fredag 5. juni 2015

Tyskland

Folketal 82,1 mill
Kristne 52,7 mill
Evangeliske kristne 1,7 mill
Islam er den religionen som veks fortast, mest pga aukt innvandring.
88,3 % av befolkninga er tyskarar, 3% tyrkarar og 2,6% kjem frå dei slaviske landa.
Tysk er naturlegvis det offisielle språket, men totalt er det 69 språk som vert snakka i Tyskland.
Etter 2.verdskrigen vart Tyskland delt i to, Vest og Aust-Tyskland. Vest Tyskland var ein del av den frie demokratiske verda, medan Aust-Tyskland var eit kommunistisk diktatur under Moskva. Vest- Tyskland gjekk gjennom ein rivande økonomisk utvikling, og vart det økonomiske lokomotivet i Europa, medan Aust-Tyskland degenererte. Gjenforeininga etter kommunismens fall  i 1989-90 var starten på ein vanskeleg prosess som på ingen måte er ferdig enno. Arbeidsløysa i aust er t.d. langt høgare enn i vest, og i aust reiser det seg ekstreme nasjonalistiske rørsler som minnar om nazismen. Men gradvis rettar ting seg opp også i aust, og økonomisk og industrielt er det samla Tyskland i dag ei leiande stormakt i verda.
Tyskland har historisk tilført resten av verda store åndelege velsigningar. Reformasjonen på 1500-talet starta med Martin Luther, og den pietistiske vekkinga på 1700-talet med Spener og Francke, som heile den protestantiske misjonsrørsla vaks ut frå. Me kan knapt overvurdera betydningen av pietismen og reformasjonen. Dette var to rørsler som løfta Nord-Europa opp både kulturelt og økonomisk, og som brakte evangeliet til mange, mange fjerne land.
Men Tyskland gjekk også på 1800-talet i spissen for rasjonalismen, skeptisismen og den liberale teologi, noko som har resultert i at kristendomen i landet har mista krafta si, og han er i alvorleg tilbakegang.
Men denne tilbakegangen har drive mange truande saman på nye måtar. Bønerørsler veks fram, og mange kyrkjer jobbar no saman på tvers av konfesjonar og geografiske grenser for å bringa evangeliet ut til sekulariserte tyskarar som lever utan Gud og utan von i verda.
Skal Europa rekristnast, må det etter mitt hovud skje gjennom Tyskland. Det som skjer der, spreier seg fort til andre land, og tyskarane er vane med å tenkja på seg sjølv som Europass leiande makt. Finn dei Jesus, går dei straks ut for å gjera alle folkeslag til hans disiplar.. Difor er det gledeleg no at det veks fram ei ny huskyrkjerørsle i landet, og at desse meir nytestamentlege kyrkjelydane faktisk veks midt i tilbakegangen for dei historiske kyrkjene. Det veks også fram nye etniske kyrkjer mellom innvandrarar frå Afrika og Sentral-Asia, og desse er også i rivande utvikling. Men det trengst mange fleire, ikkje minst mellom tyrkarane.


  • Be om at det må bli nytt liv i dei historiske kyrkjene i Tyskland, at leiarane må tru på Bibelen som Guds ord og forkynna ordet klårt, reint, innsiktsfullt og med himmelsk mynde.
  • Takk for dei nye kyrkjene som har vakse fram, og be om at Guds lys skal gå ut frå dei til folket.
  • Be om einskap mellom alle kristne i Tyskland
  • Be om at alle nasjonalsosialistiske rørsler skal bli stoppa i Jesu namn
  • Be om at kristne i vest skal vigsla seg til misjon og disippelgjering i aust
  • Be om at det skal opna seg for evangeliet mellom tyrkarane
  • Be om at evangeliet skal gå fram mellom kurdarane (1 mill) iranarane (100000), dei nordafrikanske berberane (300000), dei bosniske muslimane (250000).
  • Be om at immigrantkyrkjene også skal sjå på det tyske folket som ei naturleg målgruppe




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...