ytterst få innfødde evangeliske kristne på øya, men mange evangeliske misjonsorganisasjonar har hovudsetet sitt der, og det er mange utanlandske arbeidarar i republikken.
Gode Far! Du ser dei utfordringane som Kypros står overfor. Folket treng Kristus, og den ortodokse kyrkja treng ei Jesusvekking, og det ber me om at dei må få. Fri dei frå all ritualisme og falsk religiøsitet.Du ser kor lett det er for oss menneske å stola på alt anna enn på Jesus. Må forkynninga av ditt gode ord stå i sentrum også for dei ortodokse slik at di sanning lyser mot dei og dei vender seg bort frå syndene sine, overgjev seg til deg og stolar på Jesus åleine når det gjeld frelsens store sak, som i alt anna her i livet. Så ber me om at du skal styrka dei evangeliske kyrkjene, at du skal gje dei truande eit frimodig vitnemål og opna dørar for dei inn til stadig nye menneske og miljø. Så ber me om ei forening mellom nord og sør, at muren gjennom Nikosia skal rivast ned og den tyrkiske okkupasjonen av nordområda ta slutt.Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar