Viser innlegg med etiketten Somalia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Somalia. Vis alle innlegg

fredag 22. desember 2017

Jemen

Jemen har ei rik kulturhistorisk fortid. Det var her det bibelske Saba, eller Sheba, låg, og me kjenner jo alle forteljinga frå 2. Kongebok om dronninga av Saba som vitja Salomo i Jerusalem.

Jemen har få naturressursar, og er det fattigaste landet i den arabiske verda. Store deler av den arbiedsføre befolkninga jobbar i andre land.

Jemen er i dag, med sine vel 28 millionar menneske, eit land prega av borgarkrig, og landet er utsett for ein saudiarabsik blokkade som fører til stor varemangel i landet.

Denne konflikten starta for alvor i 2011 under "den arabiske våren". Då kom misnøya med korrupsjon og arbeidsløyse opp i dagen og førte til at president SALIH måtte gå av til fordel for visepresiden HADI.

Befolkninga er svært ung, Gjennomsnittsalderen er ikkje meir enn 19 år. Difor vert lidinga som krigen påfører befolkninga ekstra stor. Millionvis av barn er råka av matmangel og hungersnaud, og mange, mange døyr av svolt i skrivande stund.

I 1990 vart Nord og Sør-Jemen samla til eitt rike. Sør-Jemen (tidlegare Aden) hadde frå 1967 vore styrt av eit marxistisk regime, eit ateistisk diktatur, medan Nord-Jemen var muslimsk og hadde ein flora av parti. Her låg alt til rette for djupe konfliktar. Nord-Jemen var det sterke part her, og slo brutalt ned eit opprør frå sør i 1994.

Marxismen er død idag. Men Al-Quaida, ISIS og den iranskstøtta hutumillitsen har funne fotfeste i landet, og gjort det til ein base for terrorhandlingane sine. I 2014 erobra hutumillitsen den vakre hovudstaden Sanaa. President HADI måtte flykta til Oman, og seinare til Saudi Arabia. Den tidlegare presidenten, SALIH, hadde då alliert seg med hutuane.

For ei veke si prøvde han forresten å forlata hutuane til fordel for gamle vener, men vart straks skoten og drepen av folk frå hutumillitsen.

I tillegg har Jemen vore tungt råka av krigen i Somalia og mange somaliarar har kome som flyktningar til Jemen.

Det høyrer også med til bilete at 80% av jemenittane dagleg rusar seg ved å tygga den narkotiske qat-planta. Store deler av jordbruksarealet går med til å dyrka dette svineriet.

66% av befolkninga er sunnimuslimar. 34% er shia. 0,08% er kristne.

Kristendomen var dominerande i dette området fram til dei kyrkja vart undertrykt og etter kvart utrydda  av islamske hærar på 6 og 700-talet.

Dei få kristne som finst i landet i dag er utlendingar.


  • Be om at kongen over kongane skal intervenera i landet, gje folket frelse og nasjonen fred. 
  • Be om at det skal etablerast ei levande etnisk jemenittisk kyrkje.
  • Be om at befolkninga skal slutta å dyrka qat og rusa seg på qat, og bruka jorda til dyrking av poteter, korn og grønsaker. Folket treng mat. 
  • Be om at dei vaksne skal begynna å ta ansvar for barna sine og gje dei opplæring og skulegang slik at dei kan læra seg å lesa og skriva. 
  • Be om måtar å få spreidd Bibelen på til den jemenittiske befolkninga, og at Guds bok skal bli omsett til socotri og mahri, språk som vert snakka på øya Socotri i Det indiske hav og langs grensa mot Oman. 








tirsdag 19. mai 2015

Etiopia


I Etiopia bur det 85 millionar menneske. Dei er fordelte på nokre store folkegrupper som tigray og amhara, som er semittiske,  oromo, somali og afar, some er kusittar. 51,5 millionar tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn, av desse er 16,7 evangelisk kristne. Resten er ortodokse. Det bur 33 millionar muslimar i landet. Spenninga mellom kristne og muslimar er aukande, og slår i enkelte områder ut med vald mot kristne. I Etiopia blir det snakka 88 ulike språk. 17 språk manglar bibeloversetting. Etiopia er ein av verdas eldste nasjonar med ein lang og ærerik kulturhistorie som strekker seg 3000 år attende i tid. Økonomien er basert på jordbruk, og kaffi er hovudeksportproduktet. Krig og hungersnaud har dei siste åra hindra utviklinga, og mange døyr av underernæring. Det har også sin grunn i at jorda sjeldan får kvila og er svært utarma etter mange års intens dyrking.
Kristne har vore gjennom harde forfølgingsperiodar, først under dei italienske fascistane før og under 2.verdskrigen, og seinare under kommunistpartiet som sat med makta frå 1974 til 1991. Men forfølginga har reinsa kyrkja meir enn å sveikka henne.
Dei siste åra har krig og konflikt med Eritrea og Somalia tært fælt på landet sine ressursar.
Kyrkja har hatt ein eksepsjonell vekst i Etiopia dei siste tiåra. Åndelege vekkjingar rullar over landet og hundretusenvis vender seg til Gud kvart år.  Profetien i Salme 68 om at Etiopia i hast skal strekka hendene sine ut mot Herren går i oppfylling rett framfor augo på oss.
Det er mange analfabetar i Etiopia. Berre 35% kan lesa og skriva.
Mange ting tyder på at landet er i ferd med å forvitra og bli delt opp etter grensene mellom dei store folkegruppene.

Be Gud om at landet skal bera grøde og at dei skal kunna hausta nok mat til befolkninga. I dag er dei heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Be om eit klokt og ukorrupt leiarskap, folk som tener folket meir enn si eiga lommebok. 

Be om fred og forsoning med nabofolka

Be om nasjonal einskap

Be om at vekkinga skal halda fram og tilta i styrke

Be om godt leiarskap i kyrkjelydane

Be om at evangeliet om Jesus skal gripa muslimane, slik at dei kan bli hausta inn i Guds rike, og at islam skal bli feidd av banen.

                                   




mandag 18. mai 2015

Tunnifolket i Somalia

Tunnifolket i Somalia tel 27100 sjeler. Dei bur i den sørlege delen av dette djupt ulukkelege landet. Alle er muslimar, og dei held beinhardt fast på rituala sine, men har ei grunn forståing av innhaldet i islam. Tunnifolket er bønder, og dei bur i landsbyar med sylinderforma hytter med kjegleforma tak av gras. Språk: Tunni. Ingen deler av Bibelen er omsett til tunni.

Gode Gud, far for alle menneske! Du er full av omsorg, omtanke for tunnifolket i Somalia, og di naud for dei går langt utover det me kan forstå. Gje oss ditt hjarte for dei fortapte og forkome slik at me pressar oss til det ytterste for å oppsøka dei og dela evangeliet om Jesus med dei.  Send dine tenarar også til tunnifolket for å gje dei del i ditt ord på deira eige språk. Må Den heilage ande bli aust ut over dei og under og teikn skje mellom dei i din tenar Herren Jesu Kristi namn. Å Gud, utrust oss på nytt for ditt oppdrag, fyll oss med Kristi kjærleik slik at me kryssar alle grenser og murar som verkar uoverstigelege for oss. Også dei som skil oss frå tunnifolket i Somalia. Amen! 

 Tunni in Somalia

onsdag 14. januar 2015

Afrika 2. Hot Spots



SÅ mykje godt skjer i Afrika.
Men det er også nokre alvorlege problem som me skal fokusera på idag. Dei kallar på våre bøner.

1) Be Gud om å stoppa etniske konfliktar som det er mange av i Afrika. Dei flammar opp med  visse  mellomrom. Då er raseriet demonisk og mange. mange døyr på ein brutal måte. 

2) Be Gud om å stoppa "Herrens motstandshær" i Uganda som spreier død i mange land. Dei brukar barnesoldatar, praktiserer lemlesting og driv med bortføring og slaveri.

3) Be Gud om å stoppa Boko Haram som terroriserer heile Nord-Nigeria. Eit menneskeliv er lite verd i deira augo.  Be om at dei som forar dei med våpen også skal avslørast.

4) Be om rettferdige leiarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, menn og kvinner som vil handla rettferdig og som besluttsamt og klokt jobbar for å stoppa og hindra krigar og konfliktar.

5) Be også for dei mange som har fått liva sine knuste i dei mange konfliktane at Gud bøyer seg ned til dei, løftar dei opp slik at dei kan byggja opp att det som no ligg i grus.

6) Be om at Somalia vert attreist som ein nasjon der det også er rom for Guds evangelium. I dag er landet eit uoversiktleg klansamfunn, og klanane ligg i krig med kvarandre for å kunna ta makta i landet. Det er ein knusande strategi. Hatet er djupt mellom folk, og i særleg grad til kristne som det kanskje berre finst nokre titals att av.

7) Be om at Gud ser i nåde til dei mange AIDS-sjuke. Det døyr 8000 menneske av denne forferdelege sjukdomen kvar dag.

8) Be om at folk lærer seg å ta avstand frå seksuell promiskuitet (som spreier AIDS-epedemien effektivt) og lærer seg å kun leva saman med ektefellen sin. Det vil raskt kunna stansa denne epedemien.

9) Be også om at det skal vera tilstrekkeleg hjelp å få for dei mange foreldrelause barna som har kome i forlenginga av AIDS-epedemien. 

torsdag 23. juli 2009

Kristen mann myrda i Somalia

Compass Direct melder at ein kristne undergrunnsleiaren frå Mahadday Weyne i Somalia, Mohammed Sheikh Abdiram vart skoten og drepen den 20. juli av al- Shabaab, ei militær gruppe tilknytt al-Qaida. Han etterlet seg to barn på 10 og 15 år. Mora deira døydde for tre år sidan av sjukdom.

Bøn: "Gode Gud! Me ber om trøyst, vern og underhald for desse to unge menneska som har mista far og mor. Lat det som djevelen tenkte til nederlag for dei, bli snudd til herleg siger. Så ber me enno ein gong om eit mektig under i Somalia, at nasjonen skal fødast på nytt og at di kyrkje skal reisa seg og syna veg. Amen!"

lørdag 18. juli 2009

Mushunguli i Somalia

Mushungulifolket bur i Sør-Somalia. Fordedrane deira var slavar i Nord Tanzania, men flykta frå herrane sine i 1840. Men pga slavefortida si, vert dei sett ned på av andre somaliarar. Dei er bønder, og utgjer ein eigen klan i det utpinte somaliske folket.
Dei tel omlag 50000 personar.

Det skal vera nokre få kristne mushunguliar.

Bøn: "Herre, me ber om at dei få kristne mushunguliane skal finna kvarnandre og etablera eit fellesskap der dei hjelper kvarandre trufast å følgja deg. Me ber om at du auser din godleik utover dette folket, skaper tru i dei, frir dei frå synd, skuld og skam, stadfester deira evige verdi og lækjer dei djupt skada sjelene deira. Sjå i nåde til Somalia og samla folka der under eit rettferdig og godt styre. Herre, miskunna deg! Amen!"

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...