søndag 28. juni 2015

Dunganfolket i Kirgizistan

Det er 63000 dunganar i Kirgizistan, og nesten like mange utanfor landet, og særleg i nabolandet Kasakstan. Dungan er opprinneleg kinesarar. Dei er framifrå dyktige grønsakdyrkarar, og er elles kjende for å venlege og gjestmilde. Dunganfolket er muslimar. Deler av Bibelen er omsett til dunganespråket. Nokre ytters få er kristne.

Kjære Herre Jesus! Me ber om at du skal bli kjent, trudd, æra og elska mellom dunganane. Må riket ditt og koma, viljen din skje i dette folket. Avslør islams løgner for dei, synd dei djupnene i synda dei ber på og gje dei ei djup lengsle etter fred med Gud ved trua på deg, du som er verdas einaste frelsar. Fyll dei kristne med Ande og kraft og gjer dei til dine sterke og truverdige vitner. Må dungankyrkja veksa fram som ein vakker bygning i Sentral-Asia, og lysa for alle menneske somo bur der. Amen!

lørdag 27. juni 2015

India

I India bur det 1,2 milliardar menneske som til saman snakkar 456 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 70, 120 har et nye testamentet, 89 har deler av GT og NT, medan det er starta omsettingsarbeid i 136 språk (tal frå 2010).
Om lag 80% av innbyggjarane er hinduar. 2-3% er kristne, 13% muslimar, 1% sikhar.
Det er kristendomen som veks forstast i India no. Det er stor intensitet i misjonsarbeidet frå indiske kristne og kyrkjer som i hovudsak har ført til denne veksten.
Befolkninga er delt inn i 4700 kastar, og det er rundt 25000 underkastar. Sjølv om kastesystemet er forbode ved lov, har det likevel stor betydning for dei vala indarane tek, og kan ta , i liva sine. Kastesystemet er nær knytt til hinduismen, men er diverre også levande innan den kristne kyrkja.
India har dei siste tiåra hatt ein formidabel økonomisk utvikling. Landet er ei økonomisk stormakt i dag, og ligg på fjerde plass når det gjeld talet på millionærar, og ein ny middelklasse har vakse fram og er i dag svært dominant. Trass i dette lever over 40% av befolkninga i den ytste fattigdom, 40% av barna har ikkje nok mat å eta,  25% er kastelause og lever som gjeldsslavar under korrupte godseigarar (70% av Indias befolkning lever på landsbygda og er knytt til det føydale jordbruket der), ei gjeld som går i arv frå generasjon til generasjon. Ikkje noko land i verda kan skilta med større økonomisk ulikskap og urettferd enn India.
900 000 indarar døyr kvart år av å ha drukke ureint vatn.
Landet er nr. tre i verda når det gjeld HIV-smitta.
Tredjeparten av alle tuberkulosetilfella i verda er i India.
Landet har 1000 spedalskkoloniar
35 millionar barn er foreldrelause
3 millionar av dei lever på gata
Fattige foreldre sel barna sine til prostitusjon for å nedbetala gjeld
2/3 av barna vert utsette for fysiske overgrep
Halvparten av barna opplever seksuelle overgrep
Mange jenter vert aborterte eller drepne ved fødselen. Det er eit underskot på 35 millionar kvinner i India i dag. Dette kan forklara noko av problemet rundt massevaldtekter som stadig rystar landet.
Kvinnene har lågare utdanning enn menn, og mange fleire av dei er analfabetar.
Mange unge jenter hamnar i tempelprostitusjon

India ligg i ein vedvarande konflikt med Pakistan i Kashmir, og med Kina i enkelte grenseområder.I sentrale og austlege deler av landet har det vakse fram ei valdeleg marxistisk rørsle som valdar øydelegging. I nordaust (Mizoram) er det seperatiskegrupper som har teke til våpen.

Konstituasjonen sikrar full religionsfridom, men nye nasjonalistiske rørsler har som slagord: "India for hinduar", og dei oppmuntrar til forfølging av kristne og muslimar, og andre religiøse minoritetsgrupper.

Auka forfølging i Orissa og Karnatake har styrkt einskapen mellom dei mange ulike kyrkjene i områda.

Trass i mange mørke trekk, går kyrkja fram med stormsteg og den kristne trua veks snøggast av alle religionar i India i dag, og me høyrer titt om kastelause som kollektivt går over til Jesus som er den einaste som kan gje dei full verdi som menneske på lik linje med alle andre.

Takk for
  • Framgang for Guds rike  over heile landet
  • Den konstitusjonelle religionfridomen som i stor grad blir respektert
Be om
  • at Gud skal la sitt lys fløyma over India slik at folket vert fridd ut frå hinduismens mørke løgner og sett over i Guds kjære Sons rike 
  • kyrkja skal reinsast frå synd og fyllast med Ande og liv
  • dei truande skal halda ein høg profil og forkynna evangeliet med frimot
  • at Gud rekker ut si hand slik at under og teikn og mektige gjerningar skjer i vår Herre Jesu Kristi namn.
  • at indarane skal ta avstand frå dei mange og vemmelege avgudane sine og venda seg til den eine sanne Gud
  • stor einskap mellom kyrkjer og kristne
  •  styresmakter som fremjar rettferd for heile befolkninga
  • at alle kyrkjelydar tek eit oppgjer med kastestystemet internt
  • store landreformar der leilendingane kan få eigedomsrett til den jorda som dei dyrkar
  • at folket skal sjå samanhengen mellom seksuell promiskuitet og HIV.
  • at vassreinsing skal vera eit prioritert område for styresmaktene
  • at kyrkjelydane skal vera fulle av himmelsk legedomskraft
  • at Guds ord skal få makt over sinna slik at det blir ein slutt på abort, babydrap og fysiske og seksuelle overgrep mot barn, og at Gud skal verna dei små mot dei store. 
  • at India skal ha fred med Pakistan og India, og at det skal bli ein slutt på intern vald og uro
  • at alle religionar skal bli respektert av alle, og at det skal bli slutt på forfølging av minoritetar.
  • at katesystemet skal bli dømt og forkasta av folket
  • at dei kristne skal starta målretta misjon overfor dei 160 millonar muslimane i India, samt mellom sikhane og jainittane

torsdag 25. juni 2015

Bokarfolket i India


Bokarfolket er ei undergruppe av Adi. Dei lever i grenseområda mot Kina heilt i nordaust, i eit område av India der kristendomen elles står overlag sterkt. Dei er bønder for det meste, og driv elles med veving og korgfletting, og har suksess med begge deler. Likevel, analfabetismen er høg, og evangeliet må koma til dei helst i munnleg form. Dei snakkar adi, og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei i tekst og lyd. Det same er Jesusfilmen. Når det gjeld hovudreligion er den ikkje kjend for joshuaproject.net, men over 4% er kristne, men ingen evangeliske.

Far i himmelen! Me ber for dei i bokarfolket som ser på deg som sin Gud, at dei skal ha ei levande tru, ei rett forståing av kva du har gjort for dei gjennom Jesus, bli fylt av din kjærleik, halda saman i sterke fellesskap og overgje seg til å bringa din frelsande bodskap til frendane sine og til resten av alle som snakkar adispråket.  Motiver dei til å læra seg og barna sine å lesa og skriva, og skap i dei ein hunger og tørst etter ditt ord som skapar forvandling i liva deira. Løys dei mildt og sterkt frå alle falske religiøse førestellingar, og frå alle åndsmakter som bind dei til synda, døden og domen. Gjer Jesus og hans frelse herleg og stor for dei. Me ber i Jesu namn. Amen!

Bokar in India

torsdag 18. juni 2015

Dudekulafolket i India

Dudekula 
Dudekulastamma utgjer berre 5000 menneske. Dei snakkar Telugu, og har tilgang på heile Bibelen på språket sitt. Språklet betyr dudekula rein bomull, og dei jobba då også med å reinsa nyinnhausta bomull. Dei er muslimar, men følgjer gjerne folkelege skikkar som ikkje samsvarar med trua på Koranen og Allah. Dei har Perugonga Baba som skytsengel, og feirar årleg hans dødsdag.

Kjære Herre Jesus!
Me ber om at dudekulastamma i Indio skal bli fridd ut av islams sterke makt, og venda hjarto sine mot Jesus og oppleva fridomen i han. Må dudekulafolket bli eit derfinert mål for indisk misjon. Inspirer dei til å lytta til og lesa ditt ord, og må ordet ditt skapa i dei det det nemner. Amen!

