Berberane vert rekna for å vera urfolket i Nord-Afrika, og kallar seg sjølv for Imazighen som tyder "menneske av edelt opphav". Dei tel 10 millionar menneske, men zakarane i Marokko berre 65000. Dei er nominelle muslimar, men legg mest vekt på si eiga gamle tru på "det heilage" (baraka). Dei trur at menneske kan bli fylt av "det heilage", og dei som det blir, kan formidla guddommeleg og lækjande kraft til sine medmenneske, nokre også etter sin død.
Zakarane er helst fattige kvegfolk, og det er kvinnene som har ansvar for dyra. Mennene er handverkarar, dei formar tre og metall og dei syr og broderar. Alle berberar er organisert i småsamfunn, distrikt og klan. Dei lever spreidt, og det vil vera vanskeleg å nå dei som ein einskap, og det skal mykje bøn til for at evangeliet skal trenga gjennom hos dei.
Bøn: "Herre Jesus, du har sagt at kunnskapen om Guds herlegdom ein dag skal dekka jorda som havet dekkar havbotnen. Lat denne kunnskapen bli sekaraberberane til del. Kom til dei med din godleik og skap tru og liv i hjarto deira. Send dine haustarbeidarar til dei for å samla dei under ordet ditt og i din familie. Gje dei erfaring av Den Heilage Andens kraft slik at dei kan erfara sann "baraka" frå himmelen, og forstå at deira opphav er edlare enn det dei før hadde aning om. Lat den nye fødsel koma til dette folket, og fyll dei med ein brennande og grensesprengande kjærleik til Jesus som deira forløysar. Amen!"
Kjelde: Joshuaproject.com
"Må Herren koma deg nær når du ber og gje deg den trua som verkar under."
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar