onsdag 22. juli 2009

Andøy

Andøy kommune har eit areal på 659,3 kvadratkilometer, fordelt på øyane Hinnøy og Andøy. Kommunen har nesten 5.050 innbyggjarar, folkealet er synkande. Halvparten bur i kommunesentret Andenes. Andøy strekkjer seg mot 70. breddegrad, og ligg med det lenger nord enn både Kautokeino i Finnmark og Murmansk på Kola. Andøya har ein særeigen geologi med den einaste steinkolførekomsten på fastlands-Noreg. Midt på øya er Nord-Europas største myrområde (over 230 km2). Der vert det plukka mykje molter og elles vunne ut veksttorv. Kommunen har rakettoppskytingsbase og flyplass for luftforsvaret. Elles vert det satsa mykje på turisme der kvalsafari er den store attraksjonen.
Andøy kommune har tre kyrkjer: Andøy, Bjørnskinn, Dveberg. Elles har eg ikkje funne noko om kristenlivet i kommunen.

Bøn: "Herre! Lat alle truande i Andøy vera fylt av deg og ditt gode ord. Hjelp dei å leva i fornying, og reis dei opp til å bli åndsfylte vitner om di oppstode. Aus din Ande ut over alle i Andøy og berør dei med himmelsk kraft og nåde. Herre, høyr vår bøn! Amen!"

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...