Dudekula in India

Island


Island har verdas eldste parlament. Alt i 930 vart det første Alltinget etablert.
Islands rike litteratur frå Middelalderen er velkjend. Ættesoger frå Island og dei norske kongesogene skrivne av islendaren Snorre Sturlason blir rekna for eit høgdepunkt i verdslitteraturen. 
I Island bur det 330000 menneske. Landet ligg i nordatlanteren, og er ein del av den midtatlantiske ryggen som strekker seg frå Sørishavet til Nordishavet, og er 100% vulkansk. Det er mange aktive vulkanar på sagaøy, og det er stadig nye utbrot. Island har rike naturressursar, fiske og vasskraft har gjort landet til eitt av verdas rikaste. Framveksten av ein abnorm finanssektor resulterte i økonomisk samanbrot og regjeringskrise i 2008-2009. Men per i dag er økonomien i god betring. Historisk har Island vore styrt av Danmark i mange hundre år, men vart sjølvstendige i 1944.
Landet har ein unik og fantastisk natur med varme kjelder, høge fjell, enorme isbrear, elvar, fossar og revner. Mest kjend er Thingvellir, ein sprikk i nord-sørleg retning tvers over øya som utvidar seg år for år. Eine delen av øya beveger seg mot aust, den andre mot vest.

Den lutherske kyrkja i landet er statskyrkje. Nesten alle innbyggjarane  er medlemmer av Den islandske kyrkja, men det er svært få aktive kristne. Likevel er det lyspunkt. Ungdom i Oppdrag har etablert ein fast base i Reykjavik, Den lutherske frikyrkja er aktiv, og pinsevenene driv eit disippeltreningssenter. Fleire kyrkjelydar driv Alphakurs, og resultata har vore gode. Den kristne radiostasjonen Radio Lindin når 90% av befolkninga, og denne har vore til stor velsigning for dei truande i landet, og nokre har også kome til tru ved å lytta til denne stasjonen.
I Island har det aldri vore ei gjennomgripande åndeleg vekking. Enno er det djupe heidenske straumdrag i mellom folk.

Be om
  • vekking og rikt åndeleg liv i kyrkjelydane
  •  frelste prestar og forkynnarar
  • ei oppreist, modig, mogen og velutrusta kyrkje
  • ærlege politikarar og næringslivsleiarar
  • at folk skal bli fri frå gamle demoniske krefter
  •  suksess for Alphakursa

onsdag 17. juni 2015

Ungarn

A map of Hungary class=

Ungarn er ein rett gamal kulturnasjon mellom vest og aust-Europa. I mange hundre år utgjorde landet saman med Austerriket, som forresten også omfatta Spania og deler av Nederland, eit rike som kollapsa etter 1.verdskrigen i 1918.
Det bur knappe 10 millionar menneske i landet (folketalet er som elles i Europa synkande), og 90% referer seg til kristendomen. 282000 tilhøyrer protestantiske/evangeliske kyrkjer.  resten er romersk katolske. Når det gjeld den åndelege situasjonen, er den i stor grad prega av sekularisering, og det er strenge restriksjonar på offentleg forkynning og vitneteneste. Kyrkja sin påverknad på samfunnet er heller liten. Kyrkjelydane er marginaliserte, og apati og verdslegdom pregar dei truande. Folk flest står langt frå evangeliet, og dei søker svar på livsspørsmåla i det å eiga ting, verdslege fornøyelsar, alkohol, og falsk religion som mystisisme, okkultisme, hekseri, oldgamal shamanisme, tibetansk buddhisme eller ein variert miks av dei ulike retningane.
Dei siste åra har det vakse fram ein skremmande fascistisk rørsle i Ungarn som femner så mange som 40% av befolkninga. Det er statsminister  Viktor Orbán og partiet hans Fidesz som står for denne politikken som er i ferd med å knebla all opposisjon med grunnlovsfesta innskrenking av pressefridom. Landet har ikkje lenger pressefridom, uavhengig sentralbank eller uavhengige domstolar.
Kyrkja har ingen politisk, etisk eller sosial påverkningskraft, og har heller ingen betydning i høve til næringsliv, kultur eller økonomi. Likevel har kristne visjonar for landet sitt, og karismatiske katolikkar og evangeliske kristne har som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar. Denne rørsla er i si spede begynning.
Ungarn er eit nav for den teologiske utdanninga i Sentral-Europa. Fleire kristne universitet tilbyr teologisk utdanning til unge menneske.
Ungarn har ein jødisk minoritet på 90 000 menneske, og eit stort innslag av sigøynarar.
Opp til 30 000 ungarar er heimlause.  
Landet var under eit strengt kommunistisk/ateistisk regime frå den andre verdskrigen og fram til 1990. Eit opprør i 1955 vart brutalt slått ned av sovjetiske soldatar og tanks. Dette skapte ei stor ungarsk flyktningebølgje over Europa. Ungarn er eit rikt jordbruksland med enorme jorder, særleg i Vojvodina, det store slettelandet skapt av Donau.
Hovudstad er Budapest med 1,7 millionar innbyggjarar.

Bøn: 
Gode Gud! Me ber om ein ny dag for kyrkja i Ungarn og for det ungarske folket, ein dag der Jesus får skina som ei sol for alle som bur i landet. Må din kjærleik i Jesus Kristus blåsa som ein varm vind over ungararane til åndeleg liv for dei. Vekk folket opp for evige verdiar, og skap i dei ein hunger og tørst etter deg, vår Gud. Gje dei truande einskap, set mot i dei og hjelp dei å seia nei til verdslege lyster og følgja Jesus villig og med glede. Fyll dine barn med Anden slik at dei forkynner og vitnar om Jesus med kraft, iver og overtyding. Må det bli planta nye kyrkjelydar i byar og landsbyar, kyrkjelydar som forkynner evangeliet for dei fortapte og reproduserer seg sjølve. Me ber om at all heidensk utvikling i folkeliv og politikk skal gå til grunne under di hand, og at landet i eitt og alt skal bera preg av at du er Ungarns Gud.  Gje landet gode og kloke leiarar som har forstand til å søka hjelp hos deg i stort og smått. Me ber også om at jødane, sigøynarane og andre minoritetar i landet skal bli fanga av din kjærleik og kristna i hjarte og sinn. Må vald, korrupsjon og alle former for uærlegdom bli borte. Velsign ungararane økonomisk og vern landet mot store katastrofar, i Jesu namn. Amen!

Foodo i Benin

Foodofolket stammar frå Ghana, og emigrerte til Semereregionen i Benin for 300 år sidan. Dette er ein venleg og fredeleg folk som dyrkar jorda og er stolte over historia og kulturarven sin. Dei snakkar sitt eige språk, og legg stor vinn på å ta vare på dette. Deler av Bibelen føreligg på foodo. Dei tel 40 000 menneske, og alle er sunnimuslimar. Det er høg analfabetisme mellom dei, og evangeliet må helst koma til dei i munnleg form.

Herre Jesus, verdas frelsar og Herre! Må foodofolket oppleva å bli bada i ditt lys slik at dei ser seg som fortapte syndarar som ikkje kan frelsa seg sjølv. Må betydningen av din kross og ditt offer bli tydeleg for dei, slik at dei kan tru på deg og oppleva full forløysning for syndene sine og fridom frå dødens og djevlens store makt. Motiver dei til å læra seg lesekunsten slik at dei kan lesa Bibelen på sitt eige språk. Må det veksa fram ei sterk foodokyrkje som kan vera til frelse og lækjedom for heile folket. Amen! 

 

Honduras


Honduras er 112088 kvadratkilometer stort, litt meir enn tredjeparten av Noreg. Befolkninga er på 7,6 millionar, og veksten i folketal er på 2% årleg. 85% er mestisar, 8% indianarar, 2% har afrikansk bakgrunn.
80% av befolkninga kan lesa og skriva. Offisielt språk er spansk. Det blir snakka 10 innfødde språk. 9 av 13 språk har bibeltilgang. Forventa levealder er 72 år.
Honduras er eit av dei fattigaste landa i vesten. All rikdom i landet er i hendene på nokre få steinrike. Arbeidsløysa er høg, lønene låge (det heng saman). Dette, saman med store  øydeleggingar etter orkanen Mitch i 1998, har gjort livet vanskeleg for folk flest. Dei fleste lever under fattigdomsgrensa. Folk lever elles av landbruk, turisme og postordreverksemd.
Honduras vart fri frå Spania i 1821. Etter det har revolusjonar og borgarkrigar vore meir normalen enn unnataket. Ei demokratisk sivil regjering kom til makta i 1984, og har så langt vore sikra av amerikansk militært nærvær.
96% er kristne, det store gross romersk katolske. 20% er protestantar. 6% uavhengige.
I 1963 var til saman 1,7% prostestantar. Veksten av vore eventyrleg desse 50 åra, og den ser ikkje ut til å stansa.

