lørdag 3. januar 2026

Den venezulanske presidenten Nikolas Maduro arrenstert



 I natt gjennomførte, på ordre frå USA-president Donald Trump, amerikanske spesialstyrkar ein aksjon i Venezuela sin hovudstad, Caracas, som munna ut i arrestasjon av den illegitime presidenten i landet, Nikolas Maduro. Han er no, saman med kona si, på veg til USA for å bli stilt for retten der for brot på landet sine narkotikalover. 

I tillegg må det nemnast at denne Maduro har kjørt Venezuela på grunn, øydelagt økonomien, ført folket inn i djup, djup fattigdom, fengsla og utsett opposisjonelle for grove overgrep med det resultat at 8 millionar av befolkninga har flykta til andre land.  Dei fleste venezuelanarane gleder seg over USA sin aksjon, men spør seg sikkert om kva som no kjem til å skje. 

  • Be om at heile maktapparatet i Venezuela blir bytta ut, og at dei som vann valet for to år sidan, med den valde presidenten Edmundo Gonzales  og nobeprisvinnar Maria Corina Machado i spissen, skal innta regjeringskontora. 
  • Be om at landet skal bli gjenoppbygd og nå gamle høgder. 
  • Be om at islamistar, sosialistar og kommunistar må tapa all innflytelse over Venezuela.

 

Store protestar mot regimet i Iran og ayatollah Khamenei

 Det iranske folket  lever i stadig større armod. Det er mange grunnar til det. I skrivande stund opplever landet hyperinflasjon. Pengene dei har om morgonen er ingenting verd om kvelden. Resultatet er at basarane stenger, og folk demostrerer i gatene i dei store byane, noko som er livsfarleg. Det er meldt om 6 drepne så langt i samanstøytar med tryggingspolitiet.  Folk er elles rasande på prestetyranniet som har plaga livet av dei sidane 1979. Det er ingen fridom for nokon som helst i Iran, og dei reelle makthavarane har isolert seg og står aldri på val. Landet er eit hyklerisk skinndemokrati. ¨

Store pengesummar vert kvar månad sendt ut av landet for å støtta terrorisorganisasjonar som Huthuane i Jemen, Hamas i Gaza og Hizbollah i Libanon med våpen og andre ting dei treng for å kunna bidra til Irans sjuke trong etter å knusa Israel og drepa jødar, medan det iranske folket knapt har til smør på skiva. 

I tillegg har det vore lang tids tørke i landet.

Alt dette har ført til at folk flest for lengst har vendt seg bort frå islam. 

Parallelt går det ei kristen vekking over landet som har eit omfang som får presteregimet til å skjelva skikkeleg i buksene. Jesu framgang er Irans håp. 

  • Be om vern for dei som no demonstrerer mot regimet.
  • Be om at regimet i landet må falla
  • Be om at Guds ord skal ha stadig større framgang
  • Be om at Gud skal hjelpa folk med dei mange kvardagsproblema deira


To familiar huslause etter storbrann i Sandnes i går

 To hus brann ned til grunnen i Sandnes i går kveld. 

Be om styrke til dei to familiane som er berørte av denne tragedien. 

40 omkomne i brann i nattklubb i Crans Montana i Sveits natt til 1. nyttårsdag, over hundre kritisk skadde

 Me ber i Jesu namn om lækjedom for dei kritisk skadde, trøyst til dei som sørger over sine kjære og all mogeleg hjelp til redningsarbeidarane. Må det som har skjedd her få folk til å tenkja på deg, Jesus, og søkja sitt evige vel å venda om frå sine synder og begynna å følgja deg. Amen! 



Askvoll i Sunnfjord i Vestland

 


Askvoll omfattar ytre delane på nordsida av Dalsfjorden. 
På kommunevåpenet er det avbilda ein gamal steinkross frå Middelalderen som indikerer djupe kristne røter og lange tradisjonar.  
Innbyggjartal: 2930. 
Kommunesenter: Askvoll
Næringsliv: Jordbruk (husdyrhald), fiske, industri og kraftproduksjon
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja har tre kyrkjebygg i Askvoll. I tillegg er det fleire bedehus og bedehuskapell i kommunen. Ingen frikyrkjer. Få spor av åndeleg liv som nokon har funne det verd å skriva om. 

Gode Gud! Sjå i nåde til alle som bur i Askvoll kommune, og send ordet om Jesus inn i liva deira. Må kallet til omvending og tru nå fram til alle. Må du Heilag Ande koma over menneska der, tala til hjarto deira, overtyda om synd, rett og dom, og stadfesta evangeliet med under og teikn som blir gjort i Jesu namn. 
Må alle truande i kommunen erfara Andens fornyande kraft i liva sine, og søkja saman i fellesskap der dei kan styrkja kvarandre som kristne, og tena deg saman gjennom evangelisering og diakoni.  
Hald di gode hand over barn og unge slik at dei ikkje blir påført skade, men kan bli kjent med Jesus og veksa opp i varme, rusfrie og trygge heimar med sterkt samhald. Velsign kommunen med gode leiarar, stabile arbeidsplassar og gode kår for alle næringar, i Jesu namn, amen! 

 



Den venezulanske presidenten Nikolas Maduro arrenstert

 I natt gjennomførte, på ordre frå USA-president Donald Trump, amerikanske spesialstyrkar ein aksjon i Venezuela sin hovudstad, Caracas, som...