torsdag 16. juli 2009

Bøn for norske kommunar. I dag: AGDENES

Kom på ein ny idè i dag. Me ber systematisk for verdas unådde folkeslag. Men det kan jo faktisk vera trong for å be systematisk også for vårt eige land, og då kom eg på at det kan vera bra å be for ein kommune kvar dag. Lurt? Har du lyst å vera med? Me vil jo gjerne at alle nordmenn skal bli kjent med Jesus, og då må me be for dei så godt som me kan.

På norge.no er det ei liste over alle kommunar i Noreg, og øvst tronar Agdenes i Sør-Trøndelag. Kommunen har kun 1800 innbyggjarar, og utviklar seg etterkvart til ein ferie og fritidskommune med 800 hytter. Dei dyrkar forresten mykje jordbær i kommunen, og kommunevåpnet tilseier jo det. Eg gjekk inn på nettet for å finna ut litt meir om denne kommunen, og til mi store forundring og glede fann eg snart ut at ein god stordabu er prest der oppe: Lars Birger Ådland, som eg hugsar godt frå mi eige ungdomstid. Elles veit eg ikkje så mykje om kommunen og kristenlivet der, men eg sender eit sprøsmål til dei der oppe om dei kan senda meg noko info. Inntil vidare kan me be om at

1) at kristne i Agdenes skal vera ved godt mot, leva nært Gud og vera funksjonsdyktige vitne i kvardagen
2) at kommunen skal vera velsigna med godt leiarskap
3) at Guds rike skal koma til dei og at nye menneske kjem til tru og blir innlemma i den kristne fellesskapen
Flyfoto over Lensvika, heimplassen til den for nokre av oss så kjende langerennsløparen Harald Grønningen som vann to gullmedaljar i vinter OL i Grenoble i 1968.


Ingen kommentarer:

Evangelist drepen i Uganda medan han forkynte Guds ord

Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...