Be om
  • at den politiske situasjonen i landet skal forbli rolig
  •  kloke og rettferdige politiske leiarar
  • sterke og varme kyrkjelydar
  • gode og gåverike kristne leiarar
  • rett fordeling av godene
  • at evangeliet skal nå fram til unådde indianarstammer inni landet
  • at foreldra skal ta godt vare på barna sine
  • at unge kriminelle vert rivne ut av kriminaliteten
  • mange nye misjonærar frå Honduras

torsdag 11. juni 2015

Guinea Bissau


Befolkning: 1,628,603
Folkegrupper: Atlantisk 53.5%, Fulbe 21.7%, Malinke 11.9%, Kreol 11.9%, Andre 1%
Religion: 52.1% Islam, 35.1% etnisk religion, 10.9% kristne
Språk: Portugisisk, kreol
BPN: $1,100
Alfabetiseringsgrad: 39.6%
Unådde folkeslag: 57.1%
Guinea Bissau er eit av verdas fattigaste land. Gjennomsnittleg levealder er vel 47 år. Den legale økonomien er basert på jordbruk og fiske. Men det er ein ukontrollerbar stor svart økonomi som er knytta opp til bruk og transitt av narkotika. Landet har ingen kystvakt som kan ta seg av dette problemet, politiet har ikkje bilar og marinen ingen båtar.

Guinea Bissau vart uavhenging frå Portugal i 1974, og vart styrt av eit diktatur til 1994. Etter den tid er militærkupp og attentat blitt ein del av dagens orden, og det einaste konsistente mellom leiarane har vore korrupsjon. Mange av leiarane er involvert i narkotikatrafikken, noko som lett fører til ustabilitet.

Landet bar berykta for barnearbeid og sextrafficking. Dei fleste som hamnar i sexslaveri er unge gutar som vert selde til Senegal. Familien vert lova at gutane skal få gå på Koranskule, men i staden vert dei bortførte og misbrukte på det grovaste. Ein reknar med at det er 200 gutar som hamnar i denne sumpa kvar månad.

Under Portugal var Guinea Bissau i hoveudsak ein katolsk nasjon. Men no er halvparten muslimar. Som regel blandar folk saman element frå alle religionar dei kjenner.

Landet har religionsfridom, og kristne nyt allmenn respekt for stor humanitær innsats midt under urolege tilhøve.

Talet på misjonærar til landet frå Asia og Latin Amerika er aukande.

Behovet for biblar er enormt, men stor analfabetisme og fattigdom gjer det vanskeleg med bibelspreiing. Her må ting takast frå grunnen av.

Kjelde: www.prayercast.com

Be om:
  • at Gud velsignar nasjonen med rettferdige og sjølvoppofrande leiarar.
  • at alle korrupte og kriminelle leiarar skal avslørast, avsetjast, arresterast og dømmast
  • vern over dei unge slik at dei ikkje vert selde som slavar til vonde menneske
  • sann bibelsk vekking i kyrkjelydane
  • at kristne vert reinsa frå avgudsdyrking, magi og okkulte handlingar
  • at åndeleg modne og trente nasjonale kyrkjelydsleiarar skal bevega seg ut på landsbygda for å nå dei unådde folka som lever der.
  • grunnutdanning og leseopplæring for barna
  • om stopp i alle transitt og bruk av narkotiske stoff
  • utvikling av næringslivet i landet slik at folk ikkje kjenner seg avhengig av narkotrafikken

tirsdag 9. juni 2015

Gawamaafolket i Sudan

Gawamaa tel 819000 menneske. Dei er nomadar. Utdanningsnivået er lågt. Nesten alle er muslimar. Kristne som kan bidra med vassreinsing og brønnboring kan vera ein nøkkel for Gud inn til dette folket. Dei snakkar sudan-arabisk. NT er tilgjengeleg. Analfabetismen er høg.

