Viser innlegg med etiketten Portugal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Portugal. Vis alle innlegg

lørdag 7. oktober 2017

Portugal



Portugal har ei utstrekning på 92 389 km2. Folketalet er på 10,7 millionar. Dei fleste er katolikkar. Mange sekulariserte og nominelle, særleg i sør. 2% protestantar. 2,7% anglikanarar. Over 5% ortodokse.
Hovudstad: Lisboa
1,8 millionar portugisarar jobbar i andre land
Portugal vart eit uavhengig kongedøme i 1143. Republikk i 1910. Parlamentarisk demokrati i 1974. Meldem av EU i 1986.
Finanskrisa i 2008 slo hardt inn i den portugisiske økonomien. EU måtte inn med redningspakke. Portugisarane bretta opp armane og kom seg heilskinna ut på andre sida av tunnelen i 2014.
Portugal er eit land fullt av historie med ufatteleg vakre bygningar og minnesmerke. 
Portugisarane var dei første europeiske oppdagingsreisande til havs. Mest berømte er Henrik Sjøfararen (d.1460), Bartolomeus Diaz og Vasco Da Gama. Christoffer Columbus budde også lang tid i Portugal, men det var spanskekongen som finansierte den store oppdagingsreisa hans vestover.
Historisk har Portugal vore ei stor kolonimakt i Afrika  (Mosambique og Angola)  og Sør-Amerika (Brasil).
Brasil vart sjølvstendig i 1822, dei afrikanske så seint som i 1975, etter lange krigar som kom til å utarma også "moderlandet".
I Portugal er 21% av arbeidsstyrken sysselsett i industri, 2,4% i jordbruk og over 75% i tenesteytande næringar. Landet har ein sårnbar økonomi.
Narkotikamisbruket er aukande. 50% av dei unge i landet har prøvd slike rusmidlar.
Prostitusjon er også eit veksande problem. Fattigdomen er omfattande.
Dei evangelisk kristne har hatt god vekst relativt sett dei siste åra, dei har satsa hardt på kyrkjeplanting, men dei er ganske splitta og ofte  i tottane på kvarandre.  Denne ukulturen er spesielt vanleg mellom dei pentakostale kristne.
Mange av dei nye kyrkjene er huskyrkjer. Dette er ei hindring for mange portugisarar som helst ynskjer seg eit meir offentleg tilbod med ein viss struktur i.
Det er mange utanlandske misjonærar i Portugal i dag. 

Be om:
  • at landet skal bli bada i Guds lys
  • at det skal renna ei elv av vekkjing gjennom landet
  • at den katolske kyrkja vert velsigna med tenarar som kjenner Guds ord, forkynner det med innsikt og kraft og  som lever reine liv i samsvar med evangeliet.
  • einskap mellom dei evangelisk kristne
  • at dei truande skal bli fylte av Anden, studera Guds ord med iver, vitna om Jesus for sine medmenneske, halda tett saman og leva disippellivet. 
  • at dei utanlandske misjonærane skal lukkast i sitt arbeid i landet
  • at Bibelen skal bli distribuert til og lesen av folket. 
  • om fleire fulltidsarbeidarar i kyrkjelydane
  • at landet skal erfara økonomisk velsigning og oppgang
  • at det skal vera nok arbeid til folk
 


torsdag 8. oktober 2015

Portugal

 

Portugal har ei utstrekning på 92389 kv.km, mindre enn tredjeparten av Noreg. Folketalet er på 10,7 millionar, men det minkar, slik som i mange andre europeiske land. Portugal var lenge eit fattig diktatur. Landet fekk eit demokratisk vald parlament i 1974. Vart medlem av EU i 1986. Fekk då ein kraftg økonomisk oppsving. Men i 2001 begynte ei ny nedgangstid. Landet er tungt råka av den økonomiske krisa i Europa. 

Portugal er eit land med ein stor historie. Dei første store oppdagingsreisande kom frå Portugal med Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama i spissen. Sjølv har eg faktisk vore og sett på Henrik Sjøfararen si grav i det mektige dominikanerklosteret i Santa Maria da Vitoria i Batalha. Hans erobringar starta Portugals kolonisering av mange land i Afrika, Asia og Sør-Amerika. 

Pga kolonitida er portugisisk eit språk som vert snakka i mange land som Brasil, Mosambik, Angola, Guinea Bisseau, Macao, Mombasa, Aust-Timor og deler av India. Altså står me her overfor eit av dei mest strategiske språka å kunna for dei som tenkjer seg ut i misjonsteneste. 

