tirsdag 21. juli 2009

Dravaberberar i Marokko

Det er 435000 dravaberberar i Marokko. Dei bur i den sørlege delen av landet, er bønder og snakkar sitt eige språk (tachelhit). Dravaberberane er dessutan lommekjende i Sahara, og vert brukt som losar av folk som av ein eller annan grunn treng å koma seg gjennom den ugjestmilde øydemarka.

Dei er sunnimuslimar, men held, som mange andre berberstammer, fast på den gamle trua om "baraka", heilagdom.

Det er lite litteratur på deira eige språk, berre eit fåtal religiøse tekstar, og det vil vera trong for bibelomsetjing til tachelhit.

Trass i strenge restriksjonar på kristen forkynning i Marokko, er det ei handfull kristne dravaberbarar.

Bøn: "Gode Gud! Lat ljoset frå himmelen fløyma over dravaberberane i Marokko. Gje dei del i ditt dyrebare ord, og send sjølvoppofrande kristne til dei som kan læra språket deira, gje dei Guds ord, lækja sjukdomane deira og fri dei frå djevelens makt. Samla, styrk og utrust dei kristne dravaberbarne og lat dei få vera ljos og salt mellom sine eigne. Me ber om at det skal opna seg dørar inn til dette folket, slik at dei kan få del i evangeliet og den arven du har laga ferdig for dei i Jesus Kristus. Amen!"

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...