Me takkar deg, Gud, for at Donald Trump ikkje lenger vil ta Grønland med makt. Det var sanneleg eit steg i rett retning. Så ber me i dag om at grønlendarane skal la seg innlemma i ditt rike, at dei skal venda om til deg med heile seg, bøya seg ved din kross og la seg overskylla av din kjærleik og nåde.
Og så ber me for president Donald Trump. Han har ein viss respekt for deg, men treng å ta imot di frelse og bli reinsa frå sine synder. Me ønskjer oss ein amerikansk president som er audmjuk, som elskar deg, som løftar opp namnet ditt, som lyder ditt ord, som sluttar å truga og skremma. Gje han god sjølvinnsikt og dømmekraft, og lat han halda lovnadane sine og vera til å stola på. Gode Far! Eg synest han er veldig sjølvoppteken, og at han fort blir fornærma og hemngjerrig. Og så har han så lett for å mobba andre, og set ein låg standard for korleis me kommuniserer med kvarandre. Dessutan er han skrytande, og han overdriv sin eigen historiske betydning. Audmjuk han slik at du kan løfta han opp og gje han sann stordom. Me treng ein godt fungerande amerikansk president som liknar på deg i sin måte å leida på, audmjuk, klok, sann, tydeleg og varm, ein president som skuggar unna alle djevelske impulsar. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar