Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 24. juli 2009
Chramefolket i Kina
Bøn: "Herre Jesus! Kall arbeidarar ut til din haust i Chramefolket. aus Anden ut over dei og før dei frå døden til livet, frå mørkers makt og til Gud. Du som elskar dei og gav deg sjølv for dei, syn deg for dei som ein levande Herre og frelsar som gjer under for oss menneske. Herre, miskunna deg over dei. Amen!"
Dagens bønn fra Harald Ersland
Herre, hjelp meg! Dette er jo ditt kall, din oppgave til meg. Du er død for meg for at jeg skulle kunne kalles en hellig. Så vil jeg da bekjenne og si: jeg tror at du, Herre Jesus Kristus, er min Herre er min Herre som har forløst, kjøpt og vunnet meg, fortapte og fordømte menneske, fra alle synder, fra døden og djevelens vold, ikke med gull eller sølv, men med ditt hellige blod og med din uskyldige lidelse og død. Det har du gjort for at eg skal være din egen og forbli hos deg og leve under deg i ditt rike og tjene deg villig og takknemlig, i hellighet og rettferdighet, nå og i evighet. Amen!"
Aremark
Aremark kommune ligg i Austfold på grensa mot Sverige mellom Halden og Ørje. Bygdesenteret er Fosby. Kommunen har 1435 innbyggjarar som som i stor grad driv med jord og skogbruk og tilknytta næringar (sagbruk, mølle, treimpregnering), men dei fleste aremarkingane jobbar i Halden. Det er også 600 hytter i kommunen, og Aremark kommune er med alle sjøane sine eit eldorado for friluftsliv.
Aremark var forresten heimkommunen til professor Ole Hallesby som med undervisninga si prega ein heil generasjon med prestar i dette landet, og som med boka si "Fra bønnens verden" stadig inspirerer nye generasjonar til å be. Det er forresten ein bauta av han utanfor Aremark kirke. Elles er det lite å finna om korleis det står til me kommunen åndeleg.
Bøn: "Herre, me takkar deg for alt det gode Aremark gjennom Ole Hallesby har fått tilført Noreg av sant åndeleg liv. Me ber om at du velsignar kommunen tilbake og let det springa fram ei vekkjingsåre der. Gje folk i kommunen interesse for Bibelen og sin eigen åndelege arv, og lat Jesus bli frelsar og Herre for alle aremarkingar. Lat det gå godt for denne kommunen, og vekk menneska der til bøn slik at Aremark kan vera eit kraftsenter i Noreg. Amen!"
torsdag 23. juli 2009
Kristen mann myrda i Somalia
Bøn: "Gode Gud! Me ber om trøyst, vern og underhald for desse to unge menneska som har mista far og mor. Lat det som djevelen tenkte til nederlag for dei, bli snudd til herleg siger. Så ber me enno ein gong om eit mektig under i Somalia, at nasjonen skal fødast på nytt og at di kyrkje skal reisa seg og syna veg. Amen!"
Ureguberbarar i Marokko
Ureguberbarane tel 65000 menneske. Dei snakkar tamazight (som er standardberberisk). Dette språket kan skrivast, men er lite brukt som skriftspråk. Dei nyttar eit eige alfabetet som kallast tifinagh. Ureguane bur i dei sentrale delane av Marokko, og me må vel gå ut frå at dei er bønder, handverkarar og kvegfolk som andre berberar.
Bøn: "Herre Jesus, du som leitar etter det som er fortapt for å frelsa det. Me ber om at du, gjennom di kyrkje, skal nå fram til ureguberberane med evangeliet. Openberra deg for dei gjennom draumar og syner og førebu dei vel på å høyra Ordet forkynt, og gje dei omvending til livet. Lat alle dei kristne radio og TV-sendingane som er retta mot berberane bli lytta til og sett på, også av ureguane. Herre, du som lever for alle, og som auser Anden din utover alt kjøt: Gje dei del i ditt rike. Styrk mektig den kristne berberminoriteten med din Ande i deira indre menneske, og etabler ei sterk, ekspansiv og sunn kristen berberkyrkje. Amen!"
Kjelder: Joshuaproject.com. Wikipedia.
onsdag 22. juli 2009
Andøy
Andøy kommune har tre kyrkjer: Andøy, Bjørnskinn, Dveberg. Elles har eg ikkje funne noko om kristenlivet i kommunen.
Bøn: "Herre! Lat alle truande i Andøy vera fylt av deg og ditt gode ord. Hjelp dei å leva i fornying, og reis dei opp til å bli åndsfylte vitner om di oppstode. Aus din Ande ut over alle i Andøy og berør dei med himmelsk kraft og nåde. Herre, høyr vår bøn! Amen!"
tirsdag 21. juli 2009
Dravaberberar i Marokko
Dei er sunnimuslimar, men held, som mange andre berberstammer, fast på den gamle trua om "baraka", heilagdom.
Det er lite litteratur på deira eige språk, berre eit fåtal religiøse tekstar, og det vil vera trong for bibelomsetjing til tachelhit.
Trass i strenge restriksjonar på kristen forkynning i Marokko, er det ei handfull kristne dravaberbarar.
Bøn: "Gode Gud! Lat ljoset frå himmelen fløyma over dravaberberane i Marokko. Gje dei del i ditt dyrebare ord, og send sjølvoppofrande kristne til dei som kan læra språket deira, gje dei Guds ord, lækja sjukdomane deira og fri dei frå djevelens makt. Samla, styrk og utrust dei kristne dravaberbarne og lat dei få vera ljos og salt mellom sine eigne. Me ber om at det skal opna seg dørar inn til dette folket, slik at dei kan få del i evangeliet og den arven du har laga ferdig for dei i Jesus Kristus. Amen!"
mandag 20. juli 2009
Kristne i Bagdad og Mosul
- Be også om at Gud styrkjer dei kristne i landet til å gjera hans vilje utan otte.
- og om at Gud trøyster dei overlevande og familiande til offera.
Zekaraberberar i Marokko
Zakarane er helst fattige kvegfolk, og det er kvinnene som har ansvar for dyra. Mennene er handverkarar, dei formar tre og metall og dei syr og broderar. Alle berberar er organisert i småsamfunn, distrikt og klan. Dei lever spreidt, og det vil vera vanskeleg å nå dei som ein einskap, og det skal mykje bøn til for at evangeliet skal trenga gjennom hos dei.
Bøn: "Herre Jesus, du har sagt at kunnskapen om Guds herlegdom ein dag skal dekka jorda som havet dekkar havbotnen. Lat denne kunnskapen bli sekaraberberane til del. Kom til dei med din godleik og skap tru og liv i hjarto deira. Send dine haustarbeidarar til dei for å samla dei under ordet ditt og i din familie. Gje dei erfaring av Den Heilage Andens kraft slik at dei kan erfara sann "baraka" frå himmelen, og forstå at deira opphav er edlare enn det dei før hadde aning om. Lat den nye fødsel koma til dette folket, og fyll dei med ein brennande og grensesprengande kjærleik til Jesus som deira forløysar. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.com
"Må Herren koma deg nær når du ber og gje deg den trua som verkar under."
Andebu
Andebu er ein jord og skogbrukskommune i Vestfold, og med sine 5200 innbyggjarar er han ein kommune i vekst. Kommunen er delt inn i 3 sokn, Andebu, Høyjord og Kodal, kvar med si eige stavkyrkje frå Middelalderen, noko som syner att i kommunevåpenet. Kommuneleiinga er stolte over dette, og har gjeve "kyrkja" skikkeleg plass på nettsida si. La merke til at Kodal kyrkjelyd har misjonsengasjement i Thailand. Elles er det lite å finna om kristenliv i kommunen.
Bøn: "Gode Gud! Me ber om liv frå deg over Andebu. Gje tru til dei vantru, lækjedom til dei sjuke, styrke til dei svake og rettleiing til dei villfarande. Gjer dine barn i Andebu sterke ved nåden i Kristus Jesus, og form og utrust dei til å bli kyndige og sanne vitne om Jesu oppstode. Styrk kyrkjelydane i kommunen og lat dei få oppleva nytt engasjement og stor tilstrøyming til gudstenester og forkynninga av Ordet. Amen!"
søndag 19. juli 2009
Dagens bønn fra Harald Ersland
"Jeg takker deg, Herre Jesus, for vert glimt av din herlighet som jeg har fått se, og for alle de lykkelige stundene jeg har fått oppleve i din nærhet, omstrålet av ditt lys. Du vet at jeg gjerne hadde villet bli der, og bygget min bolig der. Men fordi det ikke er din vilje, takker jeg deg for at du også har ført meg igjen i heten og støvet og uroen og kampen blant menneskene. Du har jo gått med meg hele veien, og jeg vet at din herlighet har vert der og omsluttet oss, selv om vi bare så gråvær og slitsom arbeid og dårlige resultater. Jeg takker deg for den nåden det er å få løfte sine øyne opp og se deg alene og vite at der du er, der er også all Guds herlighet. Amen."
Ha en god dag med Herren
Bimafolket i Indonesia
4 bimalandsbyar er "kristne" etter ein vellukka outreach i 1930-åra, men desse lever i dag isolert frå frendane sine, er svært fattige og manglar grunnleggande kristen kunnskap.
Bøn: "Gode Gud og far, du som gav Sonen din til soning for alle verdas synder: Lat ljoset frå evangeliet strøyma uhindra over Bimafolket slik at hjarto deira vert vendt mot Jesus, og dei kan få del i det evige livet som kjem frå han. Send dine vitne og profetar for å dela Guds ord med dette folket, og lat ordet bli dei til frelse. Herre, miskunna deg over dei og oss alle. Amen!"
Alvdal
Bøn: "Herre! Velsign dei kristne i Alvdal med optimisme og pågangsmot, og hjelp dei å leva sterkt med deg. Me ber om at du skal gjesta denne bygda og kalla folk der til omvending og tru. Vekk dei ut av åndeleg likesæle, og riv ned alt i dei som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Send dine åndsborne vitne til denne kommunen, og lat livet springa fram som i ein oase i øydemarka. Lat Andens kraft renna som ei elv gjennom desse bygdene ved breidda av Glomma. Amen!"
lørdag 18. juli 2009
Alta
I Alta driv dei ut skifer som er kjent for sin høge kvalitet. Den blir eksportert til mange land. Elles er Alta eit skulesenter og kommunikasjonsknutepunkt i Finnmark.
Alta har ein lang historie, noko som det store hellristingsfeltet i kommunen vitnar om.
Det er mange kristne i kommunen, og forutan Den norske kyrkja, er i alle fall Frikirken og pinsevenene representerte der med forsamlingar. Sikkert også indremisjonen.
Me ber:
"Gode Gud, lat nåde og kraft vera over dine barn og di kyrkje i Alta. Gje einskap i bøn mellom dei truande. Fyll dine barn med frimot slik at dei utan skam og med kløkt deler evangeliet med folket slik at dei kan koma til tru på deg som elskar dei og gav deg sjølv for dei. Gjer Alta til ein bastion for ditt rikes framgang i Finnmark. Amen!"
Mushunguli i Somalia
Dei tel omlag 50000 personar.
Det skal vera nokre få kristne mushunguliar.
Bøn: "Herre, me ber om at dei få kristne mushunguliane skal finna kvarnandre og etablera eit fellesskap der dei hjelper kvarandre trufast å følgja deg. Me ber om at du auser din godleik utover dette folket, skaper tru i dei, frir dei frå synd, skuld og skam, stadfester deira evige verdi og lækjer dei djupt skada sjelene deira. Sjå i nåde til Somalia og samla folka der under eit rettferdig og godt styre. Herre, miskunna deg! Amen!"
fredag 17. juli 2009
Botsbønn av Harald Ersland
"Herre, du vet at det finnes en hedning i meg, som helst vil slippe å ha noe med deg å gjøre. Likevel har du latt meg komme til deg, og vist meg hvor mye du holder av meg. Du har ofret deg selv. Nå vil jeg gjerne ofre hedningen i meg. Han har brakt deg på korset, nå er det han som skal korsfestes. Nå vil jeg kle av meg det gamle mennesket, de skitne klærne jeg skammer meg over. Jeg takker deg for at jeg får kle meg i de nye klærne, som du har gitt meg, de som er laget av din rettferdighet. Hjelp meg å bære dem slik det sømmer seg for dem som får vær i ditt følge. Amen!"
Alstahaug kommune
Kommunesentret er Sandnessjøen.
Kommunen har ein uvanleg rik historie. I vikingtid var Alstahaug eit kongssenter, og den mest kjende av stormennene var Hårek frå Tjøtta som me kan lesa mangt om i Snorre.
Kommunen har eit variert næringsliv med verkstadindustri, skipsbygging, oljeforsyningsbase, havbruk, jordbruk, handel m.m.
Kommunen har 5 kyrkjer.
På kommunen si heimeside er alt som minnar om kyrkje og kristenliv fråverande.
Me ber om
1) Guds nærvær over kommunen
2) at dei kristne i Alstahaug blit ein gjeng tent i brann for Jesus, og at dei slik sett tek opp den rike arven etter Petter Dass
3) at dei vert uredde, synlege og tydelege
4) at dei vert gode eksponentar for kreftene i Guds rike
5) at folket i kommunen skal venda hjarto sine mot Gud
6) at kommunen vert velsigna med godt leiarskap, og med eit sunt og levedykitg næringsliv
Jinofolket i Kina
Bøn: "Herre Jesus, du som leitar etter det som er fortapt for å frelsa det, lat ordet ditt slå djupe røter i jinofolket. Legg din Ande til ditt ord slik at du vert herleggjord for dei, og dei kan verta overtydde om synd, rett og dom. Styrk dei kristne mellom dei, og lat under og teikn skje når dei tener deg mellom frendane sine. Me ber om at ditt namn skal helgast, ditt rike skal koma og din vilje skal skje hos jinofolket slik som i himmelen. Gjer dei til eit kristent folk som kan bringa evangeliet vidare til andre folkeslag. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.com og Paul Hattaway: Operation China
torsdag 16. juli 2009
Bøn for norske kommunar. I dag: AGDENES
På norge.no er det ei liste over alle kommunar i Noreg, og øvst tronar Agdenes i Sør-Trøndelag. Kommunen har kun 1800 innbyggjarar, og utviklar seg etterkvart til ein ferie og fritidskommune med 800 hytter. Dei dyrkar forresten mykje jordbær i kommunen, og kommunevåpnet tilseier jo det. Eg gjekk inn på nettet for å finna ut litt meir om denne kommunen, og til mi store forundring og glede fann eg snart ut at ein god stordabu er prest der oppe: Lars Birger Ådland, som eg hugsar godt frå mi eige ungdomstid. Elles veit eg ikkje så mykje om kommunen og kristenlivet der, men eg sender eit sprøsmål til dei der oppe om dei kan senda meg noko info. Inntil vidare kan me be om at
1) at kristne i Agdenes skal vera ved godt mot, leva nært Gud og vera funksjonsdyktige vitne i kvardagen
2) at kommunen skal vera velsigna med godt leiarskap
3) at Guds rike skal koma til dei og at nye menneske kjem til tru og blir innlemma i den kristne fellesskapen
Gujjarafolket i Pakistan
Bøn: "Herlegdomens Gud! Kven kan samanliknast med deg? Du er trufast og god, og du forløyser det som er tapt og reparerer det som er knust. Du er verdig all vår lovsong og tilbeding. Far, eg takkar deg for Den Heilage Ande som du sende for å leida oss til heile sanninga. Eg løftar gujjarafolket til deg og ber spesielt om at du skal ta deg av alle fedrane i folket. Heilag Ande, eg ber om at du skal velgja deg ut ein av dei og openberra Jesus for han. Lat ditt nærvær skugga over han, berør han med din kjærleik slik at han søkjer Fars hjarta og banar ein veg for resten av folket til Gud. Amen!"
Joshuaproject.com
"Må Herren styrka deg når du ber og læra deg å be med innsikt!"
onsdag 15. juli 2009
Bambarafoket i Mali
Bøn: "Herre Jesus Kristus! Du som er den gode hyrde som leitar opp alle som er komne bort frå deg og di frelse, rør ved hjarto til bambarafolket når dei høyrer evangeliet om deg, slik at dei skjønar at det dei høyrer er sanning og at dei må tru på deg for å få evig liv. Gje alle dine utsendingar til bambarafolket visdom og autorietet i Den Heilage Ande slik at dei kan bryta gjennom alt som hindrar evangeliet frå å koma til for å lækja dette folket. Lat det skje under og teikn mellom dei som stadfester ditt ord for dei. Hjelp dei å be til deg når det oppstår vanskar, og vis deg som ein mektig Gud midt i mellom dei. Motiver folket til å læra seg å lesa, grunnfest dei kristne bambarane i Ordet og i den kristne fellesskapen, og reis opp ei kraftfull bambarakyrkje i folket som kan bringa frelse og lækjedom til sine eigne. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.com
"Må Herren vera nær deg når du ber slik at du kan høyra hans røyst og be med tru etter hans vilje!"
tirsdag 14. juli 2009
Kristne i Irak
DagenMagazinet melder om seks bombeåtak mot kristne kyrkje i Bagdad i helga. 4 kristne er drepne, 32 skadde. Kristne menneske rømer landet i stor skala for tida. Så mange som 800 000 av dei 1 millionar kristne som budde i Irak før krigen som starta i 2003 har rømt landet (mange er å finna i kummarlege flyktningeleirar i Syria). I Kristkyrkja har me saman med oss restane av ein slik familie: far, mor og ein son. Seks andre barn er spreidde rundt i ulike land. Dei står på bar bakke.
Be om at Gud sender englane sine til hjelp og vern for dei kristne i Irak, og at livet må ordna seg for dei som har måtta flykta, og om du vil: spesielt for den irakske familien i Kristkyrkja som søkjer om opphald i Noreg.
Bohrafolket i India
Bøn: "Herre Jesus, du som elska bohrafolket til døden, og som bar deira synder med deg opp på krossen for å framstilla dei heilage, reine og lytelause for Gud, kom nær til dette folket med din Ande, lat ordet ditt lyda for dei og lat ljoset ditt stråla over dei slik at dei kan koma til tru og bli Guds barn av nåde. Lat alle dei ressursane dette folket rår over bli tatt i bruk i teneste for ditt rike. Lat Bohrafolket bli eit folk som ber deg med seg ut til andre menneske. Herre, miskunna deg over dei. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.com
"Må Herren vera nær deg når du ber, tala til deg og styrka deg i trua på hans makt!"
mandag 13. juli 2009
7 kristne halshogd i Somalia. Be om vern.
Aserbadjanarar i Nord-Aserbadjan
I det nordlege Aserbadjan lever det over 7 millionar menneske. Av desse er 0,02% kristne. Pga fiendskapen med Armenia har det vore svært vanskeleg å nå dei med evangeliet. Kristendomen er fienden som drep og fordriv.
Aserbadjan er eit grøderikt land med temperert og subtropisk klima, og dei rår over store olje og gassressursar. Men folk flest er likevel fattige pga omfattande korrupsjon.
Bøn: "Herre Jesus Kristus, du døydde for alle, for at dei som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og sto opp for oss. Me ber om at folket i Aserbadjan skal få sin rett og bli innlemma i ditt rike. Hjelp armenarane i god kristen ånd å søka forsoning med aserbadjanarane og be om tilgjeving for historiske overgrep. Mjuk opp hjarto deira slik at dei vert mottakelege for din kjærleik. Fri dei frå falsk religion og falsk stolthet. Gje dei ærlege leiarar som jobbar til gode for folket og ikkje for seg sjølv. Styrk dei få kristne som er i landet, fyll dei med Anden og lat dei få vera sanne ljos for landsmennene sine. Amen!"
lørdag 11. juli 2009
Bedia i India
Bøn: "Gode Jesus! Ta deg av alle kristne i bediafolket. Gje dei pastorar og lærar som kan hjelpa dei å veksa som kristne og gjer dei til trufaste og kraftfulle læresveinar. Gjer dei sterke i nåden, sanne i trua og fylte av Anden slik at dei frimodig og ivrig vitnar om deg og di forsoning. Gjer bediafolket kjenslevare og mottakelege for evangeliet, og før dei inn i ei djup vekkjing der dei fornektar avgudane og sannarat det er du, Jesus, åleine som er Herre. Me ber også om at lesekunsten skal bli populær mellom bediane slik at dei kan læra seg å lesa Bibelen, og slik at dei sender borna sine på skule og slik legg grunnen for betra levekår.
"Tida er komen til å samla alle folk og tungemål, dei skal koma og sjå min herlegdom" Jesaja 66:18
Kjelde: Joshuaproject.net
Må Herren styrka deg når du ber, gje deg openberringar og fylla deg med tru, kunnskap og visdom.
Nye kristne i Laos fråteke livsgrunnlag
I mai månad kom 53 menneske til tru på Jesus i landsbyen Katin i Ta Oih distriktet i Saravanprovinsen i Laos. Compass Direct melder no at landsbyleiinga den 5.juli slo seg saman med resten av innbyggjarane for å konfiskera (stela), slakta og eta livdyra til desse menneska. Dette skulle vera ei åtvaring til dei slik at dei sa frå seg den nye trua.
Be om Herrens vern over dei, at dei må stå fast i tru, von og kjærleik, at Gud må ta vare både på kropp, sjel og ånd. Be også om at Gud må røra ved samvitet til alle i Katin, og at hans ord må sigra i liva deira. 65% i Laos er buddhistar. 1,3% er kristne. Resten er animistar.
fredag 10. juli 2009
Majhifolket i Nepal
Bøn: "Herre Jesus Kristus, du som er vegen til Faderen for alle menneske, send dine pionerar til Majhifolket slik at dei også kan bli kjent med deg og oppleva frelse, fridom og von. Fyll dei med din kjærleik slik at dei kan lysa for deg i dette åndeleg mørke landet, og gje dei leiarar som kan hjelpa dei til å møte utfordringane frå det moderne samfunnet på ein adekvat måte. Amen!"
torsdag 9. juli 2009
Unådd folkeslag: Baori i India
Bøn: "Gode Gud! Du som forbarmar deg over den fattige og trengande og som forkynner fridom for fangar og ein god bodskap for fattige, kom til Baorifolket i India med din nåde i Jesus Kristus. I han har du forsont dei med deg sjølv gjennom hans blod, så dei skulle vera dine barn og ha arv saman med alle dei heilage. Fri dei frå djevelens makt og lenker. Aus din Ande over dei etter ditt ord og løft dei ut av sjølvforakt og gjer dei til stolte barn av deg som går til deg for å få stilt alle sine behov. Lat dei få erfara din godleik og makt i liva sine, og gjer dine mektige under mellom dei. Send dine vitner til dei, og etabler di kyrkje i Baorifolket som er full av himmelens krefter. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.net
Muslimar til åtak på kristne i Pakistan
|
Neste dag gjekk det ut ei oppfordring over høgtalaranlegget frå ein moske om å gå til åtak på kristne, og meir enn 500 muslimar gjekk hen og skada over 100 kristne heimar, brente køyrety og banka opp truande. Dei kutta også elektrisitet og vassforsyninga til dei kristne områda. Fleire titals menneske vart skada, inkludert kvinner og barn som vart spraya med syre. 11 kristne er melde for blasfemi.
I Pakistan er det slik at einkvar muslim kan klaga kven som helst for blasfemi mot Muhammed eller Koranen, og straffa for dette er døden i følgje § 595 i straffelova for den som vert funnen skuldig. Og det er fritt for einkvar muslim å melda ein kristen for blasfemi, og omtrent alle klagemål syner seg å ha heilt andre motiv i botnen, slik som her. Ein liten bagatellmessig konflikt kan vera meir enn nok til å utløysa eit ras av aggresjon.
