68% av befolkninga er estlendarar, 25% russarar, 2,1% ukrainarar. Den russiske delen av befolkninga kjenner seg diskriminerte. Her er det eit stort konfliktpotenisale.
Estland har hatt ein stor økonomisk framgang etter at dei vart sjølvstendige i 1991, mest pga vestleg investeringsvilje og EU-medlemskap.
Det er full religionsfridom i landet.
Sjølv om kristendomen er den dominerande religionen, aukar sekularismen meir enn trua blant folk flest. Grådigheit fører til rikdom blant dei priveligerte og aukande fattigdom blant dei som ikkje klarar å hevda seg.
- Be om kloke og rettskafne leiarar i landet, gode rollemodellar som som løftar fram bibelske verdiar som grunnlag for lovverk og vanlege folks liv.
- Be om vekking og genuint åndeleg liv mellom dei evangeliske kristne.
- Be om at kyrkja i Estland vert attreist og revitalisert, at dei truande får ein ny brann i seg, at dei får ein ny visjon for evangelisering og misjon og at dei vert i stand til å avsløra og avvisa sekterisk kristendom som det er mykje av (t.d. mormonisme).
- Be om forsoning mellom russarar og estlendarar.
- Be om at nokre truande estlendarar vigslar liva sine til å gje evangeliet til den russiske delen av befolkninga.
- Be også om at mioritetar som tatarane, muslimane og jødane i Estland skal bli nådd med dei gode nyheitene om Jesus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar