lørdag 6. juni 2015

Hellas

Hellas er inne i ei djup økonomisk krise. Dei veit korkje ut eller inn. Vel har dei levd over evne i mange år, og vel er skattemoralen låg og korrupsjonen høg, men landet kan ikkje for all framtid betale rotne lån ved å ta opp nye rotne lån. Her må det ei gjeldssanering til.
Hellas er den vestlege kulturs vogge. Dette er landet som fostra dei første naturfilosofane, og namn som Sokrates, Platon og Aristoteles har etsa seg fast i oss alle. Men også innan skulptur og arkitektur var dei antikke grekarane uovertrufne. Dette landet må ikkje få gå i hundane.
Hellas har i dag 11,2 mill menneske. 10,2 mill er kristne, men berre 41000 evangeliske.  Det store gross er ortodokse, og kristent liv er mange stader lite av. Dessutan er dei ortodokse ofte heftige motstandarar av evangelisk kristne som fordrar personleg tru og samsvar mellom liv og lære. Mindre enn 3% av befolkninga går regelmessig i kyrkja. Ho har ikkje lenger relevans for vanlege grekarar.
Hellas er eitt av dei landa i Europa som tek imot flest flyktingar frå krigsherja områder lenger aust. Desse er i liten grad velkomne til landet, og mange blir stygt  trakkaserte, og det er få og ingen velferdsordningar for desse ulukkelege menneska.

La oss be om
  • genuin vekking i den gresk ortodokse kyrkja
  • Gudstenester der forkynninga av Ordet står i sentrum
  • at Anden får renna fritt og kraftig både i dei ortodokse og dei evangeliske kyrkjene
  • at Gud i himmelen skal gripa inn og føra folket og landet ut av den krisa dei er inne i
  • at landet skal bli atterfødd på alle områder
  • at landet og folket skal bli reinsa frå synd, og søka den levande Gud
  • at landet og folket skal bli gjeninnsett i den herlege plan Gud har og alltid har hatt for Hellas
  • at dei evangeliske skal finna måtar å kommunisera med vanlege folk på og skaffa seg nødvendig tillit og respekt
  • betring av levekåra for flyktningar som kjem til landet

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...