mandag 4. mai 2015

Gerafolket i Nigeria

Gerafolket lever i Bauchi-staten nordaust i Nigeria. Dei tel i følgje www.joshuaproject.org  361000 menneske. Alle er muslimar, men trua deira er ei blanding av islam og tradisjonell etnisk religion. Lenge før dei vart muslimar, tilba og ofra dei til høgguden Kpa, og alle familiar hadde, og har,  heilage gjenstandar som representerte Kpa for dei.
Gerafolket lever etter måten morderne liv, dei legg vekt på utdanning og er å finna høgt oppe i regjeringsapparatet. Dugande folk.
Dei snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til gera, men folket snakkar også hausa godt, og heile Bibelen føreligg på dette språket. Det fortonar meg som om det likevel føreligg behov for bibelomsetting på gera. Det er registrert nokre få kristne frå dette folket, men dei er sårbare for avvik i trua.

Kjære Herre Jesus! Send arbeidsfolk ut til din haust i gerafolket i Nigeria. Må dei få høyra evangeliet forkynt med kraft, innleving og overtyding på sitt eige språk av truande menneske som elskar dei av hjarta, og som har evne til å finna nøklar inn til denne spesielle kulturen. Stadfest Ordet for dei med under og teikn og mektige gjerningar som du gjer mellom dei i ditt eige namn. Hjelp dei å forstå at du er den Gud (Kpa) dei har lengta etter i generasjonar, og at du vart menneskeson for at dei skulle bli Guds søner og døtre ved trua på deg. Fri dei frå avgudsdyrking, okkulte aktivitetar, djevelens undertrykking og frå nedverdigande synder. Transformer dei ved Den heilage ande til trufaste, glade og lydige disiplar av deg. Må mann og kvinne leva trufast saman i ekteskap, barna veksa opp i varme og trygge heimar og familiar få god skulegang og naudsynt utdanning.
Må det bli planta sterke gerakyrkjer i alle byar, landsbyar og områder der dei bur, forsamlingar fulle av Ande og kraft som kan bringa frelse og lækjedom til alle i dette folket. Forbarn deg over dei i ditt eige namn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...