onsdag 17. juni 2015

Ungarn

A map of Hungary class=

Ungarn er ein rett gamal kulturnasjon mellom vest og aust-Europa. I mange hundre år utgjorde landet saman med Austerriket, som forresten også omfatta Spania og deler av Nederland, eit rike som kollapsa etter 1.verdskrigen i 1918.
Det bur knappe 10 millionar menneske i landet (folketalet er som elles i Europa synkande), og 90% referer seg til kristendomen. 282000 tilhøyrer protestantiske/evangeliske kyrkjer.  resten er romersk katolske. Når det gjeld den åndelege situasjonen, er den i stor grad prega av sekularisering, og det er strenge restriksjonar på offentleg forkynning og vitneteneste. Kyrkja sin påverknad på samfunnet er heller liten. Kyrkjelydane er marginaliserte, og apati og verdslegdom pregar dei truande. Folk flest står langt frå evangeliet, og dei søker svar på livsspørsmåla i det å eiga ting, verdslege fornøyelsar, alkohol, og falsk religion som mystisisme, okkultisme, hekseri, oldgamal shamanisme, tibetansk buddhisme eller ein variert miks av dei ulike retningane.
Dei siste åra har det vakse fram ein skremmande fascistisk rørsle i Ungarn som femner så mange som 40% av befolkninga. Det er statsminister  Viktor Orbán og partiet hans Fidesz som står for denne politikken som er i ferd med å knebla all opposisjon med grunnlovsfesta innskrenking av pressefridom. Landet har ikkje lenger pressefridom, uavhengig sentralbank eller uavhengige domstolar.
Kyrkja har ingen politisk, etisk eller sosial påverkningskraft, og har heller ingen betydning i høve til næringsliv, kultur eller økonomi. Likevel har kristne visjonar for landet sitt, og karismatiske katolikkar og evangeliske kristne har som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar. Denne rørsla er i si spede begynning.
Ungarn er eit nav for den teologiske utdanninga i Sentral-Europa. Fleire kristne universitet tilbyr teologisk utdanning til unge menneske.
Ungarn har ein jødisk minoritet på 90 000 menneske, og eit stort innslag av sigøynarar.
Opp til 30 000 ungarar er heimlause.  
Landet var under eit strengt kommunistisk/ateistisk regime frå den andre verdskrigen og fram til 1990. Eit opprør i 1955 vart brutalt slått ned av sovjetiske soldatar og tanks. Dette skapte ei stor ungarsk flyktningebølgje over Europa. Ungarn er eit rikt jordbruksland med enorme jorder, særleg i Vojvodina, det store slettelandet skapt av Donau.
Hovudstad er Budapest med 1,7 millionar innbyggjarar.

Bøn: 
Gode Gud! Me ber om ein ny dag for kyrkja i Ungarn og for det ungarske folket, ein dag der Jesus får skina som ei sol for alle som bur i landet. Må din kjærleik i Jesus Kristus blåsa som ein varm vind over ungararane til åndeleg liv for dei. Vekk folket opp for evige verdiar, og skap i dei ein hunger og tørst etter deg, vår Gud. Gje dei truande einskap, set mot i dei og hjelp dei å seia nei til verdslege lyster og følgja Jesus villig og med glede. Fyll dine barn med Anden slik at dei forkynner og vitnar om Jesus med kraft, iver og overtyding. Må det bli planta nye kyrkjelydar i byar og landsbyar, kyrkjelydar som forkynner evangeliet for dei fortapte og reproduserer seg sjølve. Me ber om at all heidensk utvikling i folkeliv og politikk skal gå til grunne under di hand, og at landet i eitt og alt skal bera preg av at du er Ungarns Gud.  Gje landet gode og kloke leiarar som har forstand til å søka hjelp hos deg i stort og smått. Me ber også om at jødane, sigøynarane og andre minoritetar i landet skal bli fanga av din kjærleik og kristna i hjarte og sinn. Må vald, korrupsjon og alle former for uærlegdom bli borte. Velsign ungararane økonomisk og vern landet mot store katastrofar, i Jesu namn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...