Den katolske kyrkja har omtrent vore einerådande i Portugal i mange hundre år, men i dag er det full religionsfridom, og frå 1960 til 2010 vaks prosenten med evangeliske kristne i befolkninga frå 0,2 til 3%. Det er ein femtendobling.  Grunnen til denne veksten kjem hovudsakleg av innsatsen til brasilianske misjonærar, og den sterkaste delen av veksten er mellom immigrantar. I dag er det ei  kyrkjeplantingsrørsle i dei evangeliske kyrkjene. Størst er utfordringane i så måte i nord og nordaust. Der er den katolske dominansen stor. 

Men alt er ikkje rosenraudt. Mange forsamlingar har opplevd smertefulle splittingar. Det ser ut til å vera ein epidemi i den evangeliske rørsla verda over.

 Folk flest er i dag grepen av individualisme og trongen etter materiell velstand. Mange jobbar dag og natt for å halda hovudet over vatnet. Dette jaget har ført til eit massivt narkotikaproblem. 50% av Portugals unge har prøvd narkotikarus, og det er MANGE tungt avhengige menneske i landet.


  • Takk Gud for at hans rike er i ferd med å veksa fram i Portugal.
  • Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, basert på sanne oppgjer og forsoning.
  • Be om at visjonen om å planta nye kyrkjelydar i alle kommunar i landet skal lukkast
  • Be om at nye kristne skal bli disippelgjort og utrusta til å nå nye menneske med evangeliet.
  • Be om gode, varme, kloke og visjonære kristne leiarar.
  • Be om nytt liv i den katolske kyrkja i Portugal
  • Be om at Gud skal gjesta landet og bringa frelse og lækjedom til dei mange som ligg under for narkotika. 
  • Be om at Portugal skal bli ei formidabel misjonsmakt, slik som landet i si tid var ei mektig kolonimakt. 



torsdag 11. juni 2015

Guinea Bissau


Befolkning: 1,628,603
Folkegrupper: Atlantisk 53.5%, Fulbe 21.7%, Malinke 11.9%, Kreol 11.9%, Andre 1%
Religion: 52.1% Islam, 35.1% etnisk religion, 10.9% kristne
Språk: Portugisisk, kreol
BPN: $1,100
Alfabetiseringsgrad: 39.6%
Unådde folkeslag: 57.1%
Guinea Bissau er eit av verdas fattigaste land. Gjennomsnittleg levealder er vel 47 år. Den legale økonomien er basert på jordbruk og fiske. Men det er ein ukontrollerbar stor svart økonomi som er knytta opp til bruk og transitt av narkotika. Landet har ingen kystvakt som kan ta seg av dette problemet, politiet har ikkje bilar og marinen ingen båtar.

Guinea Bissau vart uavhenging frå Portugal i 1974, og vart styrt av eit diktatur til 1994. Etter den tid er militærkupp og attentat blitt ein del av dagens orden, og det einaste konsistente mellom leiarane har vore korrupsjon. Mange av leiarane er involvert i narkotikatrafikken, noko som lett fører til ustabilitet.

Landet bar berykta for barnearbeid og sextrafficking. Dei fleste som hamnar i sexslaveri er unge gutar som vert selde til Senegal. Familien vert lova at gutane skal få gå på Koranskule, men i staden vert dei bortførte og misbrukte på det grovaste. Ein reknar med at det er 200 gutar som hamnar i denne sumpa kvar månad.

Under Portugal var Guinea Bissau i hoveudsak ein katolsk nasjon. Men no er halvparten muslimar. Som regel blandar folk saman element frå alle religionar dei kjenner.

Landet har religionsfridom, og kristne nyt allmenn respekt for stor humanitær innsats midt under urolege tilhøve.

Talet på misjonærar til landet frå Asia og Latin Amerika er aukande.

Behovet for biblar er enormt, men stor analfabetisme og fattigdom gjer det vanskeleg med bibelspreiing. Her må ting takast frå grunnen av.

Kjelde: www.prayercast.com

Be om:
  • at Gud velsignar nasjonen med rettferdige og sjølvoppofrande leiarar.
  • at alle korrupte og kriminelle leiarar skal avslørast, avsetjast, arresterast og dømmast
  • vern over dei unge slik at dei ikkje vert selde som slavar til vonde menneske
  • sann bibelsk vekking i kyrkjelydane
  • at kristne vert reinsa frå avgudsdyrking, magi og okkulte handlingar
  • at åndeleg modne og trente nasjonale kyrkjelydsleiarar skal bevega seg ut på landsbygda for å nå dei unådde folka som lever der.
  • grunnutdanning og leseopplæring for barna
  • om stopp i alle transitt og bruk av narkotiske stoff
  • utvikling av næringslivet i landet slik at folk ikkje kjenner seg avhengig av narkotrafikken

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...