Viser innlegg med etiketten Guinea Bissau. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guinea Bissau. Vis alle innlegg

mandag 6. juli 2015

Biafada frå Guinea Bissau

Av dei 54000 biafadaane er det eit fåtal truande kristne.Fleirtalet er muslimar. Språket er biafada, og det føreligg ingenting skriftleg på dette språket. Biafadafolket er bønder og kvegfolk. Folket er ope for å høyra Guds ord, men det er mange ting som hindrar dei i å ta imot, og då snakkar me særleg om den sterke tilknytninga til og beundringa dei har for islam. Difor vert dei som konverterer gjerne forfølgde på ulikt vis. Dei kan t.d. bli nekta husly og mat.

Herre! Me ber om ein sterk misjonsvisjon blandt dei kristne i Guinea Bissau og ein iver hos dei til å dela evangeliet også med biafadafolket. Styrk dei få truande i dette folket med din Heilage ande, hjelp dei å stå tett saman og vitna om deg med den kraft og visdom som Anden gjev. Må lyset ditt fløyma over dei og avsløra løgna i islam for dei, syna dei Jesus som vegen, sanninga og livet og driva dei til han. Må nokon bli kalla til å gjera biafada om til eit skriftspråk, og omsetja Bibelen til dette språket, og gje biafadafolket ein sterk trong etter å læra seg lesekunsten, og ein hunger etter å lesa ditt levande og dyrebare ord.  Amen! 

 Biafada, Biafar in Guinea-Bissau

torsdag 11. juni 2015

Guinea Bissau


Befolkning: 1,628,603
Folkegrupper: Atlantisk 53.5%, Fulbe 21.7%, Malinke 11.9%, Kreol 11.9%, Andre 1%
Religion: 52.1% Islam, 35.1% etnisk religion, 10.9% kristne
Språk: Portugisisk, kreol
BPN: $1,100
Alfabetiseringsgrad: 39.6%
Unådde folkeslag: 57.1%
Guinea Bissau er eit av verdas fattigaste land. Gjennomsnittleg levealder er vel 47 år. Den legale økonomien er basert på jordbruk og fiske. Men det er ein ukontrollerbar stor svart økonomi som er knytta opp til bruk og transitt av narkotika. Landet har ingen kystvakt som kan ta seg av dette problemet, politiet har ikkje bilar og marinen ingen båtar.

Guinea Bissau vart uavhenging frå Portugal i 1974, og vart styrt av eit diktatur til 1994. Etter den tid er militærkupp og attentat blitt ein del av dagens orden, og det einaste konsistente mellom leiarane har vore korrupsjon. Mange av leiarane er involvert i narkotikatrafikken, noko som lett fører til ustabilitet.

Landet bar berykta for barnearbeid og sextrafficking. Dei fleste som hamnar i sexslaveri er unge gutar som vert selde til Senegal. Familien vert lova at gutane skal få gå på Koranskule, men i staden vert dei bortførte og misbrukte på det grovaste. Ein reknar med at det er 200 gutar som hamnar i denne sumpa kvar månad.

Under Portugal var Guinea Bissau i hoveudsak ein katolsk nasjon. Men no er halvparten muslimar. Som regel blandar folk saman element frå alle religionar dei kjenner.

Landet har religionsfridom, og kristne nyt allmenn respekt for stor humanitær innsats midt under urolege tilhøve.

Talet på misjonærar til landet frå Asia og Latin Amerika er aukande.

Behovet for biblar er enormt, men stor analfabetisme og fattigdom gjer det vanskeleg med bibelspreiing. Her må ting takast frå grunnen av.

Kjelde: www.prayercast.com

Be om:
  • at Gud velsignar nasjonen med rettferdige og sjølvoppofrande leiarar.
  • at alle korrupte og kriminelle leiarar skal avslørast, avsetjast, arresterast og dømmast
  • vern over dei unge slik at dei ikkje vert selde som slavar til vonde menneske
  • sann bibelsk vekking i kyrkjelydane
  • at kristne vert reinsa frå avgudsdyrking, magi og okkulte handlingar
  • at åndeleg modne og trente nasjonale kyrkjelydsleiarar skal bevega seg ut på landsbygda for å nå dei unådde folka som lever der.
  • grunnutdanning og leseopplæring for barna
  • om stopp i alle transitt og bruk av narkotiske stoff
  • utvikling av næringslivet i landet slik at folk ikkje kjenner seg avhengig av narkotrafikken

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...