Kart: snl.no
Folketal: 9655
Kommunesenter: Nordfjordeid
Næringsliv: Jordbruk. Fiske, Fiskeoppdrett. Reiseliv og turisme.
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja har 8 sokn med kvar si soknekyrkje.
Det er mange bedehus i kommunen, og det har vore fleire djuptgripande vekkingar i dette området av Noreg. Kommunen ber vel enno preg av det.
Filadelfia Stadlandet er ei pinsekyrkje med ein god nettside som fortel om eit rikt åndeleg liv.
Gode Gud! Sjå i nåde til alle som bur i Stad kommune, og send ordet om Jesus inn i liva deira. Må kallet til omvending og tru nå fram til alle. Må du Heilag Ande koma over menneska der, tala til hjarto deira, overtyda om synd, rett og dom, og stadfesta evangeliet med under og teikn som blir gjort i Herren Jesu Kristi namn.
Styrk det indre livet i kyrkjelydane og forsamlingane i Stad, og lat dei stå saman for å nå ut til lokalsamfunnet med evangeliet.
Hald di gode hand over barn og unge slik at dei ikkje blir påført skade, men kan bli kjent med Jesus og veksa opp i varme, rusfrie og trygge heimar med sterkt samhald. Velsign kommunen med gode leiarar, stabile arbeidsplassar og gode kår for alle næringar, i Jesu namn, amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar