Herre Jesus Kristus!
Du er overordna alle jordiske styresmakter. Du er "den som lèt år og tider skifta, set kongar av og set kongar inn, og gjev dei vise visdom og dei vituge vit, " som me les i Daniel 2,21.
No ber me om at du i di store makt skal avsetja prestestyret i Iran, og unna det iranske folket politisk fridom og demokrati.
Me ber om at liv skal bli spart. Stopp revolusjonsgarden som skyt og drep verjelause menneske.
Stopp avretting av skuldlause menneske.
Gje generalane i hæren og politiet mot til å støtta demonstrantane.
Me ber om at dei ulike folkegruppene skal vera einige og samstemte om korleis landet skal styrast framover.
Me ber om at du skal avverga alt som kan føra til borgarkrig.
Me ber om "styrke, visdom, leiing og vern for dei kristne slik at dei kan vera eit lys i ein kaotisk og ekstrem situasjon." (Opne Dører)
Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar