Angola ligg sør for ekvator, på Afrikas vestkyst.
Folketal: 18 mill
Areal: 1,246700 kv.km.
Religion: over 17 millionar kristne. 4 millonar av dei er evangeliske.
Kristendomen veks med 3% årleg (folketalsvekst), dei evangeliske kyrkjene med 4%.
Hovudstad: Luanda
Gamal portugisisk kolonoi som vart sjølvstendig i 1975. 27 år med påfølgande borgarkrig har gjort nesten uboteleg skade på infrastrukturen, og landet er fullt av udetonerte landminer.
Sosialistane som kom til makta i 1975 hadde utsletting av kristendomen på programmet.
Etter den tid har talet på kristne firedobla seg.
Dei fleste kristne i landet tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, og dei fleste er nominelle.
Synkretismen er stor både når det gjeld lære og praksis.
Angola har utvikla seg til å bli ein stor oljenasjon, og det har ført til ny økonomisk utvikling.
Landet er rikt på mineraler og andre naturressursar
Fattigdomen er likevel ekstrem mellom vanlege folk.
Språk: Portugisisk. Totalt: 41. 33 bibelspråk (2010)
Gode Gud! Me ber om at du skal skapa full forsoning mellom dei som i så mange år forsøkte å ta livet av kvarandre.
Me ber om at kyrkja di skal vera varm, vital og kraftfull.
Me ber om kristen einskap.
Me ber om at kyrkja di skal bli reinsa frå synkretisme, trolldom og skammelege synder
Me ber om gode nasjonale og lokale leiarar i kyrkja di
Me ber om at folk skal bli kvitt demoniske makter som villeier og plagar dei.
Me ber om at dei unådde folkeslaga i landet skal bli nådde med evangeliet
Me ber om at dei nye rikdomane skal koma landet til gode, og bli fordelte rettferdig.
Me ber om rettsindige og gudfryktige leiarar.
Me om at alle korrupte leiarar skal bli fjerna frå stillingane sine.
Me ber om eit godt utdanningssystem for dei unge.
Me ber om eit godt helsevesen for dei sjuke og skadde
Me ber om at alle landminer skal bli funne og uskadeleggjort
Amen!
Kjelder: Operation World og Prayercast
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten portugisisk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten portugisisk. Vis alle innlegg
onsdag 15. februar 2017
mandag 15. februar 2016
Angola

Folketal: 19 millionar. Av desse bur 4,7 millionar i hovudstaden Luanda. 97% av befolkninga tilhøyrer bantustamma.
Angola rår over ufattelege naturrikdomar. Her er det næringsrik matjord, diamantar, olje og mineralar. Likevel er storparten av befolkninga lutfattig. Må vera noko ramlande gale med fordelinga av godene i den gamle kommuniststaten, som forøvrig framleis er plaga av etterverknaden av mange års borgarkrig. Infrastrukturen er forresten i rask utvikling.
Angola var portugisisk koloni i 450 år. Dette tok slutt i 1975 gjennom eit kommunistisk kupp støtta av kubanske soldatar. Etter det var landet prega av tærande borgarkrig fram til 2002 der antikomministar, støtta av Sør-Afrikanske styrkar.
94% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, og fleirtalet er naturleg nok romersk katolske. Likevel er protestantiske og uavhengige evangeliske og karismatiske kyrkjer i kraftig vekst, og tel i sum over 5,5 millionar menneske. Det utgjer 27% av befolkninga (2010).
Det er 43% analfabetisme i Angola. Totalt snakkar dei 41 innfødde språk. Administrasjonsspråket er portugisisk. Bibelen eller deler av han er å få på 33 av språka (2010).
* Takk Gud for forsoningsprosessen som er i gong mellom folk som tidlegare kriga mot kvarandre og hata kvarandre. Kyrkja spelar ei nøkkelrolle her. Be om at prosessen skal føra heilt fram.
* Takk Gud for at landet er i god økonomisk utvikling, og be om at dei fattige må få del i velstandsuntviklinga.
* Takk Gud for den sterke kyrkjeveksten som har vore i landet også gjennom år med krig og stor liding. Dei evangeliske kyrkjene firdobla seg frå 1990 til 2010.
* Be om at alle landminer må bli funne og destruerte
* Be om at Gud lækjer fysiske, psykiske og sosiale sår som mange års krig har påført befolkninga
* I Luanda er det store leirar med internt fordrivne flyktningar som lever under miserable tilhøve. Mange foreldrelause barn blir selde som sex-slavar, mange blir forletne av famliliane sine, eller dei blir anklagar for hekseri av slektningane sine for at dei skal bli kvitt dei, Tragediane er mange. Be om at dei vaksne skal begynna å oppføra seg ansvarlege menneske, at styresmaktene skal ta brotsverk mot barn på ramme alvor og setja inn kraftige tiltak mot dette skadeverket.
* I Angola er religionsblanding heilt vanleg og kurrant, også blant kristne. Be om at Gud skal senda ei vekking i si kyrkje som frir dei truande frå vonde ånder som forvirrar dei og fører dei på avvegar, ei vekkjing som fjernar avgudsdyrking av einkvar sort frå folks hjarto.
* Be om at dei truande skal leva heilage og Kristuslike liv.
* Be om at Guds ord må vera det einaste lyset som dei kristne navigerer etter.
* Be om einskap mellom dei truande. Dei gruppene som no veks sterkast er dei uavhengige som har ein tendens til å isolera seg og dyrka sine særeigne ting.
* Det er eit desperat behov for mange og gode kristne leiarar. Be om at Gud kallar og utrustar.
* Be om at alle barn må få realisert retten sin til offentleg skulegang.
* Be om speriing av kristen litteratur over heile landet. Folket hungrar etter dette.
torsdag 11. juni 2015
Guinea Bissau
Befolkning: 1,628,603
Folkegrupper: Atlantisk 53.5%, Fulbe 21.7%, Malinke 11.9%, Kreol 11.9%, Andre 1%
Religion: 52.1% Islam, 35.1% etnisk religion, 10.9% kristne
Språk: Portugisisk, kreol
BPN: $1,100
Alfabetiseringsgrad: 39.6%
Unådde folkeslag: 57.1%
Guinea Bissau er eit av verdas fattigaste land. Gjennomsnittleg levealder er vel 47 år. Den legale økonomien er basert på jordbruk og fiske. Men det er ein ukontrollerbar stor svart økonomi som er knytta opp til bruk og transitt av narkotika. Landet har ingen kystvakt som kan ta seg av dette problemet, politiet har ikkje bilar og marinen ingen båtar.Guinea Bissau vart uavhenging frå Portugal i 1974, og vart styrt av eit diktatur til 1994. Etter den tid er militærkupp og attentat blitt ein del av dagens orden, og det einaste konsistente mellom leiarane har vore korrupsjon. Mange av leiarane er involvert i narkotikatrafikken, noko som lett fører til ustabilitet.
Landet bar berykta for barnearbeid og sextrafficking. Dei fleste som hamnar i sexslaveri er unge gutar som vert selde til Senegal. Familien vert lova at gutane skal få gå på Koranskule, men i staden vert dei bortførte og misbrukte på det grovaste. Ein reknar med at det er 200 gutar som hamnar i denne sumpa kvar månad.
Under Portugal var Guinea Bissau i hoveudsak ein katolsk nasjon. Men no er halvparten muslimar. Som regel blandar folk saman element frå alle religionar dei kjenner.
Landet har religionsfridom, og kristne nyt allmenn respekt for stor humanitær innsats midt under urolege tilhøve.
Talet på misjonærar til landet frå Asia og Latin Amerika er aukande.
Behovet for biblar er enormt, men stor analfabetisme og fattigdom gjer det vanskeleg med bibelspreiing. Her må ting takast frå grunnen av.
Kjelde: www.prayercast.com
Be om:
- at Gud velsignar nasjonen med rettferdige og sjølvoppofrande leiarar.
- at alle korrupte og kriminelle leiarar skal avslørast, avsetjast, arresterast og dømmast
- vern over dei unge slik at dei ikkje vert selde som slavar til vonde menneske
- sann bibelsk vekking i kyrkjelydane
- at kristne vert reinsa frå avgudsdyrking, magi og okkulte handlingar
- at åndeleg modne og trente nasjonale kyrkjelydsleiarar skal bevega seg ut på landsbygda for å nå dei unådde folka som lever der.
- grunnutdanning og leseopplæring for barna
- om stopp i alle transitt og bruk av narkotiske stoff
- utvikling av næringslivet i landet slik at folk ikkje kjenner seg avhengig av narkotrafikken
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

