Viser innlegg med etiketten Dungan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dungan. Vis alle innlegg

onsdag 8. august 2018

Kirgisistan

Sentralasiatisk fjelland (med toppar på over 7000 meter) med 6 millionar innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 32 språk. Landet grensar mot Kina, Usbekistan, Tadsjikistan og Kasakstan.
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.

91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.

Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.

Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.

Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.


  • Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
  • Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
  • Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar. 
  • Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
  • Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
  • Be om rettferdig fordeling av godene i landet      
  • Be om gode avlingar og attreising av økonomien
  • Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon

søndag 28. juni 2015

Dunganfolket i Kirgizistan

Det er 63000 dunganar i Kirgizistan, og nesten like mange utanfor landet, og særleg i nabolandet Kasakstan. Dungan er opprinneleg kinesarar. Dei er framifrå dyktige grønsakdyrkarar, og er elles kjende for å venlege og gjestmilde. Dunganfolket er muslimar. Deler av Bibelen er omsett til dunganespråket. Nokre ytters få er kristne.

Kjære Herre Jesus! Me ber om at du skal bli kjent, trudd, æra og elska mellom dunganane. Må riket ditt og koma, viljen din skje i dette folket. Avslør islams løgner for dei, synd dei djupnene i synda dei ber på og gje dei ei djup lengsle etter fred med Gud ved trua på deg, du som er verdas einaste frelsar. Fyll dei kristne med Ande og kraft og gjer dei til dine sterke og truverdige vitner. Må dungankyrkja veksa fram som ein vakker bygning i Sentral-Asia, og lysa for alle menneske somo bur der. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...