Dei 3 millionar kristne i Pakistan er også utsette for grov apartheid, og dei er diskriminerte på alle nivå i samfunnslivet, både når det gjeld juridiske rettar og høve til utdanning og arbeid. Dessutan er det i val forbode for muslimar og røysta på kristne, og dugande kristne politikarar vil såleis aldri ha den minste sjanse til å koma til makta. Det er rart at slik undertrykking kan pågå utan at norske og vestlege styresmakter reagerer. Men me får be:
”Herre Jesus! Me ropar til deg for dei kristne i Bahmaniwala. Ver nær hos dei i den trengsla som er komen over dei. Vern dei mot fiendane deira. Tukt og straff dei som vil venene dine vondt. Hald motet og trua oppe hos dine, reins hjarta deira, fyll dei med Kristi kjærleik, læk såra deira og gje dei alt dei treng for attreising av hus og eigedom. Kom med ditt kraftfulle nærvær til denne landsbyen og send ei vekkjing som skakar heile området. Herre, miskunna deg! Me takkar deg Herre for at du som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda. Gje dei kristne i Pakistan ein sterk bevissthet om kven dei er i deg, og styrk sjølvbilete deira i møte med forakt og diskriminering. Imprigner dei med din kjærleik og med dine sanningar slik at alt det vonde prellar av dei som vatn på gåsa. Amen.”
onsdag 8. juli 2009
"Evige ljos!" ei bøn av Alcuin av York (804 e. Kr.)
Evige ljos, skin i hjarto våre.
Evige godleik, fri oss frå vondskap.
Evige kraft, ver vår støtte.
Evige visdom, sprei det mørkret som kjem av vankunne.
Evige medkjensle, miskunna deg over oss
slik at me med heile vårt hjarta, sinn og kraft søkjer ditt åsyn,
og ved di evige miskunn blir boren inn i ditt heilage nærvær,
gjennom Jesus Kristus, vår Herre.
Amen!
Darigangafolket i Mongolia
Darigangane lever som nomadar og alar opp hestar, storfe og sauer. Som andre mongolske stammer elskar dei musikk, folkedans, sjakk og idrettsleik av ymse slag, ridning, bogeskyting og bryting. Akkurat i desse dagar pågår denårvise Naadamfestivalen der dei ulike mongolske stammene møtest til slik fredeleg kappestrid.
Mange darigangar ligg under for alkoholisme, og valdtekter, drap og vald er vanleg mellom dei.
Bøn: "Gode Gud og Far! Me ber om at du ved evangeliet og Den Heilage Andens kraft skal setja darigangfolket fri frå vantru, falsk religion, rus og vald. Overaus dei med Kristi kjærleik slik at dei med glede vender om frå syndene sine og med iver grip det evige livet. Styrk dei kristne darigangane til å vera truverdige vitne om deg mellom sine eigne. Reis opp ei vital og kraftfull darigangkyrkje i Mongolia som kan vera eit sant himmelljos for andre stammer i dette landet. Amen!"
kjelde: Joshuaproject.net
tirsdag 7. juli 2009
Uigurane i nordvest-Kina
http://www.frie-ytringer.com/2009/07/02/hvem-er-uigurene/
Bøn: "Herre Jesus! Me ber om frelse og fred for uigurane. Kom med ditt ljos til denne folkegruppa og mett hjarto deira med din djupe kjærleik for dei. Ver du ei sikker borg for dei i trengsle, og lat dei få den politiske fridomen dei fortener. Amen!"
Honduras
"Herre, sjå i nåde til Honduras, og før folket og nasjonen trygt gjennom den krisetida dei er inne i. Lat det som no skjer føra til fornying av di kyrkje i Honduras og til frelse for folket. Gode Gud, velsign dette landet med ditt nærvær og vern, i Jesu namn. Amen!"
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...