Herre! Me ber om av gode kristne med nødvendig kunnskap skal fatta interesse for gawamaafolket, oppsøka dei og gje dei adakvat hjelp. Vekk i dei ein trong etter å læra seg lesekunsten, og gje dei eit brennande ønske å finna ut kva du har meddelt oss gjennom profetane, og i desse siste dagar gjennom Sonen din. Gje frelse, Herre, lat det lukkast. Amen!

Gawamaa, Jawamaa in Sudan

Guyana


Guyana er eit skrint befolka land. Innlandet består av tett regnskog, og dei fleste menneska bur langs kysten. I regnskogen lever indianarstammer. Dei utgjer kun 8,9% av ei befolkning på 761000, eit folketal som søkk. Guyana vart først kolonisert av hollendarane rundt 1750. Engelskmennene overtok i 1814. Landet vart sjølvstendig i 1966. 42,5% av befolkninga har indisk opphav, 29,7% afrikansk (slaveri) og 16,5% er ein miks av dei andre tre hovudgruppene.
Økonomi: Dei lever av gruvedrift og av eit landbruk der hovudeksportartikkelen er sukker.
401000 er kristne. 151000 evangeliske. Elles er sekulariseringa tydeleg, og sekularismen er den "trua" som veks snøggast i Guyana.
Landet ligg i ein kontinuerleg konflikt med Suriname og Venezuela om enkelte grenseområder.
Det er betydelege etniske konfliktar mellom afroguyanarar og indoguyanarar.
Klima er fuktig, og ein storflaum i 2005 ruinerte mykje av økonomien.
Evangeliske og pinsekarismatiske kyrkjer er i vekst. Mange av desse har medlemmer frå ulike etniske grupper, og representerer den einaste brua mellom desse gruppene. Guyanese Evangelical fellowship jobbar medvite med å utvikla einskap på tvers av kyrkjesamfunna.
Mange kristne i landet er synkretistar og blandar inn element frå andre religionar og kultar.
Indarane i landet er hinduar. Indianarane bekjenner seg til katolisismen.
Ei stor gruppe muslimar er heilt unådde.
Det er full religionsfridom i Guyana, og kristent helsearbeid opnar mange hjarto for Jesus.

Be om
  • at spenningane mellom dei ulike etniske gruppene vert bygd ned
  • løysing av arealkonfliktane Guyana har med Venezuela og Suriname
  • at dei kristne skal bli reinsa av Anden slik at dei kan leva heilage liv i pakt med Ordet
  • åndelege leiarar som kjenner Gud, Skrifta, Guds kraft, og som elskar folket
  • at  dei truande skal ha Bibelen som einaste rettesnor for liv og lære
  • at evangeliet skal finna sin veg inn til den indo-guyanske befolkninga og løysa dei frå avguderiet i hinduismen
  • eit klokt og rettenkande politisk leiarskap
  • ærlege og ukorrupte næringslivsleiarar
  • attreising av økonomoien i landet

Guatemala



Folketal: vel 14 mill. Kristne: 13,8 mill. Evangeliske: 3,5 mill.
Næring: halvparten er bønder (leilendingar) som dyrkar kaffi, sukker og bananer.
70% av all narkotika frå Sør-Amerika til USA går gjennom Guatemala.
Kriminaliteten er enorm, og talet på mord per år svimlande.
Befolkninga består av latinarar og amerindianarar, for det meste maya.
Store deler av befolkninga lever i fattigdom, og dei er undertrykte av store godseigarar.
Gualtemala var heimsøkt av ein brutal borgarkrig frå 1960 til 1996 der styresmaktene, støtta av USA,  utøvde grov vald mot fattige sivile, og 40 000 menneske berre forsvann. Her er det djupe sår i befolkninga.
Det er 15000 gatebarn i Guatemala. Dei er ei stor utfordring for rettenkande menneske.
Dei evanglisk kristne har hatt ein eventyrleg vekst dei siste 50 åra, særleg pinsevenene. Men trua er ofte ikkje så djup, og disippelskap er det dårleg med. I tillegg er det svært mykje synkretisme mellom dei truande, særleg dei indianske, men også hos andre. 

