onsdag 15. juli 2009

Bambarafoket i Mali

Bambarafolket lever ved Nigerelva i den sørvestlege av Mali. Dei tel 3,6 millionar menneske. Dei er i hovudsak muslimar, men driv i tillegg mykje med fedredyrking. Dette har samband med den sterke posisjonen storfamilien har. Ofte kan det vera opp til 60 personar i eìn husstand, og samhaldet er sterkt. Fertiliteten er høg, gjennomsnittleg får kvar kvinne 8 barn. Bambarane er bønder og dyrkar hirse og jordnøtter og står dessutan for ein stor honningproduksjon. I tillegg driv dei med husdyrhald og jakt. Dei siste åra har dei ofte vore råka av øydeleggjande tørke. Språket dei snakkar kallast bamanakan, og er eit bantuspråk (som swahili). Fleire misjonsselskap jobbar for å nå dette stolte folket med evangeliet, og i dag er mellom 1 og 2 % evangelisk kristne. Analfabetismen er svært stor. Evangelisering føregår i stor grad ved hjelp av Jesusfilmen.

Bøn: "Herre Jesus Kristus! Du som er den gode hyrde som leitar opp alle som er komne bort frå deg og di frelse, rør ved hjarto til bambarafolket når dei høyrer evangeliet om deg, slik at dei skjønar at det dei høyrer er sanning og at dei må tru på deg for å få evig liv. Gje alle dine utsendingar til bambarafolket visdom og autorietet i Den Heilage Ande slik at dei kan bryta gjennom alt som hindrar evangeliet frå å koma til for å lækja dette folket. Lat det skje under og teikn mellom dei som stadfester ditt ord for dei. Hjelp dei å be til deg når det oppstår vanskar, og vis deg som ein mektig Gud midt i mellom dei. Motiver folket til å læra seg å lesa, grunnfest dei kristne bambarane i Ordet og i den kristne fellesskapen, og reis opp ei kraftfull bambarakyrkje i folket som kan bringa frelse og lækjedom til sine eigne. Amen!"

Kjelde: Joshuaproject.com

"Må Herren vera nær deg når du ber slik at du kan høyra hans røyst og be med tru etter hans vilje!"

Ingen kommentarer:

Forfølging i India: Deportasjon av kristne

 Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måt...