Etter militærkuppet (og det kraftige jordskjelvet) i sist veke, har dei kristne i Honduras vore i kontinuerleg bøn om at Gud skal leida nasjonen velberga gjennom krisa, og det som no skjer ser dei på som ein reidskap for Gud til å vekka kyrkja og nasjonen til fornya overgjeving til han. Lat oss be saman med dei.
"Herre, sjå i nåde til Honduras, og før folket og nasjonen trygt gjennom den krisetida dei er inne i. Lat det som no skjer føra til fornying av di kyrkje i Honduras og til frelse for folket. Gode Gud, velsign dette landet med ditt nærvær og vern, i Jesu namn. Amen!"
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 7. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terror i Krakow i Polen
Ein 24 år gamal mann skaut og drap i går 3 familiemedlemmer og 6 andre tilfeldige personar i den polske turistbyen Krakow, ein vakker by s...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Kong Harald 1937-2026 Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast,...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar