lørdag 27. juni 2015

India

I India bur det 1,2 milliardar menneske som til saman snakkar 456 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 70, 120 har et nye testamentet, 89 har deler av GT og NT, medan det er starta omsettingsarbeid i 136 språk (tal frå 2010).
Om lag 80% av innbyggjarane er hinduar. 2-3% er kristne, 13% muslimar, 1% sikhar.
Det er kristendomen som veks forstast i India no. Det er stor intensitet i misjonsarbeidet frå indiske kristne og kyrkjer som i hovudsak har ført til denne veksten.
Befolkninga er delt inn i 4700 kastar, og det er rundt 25000 underkastar. Sjølv om kastesystemet er forbode ved lov, har det likevel stor betydning for dei vala indarane tek, og kan ta , i liva sine. Kastesystemet er nær knytt til hinduismen, men er diverre også levande innan den kristne kyrkja.
India har dei siste tiåra hatt ein formidabel økonomisk utvikling. Landet er ei økonomisk stormakt i dag, og ligg på fjerde plass når det gjeld talet på millionærar, og ein ny middelklasse har vakse fram og er i dag svært dominant. Trass i dette lever over 40% av befolkninga i den ytste fattigdom, 40% av barna har ikkje nok mat å eta,  25% er kastelause og lever som gjeldsslavar under korrupte godseigarar (70% av Indias befolkning lever på landsbygda og er knytt til det føydale jordbruket der), ei gjeld som går i arv frå generasjon til generasjon. Ikkje noko land i verda kan skilta med større økonomisk ulikskap og urettferd enn India.
900 000 indarar døyr kvart år av å ha drukke ureint vatn.
Landet er nr. tre i verda når det gjeld HIV-smitta.
Tredjeparten av alle tuberkulosetilfella i verda er i India.
Landet har 1000 spedalskkoloniar
35 millionar barn er foreldrelause
3 millionar av dei lever på gata
Fattige foreldre sel barna sine til prostitusjon for å nedbetala gjeld
2/3 av barna vert utsette for fysiske overgrep
Halvparten av barna opplever seksuelle overgrep
Mange jenter vert aborterte eller drepne ved fødselen. Det er eit underskot på 35 millionar kvinner i India i dag. Dette kan forklara noko av problemet rundt massevaldtekter som stadig rystar landet.
Kvinnene har lågare utdanning enn menn, og mange fleire av dei er analfabetar.
Mange unge jenter hamnar i tempelprostitusjon

India ligg i ein vedvarande konflikt med Pakistan i Kashmir, og med Kina i enkelte grenseområder.I sentrale og austlege deler av landet har det vakse fram ei valdeleg marxistisk rørsle som valdar øydelegging. I nordaust (Mizoram) er det seperatiskegrupper som har teke til våpen.

Konstituasjonen sikrar full religionsfridom, men nye nasjonalistiske rørsler har som slagord: "India for hinduar", og dei oppmuntrar til forfølging av kristne og muslimar, og andre religiøse minoritetsgrupper.

Auka forfølging i Orissa og Karnatake har styrkt einskapen mellom dei mange ulike kyrkjene i områda.

Trass i mange mørke trekk, går kyrkja fram med stormsteg og den kristne trua veks snøggast av alle religionar i India i dag, og me høyrer titt om kastelause som kollektivt går over til Jesus som er den einaste som kan gje dei full verdi som menneske på lik linje med alle andre.

Takk for
  • Framgang for Guds rike  over heile landet
  • Den konstitusjonelle religionfridomen som i stor grad blir respektert
Be om
  • at Gud skal la sitt lys fløyma over India slik at folket vert fridd ut frå hinduismens mørke løgner og sett over i Guds kjære Sons rike 
  • kyrkja skal reinsast frå synd og fyllast med Ande og liv
  • dei truande skal halda ein høg profil og forkynna evangeliet med frimot
  • at Gud rekker ut si hand slik at under og teikn og mektige gjerningar skjer i vår Herre Jesu Kristi namn.
  • at indarane skal ta avstand frå dei mange og vemmelege avgudane sine og venda seg til den eine sanne Gud
  • stor einskap mellom kyrkjer og kristne
  •  styresmakter som fremjar rettferd for heile befolkninga
  • at alle kyrkjelydar tek eit oppgjer med kastestystemet internt
  • store landreformar der leilendingane kan få eigedomsrett til den jorda som dei dyrkar
  • at folket skal sjå samanhengen mellom seksuell promiskuitet og HIV.
  • at vassreinsing skal vera eit prioritert område for styresmaktene
  • at kyrkjelydane skal vera fulle av himmelsk legedomskraft
  • at Guds ord skal få makt over sinna slik at det blir ein slutt på abort, babydrap og fysiske og seksuelle overgrep mot barn, og at Gud skal verna dei små mot dei store. 
  • at India skal ha fred med Pakistan og India, og at det skal bli ein slutt på intern vald og uro
  • at alle religionar skal bli respektert av alle, og at det skal bli slutt på forfølging av minoritetar.
  • at katesystemet skal bli dømt og forkasta av folket
  • at dei kristne skal starta målretta misjon overfor dei 160 millonar muslimane i India, samt mellom sikhane og jainittane

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...