Be om
  • at det blir teke eit oppgjer med all urett som vart gjort under borgarkrigen, forsoning mellom fiendar, og at nasjonen sine sår skal bli lækte.
  • at vekkinga skal halda fram og gå enno djupare
  • at kyrkjene skal disippelgjera dei nye kristne og fostra dei etter Guds ord,
  • at narkotikakartella skal bli avslørte og sett ut av spel
  • at narkotikatrafikken skal bli stansa heilt opp,
  • at barn og unge skal få naudsynt skulegang
  • at landet skal byggjast på sunne lover
  • at landet skal bli styrt av rettsindige menneske

mandag 8. juni 2015

Aheriafolket i India

AheriaAheriafolket (148000) er mellom dei kastelause i India. Dei snakkar hindi. Analfebtismen er svært høg. Det er ingen registrerte kristne i folket. Dei dyrkar gudinna Vijaisan Mataji. Tradisjonelt var aherifolket jegarar, men då jakt vart forbode i 1920, gjekk dei over til jord og skogbruk (vedproduksjon). www.joshuaproject.net

Herre! Me ber i dag om at tida skal vera inne då aheriafolket skal bli løyst frå sine synder og bli sameint med Far i himmelen. Må dei få evangeliet forkynt for seg av dedikerte, velutrusta og varmhjarta kristne som er villige til å dela både Guds ord og sine eigne liv med dei. Du er ein gud som let lyset skina for folk som lever i mørkret. Lat det skje igjen, og denne gongen mellom aheriane. Løft dei ut av sjølvforakt og nedverdigande synder, motiver dei til å læra å lesa og lat ditt dyrebare ord bli kjent og høgt skatta i dette folket. Amen! 

Aheria in India

lørdag 6. juni 2015

Hellas

Hellas er inne i ei djup økonomisk krise. Dei veit korkje ut eller inn. Vel har dei levd over evne i mange år, og vel er skattemoralen låg og korrupsjonen høg, men landet kan ikkje for all framtid betale rotne lån ved å ta opp nye rotne lån. Her må det ei gjeldssanering til.
Hellas er den vestlege kulturs vogge. Dette er landet som fostra dei første naturfilosofane, og namn som Sokrates, Platon og Aristoteles har etsa seg fast i oss alle. Men også innan skulptur og arkitektur var dei antikke grekarane uovertrufne. Dette landet må ikkje få gå i hundane.
Hellas har i dag 11,2 mill menneske. 10,2 mill er kristne, men berre 41000 evangeliske.  Det store gross er ortodokse, og kristent liv er mange stader lite av. Dessutan er dei ortodokse ofte heftige motstandarar av evangelisk kristne som fordrar personleg tru og samsvar mellom liv og lære. Mindre enn 3% av befolkninga går regelmessig i kyrkja. Ho har ikkje lenger relevans for vanlege grekarar.
Hellas er eitt av dei landa i Europa som tek imot flest flyktingar frå krigsherja områder lenger aust. Desse er i liten grad velkomne til landet, og mange blir stygt  trakkaserte, og det er få og ingen velferdsordningar for desse ulukkelege menneska.

La oss be om
  • genuin vekking i den gresk ortodokse kyrkja
  • Gudstenester der forkynninga av Ordet står i sentrum
  • at Anden får renna fritt og kraftig både i dei ortodokse og dei evangeliske kyrkjene
  • at Gud i himmelen skal gripa inn og føra folket og landet ut av den krisa dei er inne i
  • at landet skal bli atterfødd på alle områder
  • at landet og folket skal bli reinsa frå synd, og søka den levande Gud
  • at landet og folket skal bli gjeninnsett i den herlege plan Gud har og alltid har hatt for Hellas
  • at dei evangeliske skal finna måtar å kommunisera med vanlege folk på og skaffa seg nødvendig tillit og respekt
  • betring av levekåra for flyktningar som kjem til landet

fredag 5. juni 2015

Tyskland

Folketal 82,1 mill
Kristne 52,7 mill
Evangeliske kristne 1,7 mill
Islam er den religionen som veks fortast, mest pga aukt innvandring.
88,3 % av befolkninga er tyskarar, 3% tyrkarar og 2,6% kjem frå dei slaviske landa.
Tysk er naturlegvis det offisielle språket, men totalt er det 69 språk som vert snakka i Tyskland.
Etter 2.verdskrigen vart Tyskland delt i to, Vest og Aust-Tyskland. Vest Tyskland var ein del av den frie demokratiske verda, medan Aust-Tyskland var eit kommunistisk diktatur under Moskva. Vest- Tyskland gjekk gjennom ein rivande økonomisk utvikling, og vart det økonomiske lokomotivet i Europa, medan Aust-Tyskland degenererte. Gjenforeininga etter kommunismens fall  i 1989-90 var starten på ein vanskeleg prosess som på ingen måte er ferdig enno. Arbeidsløysa i aust er t.d. langt høgare enn i vest, og i aust reiser det seg ekstreme nasjonalistiske rørsler som minnar om nazismen. Men gradvis rettar ting seg opp også i aust, og økonomisk og industrielt er det samla Tyskland i dag ei leiande stormakt i verda.
Tyskland har historisk tilført resten av verda store åndelege velsigningar. Reformasjonen på 1500-talet starta med Martin Luther, og den pietistiske vekkinga på 1700-talet med Spener og Francke, som heile den protestantiske misjonsrørsla vaks ut frå. Me kan knapt overvurdera betydningen av pietismen og reformasjonen. Dette var to rørsler som løfta Nord-Europa opp både kulturelt og økonomisk, og som brakte evangeliet til mange, mange fjerne land.
Men Tyskland gjekk også på 1800-talet i spissen for rasjonalismen, skeptisismen og den liberale teologi, noko som har resultert i at kristendomen i landet har mista krafta si, og han er i alvorleg tilbakegang.
Men denne tilbakegangen har drive mange truande saman på nye måtar. Bønerørsler veks fram, og mange kyrkjer jobbar no saman på tvers av konfesjonar og geografiske grenser for å bringa evangeliet ut til sekulariserte tyskarar som lever utan Gud og utan von i verda.
Skal Europa rekristnast, må det etter mitt hovud skje gjennom Tyskland. Det som skjer der, spreier seg fort til andre land, og tyskarane er vane med å tenkja på seg sjølv som Europass leiande makt. Finn dei Jesus, går dei straks ut for å gjera alle folkeslag til hans disiplar.. Difor er det gledeleg no at det veks fram ei ny huskyrkjerørsle i landet, og at desse meir nytestamentlege kyrkjelydane faktisk veks midt i tilbakegangen for dei historiske kyrkjene. Det veks også fram nye etniske kyrkjer mellom innvandrarar frå Afrika og Sentral-Asia, og desse er også i rivande utvikling. Men det trengst mange fleire, ikkje minst mellom tyrkarane.


  • Be om at det må bli nytt liv i dei historiske kyrkjene i Tyskland, at leiarane må tru på Bibelen som Guds ord og forkynna ordet klårt, reint, innsiktsfullt og med himmelsk mynde.
  • Takk for dei nye kyrkjene som har vakse fram, og be om at Guds lys skal gå ut frå dei til folket.
  • Be om einskap mellom alle kristne i Tyskland
  • Be om at alle nasjonalsosialistiske rørsler skal bli stoppa i Jesu namn
  • Be om at kristne i vest skal vigsla seg til misjon og disippelgjering i aust
  • Be om at det skal opna seg for evangeliet mellom tyrkarane
  • Be om at evangeliet skal gå fram mellom kurdarane (1 mill) iranarane (100000), dei nordafrikanske berberane (300000), dei bosniske muslimane (250000).
  • Be om at immigrantkyrkjene også skal sjå på det tyske folket som ei naturleg målgruppe




mandag 1. juni 2015

Dagens unådde: Chhipa i India

Chhipa, Hindu
Chhipafolket tel 420 000 menneske. Dei er hinduar. Ingen kristne er registrert. Høg analfabetisme. Dei livnærer seg i stor grad med klestrykk og farging av tøy. Dei snakkar hindi.

Herre Jesus Kristus! 
Me ber i dag om at chhipafolket skal bli begunstiga, at evangeliet skal bli dei til del, at ditt lys skal fløyma innover dei, at dei skal forstå at du er den einaste sanne Gud, at dei er elska av deg og at du i stor nåde tok på deg deira mange synder. Må alle som snart kjem til tru på deg, bli grunnfesta og rotfesta i din kjærleik, halda saman i tette fellesskap og saman forplikta seg på å vinna alle frendane sine for himmelen. Gje dei ein hunger etter å læra seg å lesa og skriva, og gje dei sjansen til å få seg nødvendig grunnutdanning slik at dei kan lesa Bibelen. Amen! 

 Chhipa, Hindu in India

Evangelist drepen i Uganda medan han forkynte Guds ord

Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...