torsdag 18. juni 2015

Island


Island har verdas eldste parlament. Alt i 930 vart det første Alltinget etablert.
Islands rike litteratur frå Middelalderen er velkjend. Ættesoger frå Island og dei norske kongesogene skrivne av islendaren Snorre Sturlason blir rekna for eit høgdepunkt i verdslitteraturen. 
I Island bur det 330000 menneske. Landet ligg i nordatlanteren, og er ein del av den midtatlantiske ryggen som strekker seg frå Sørishavet til Nordishavet, og er 100% vulkansk. Det er mange aktive vulkanar på sagaøy, og det er stadig nye utbrot. Island har rike naturressursar, fiske og vasskraft har gjort landet til eitt av verdas rikaste. Framveksten av ein abnorm finanssektor resulterte i økonomisk samanbrot og regjeringskrise i 2008-2009. Men per i dag er økonomien i god betring. Historisk har Island vore styrt av Danmark i mange hundre år, men vart sjølvstendige i 1944.
Landet har ein unik og fantastisk natur med varme kjelder, høge fjell, enorme isbrear, elvar, fossar og revner. Mest kjend er Thingvellir, ein sprikk i nord-sørleg retning tvers over øya som utvidar seg år for år. Eine delen av øya beveger seg mot aust, den andre mot vest.

Den lutherske kyrkja i landet er statskyrkje. Nesten alle innbyggjarane  er medlemmer av Den islandske kyrkja, men det er svært få aktive kristne. Likevel er det lyspunkt. Ungdom i Oppdrag har etablert ein fast base i Reykjavik, Den lutherske frikyrkja er aktiv, og pinsevenene driv eit disippeltreningssenter. Fleire kyrkjelydar driv Alphakurs, og resultata har vore gode. Den kristne radiostasjonen Radio Lindin når 90% av befolkninga, og denne har vore til stor velsigning for dei truande i landet, og nokre har også kome til tru ved å lytta til denne stasjonen.
I Island har det aldri vore ei gjennomgripande åndeleg vekking. Enno er det djupe heidenske straumdrag i mellom folk.

Be om
  • vekking og rikt åndeleg liv i kyrkjelydane
  •  frelste prestar og forkynnarar
  • ei oppreist, modig, mogen og velutrusta kyrkje
  • ærlege politikarar og næringslivsleiarar
  • at folk skal bli fri frå gamle demoniske krefter
  •  suksess for Alphakursa

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...