torsdag 25. juni 2015

Bokarfolket i India


Bokarfolket er ei undergruppe av Adi. Dei lever i grenseområda mot Kina heilt i nordaust, i eit område av India der kristendomen elles står overlag sterkt. Dei er bønder for det meste, og driv elles med veving og korgfletting, og har suksess med begge deler. Likevel, analfabetismen er høg, og evangeliet må koma til dei helst i munnleg form. Dei snakkar adi, og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei i tekst og lyd. Det same er Jesusfilmen. Når det gjeld hovudreligion er den ikkje kjend for joshuaproject.net, men over 4% er kristne, men ingen evangeliske.

Far i himmelen! Me ber for dei i bokarfolket som ser på deg som sin Gud, at dei skal ha ei levande tru, ei rett forståing av kva du har gjort for dei gjennom Jesus, bli fylt av din kjærleik, halda saman i sterke fellesskap og overgje seg til å bringa din frelsande bodskap til frendane sine og til resten av alle som snakkar adispråket.  Motiver dei til å læra seg og barna sine å lesa og skriva, og skap i dei ein hunger og tørst etter ditt ord som skapar forvandling i liva deira. Løys dei mildt og sterkt frå alle falske religiøse førestellingar, og frå alle åndsmakter som bind dei til synda, døden og domen. Gjer Jesus og hans frelse herleg og stor for dei. Me ber i Jesu namn. Amen!

Bokar in India

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...