Viser innlegg med etiketten Grønland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grønland. Vis alle innlegg

fredag 23. januar 2026

Takk og bøn

 Me takkar deg, Gud, for at Donald Trump ikkje lenger vil ta Grønland med makt. Det var sanneleg eit steg i rett retning. Så ber me i dag om at grønlendarane skal la seg innlemma i ditt rike, at dei skal venda om til deg med heile seg, bøya seg ved din kross og la seg overskylla av din kjærleik og nåde. 

Og så ber me for president Donald Trump. Han har ein viss respekt for deg, men treng å ta imot di frelse og bli reinsa frå sine synder. Me ønskjer oss ein amerikansk president som er audmjuk, som elskar deg, som løftar opp namnet ditt, som lyder ditt ord, som sluttar å truga og skremma. Gje han god sjølvinnsikt og dømmekraft, og lat han halda lovnadane sine og vera til å stola på. Gode Far! Eg synest han er veldig sjølvoppteken, og at han fort blir fornærma og hemngjerrig. Og så har han så lett for å mobba andre, og set ein låg standard for korleis me kommuniserer med kvarandre. Dessutan er han skrytande, og han overdriv sin eigen historiske betydning. Audmjuk han slik at du kan løfta han opp og gje han sann stordom. Me treng ein godt fungerande amerikansk president som liknar på deg i sin måte å leida på, audmjuk, klok, sann, tydeleg og varm, ein president som skuggar unna alle djevelske impulsar. Amen! 

onsdag 7. januar 2026

Grønland

 President Donald Trump vil gjerne annektera Grønland. Han grunngjev dette med USA sitt tryggleiksbehov. Det liknar til forveksling på Vladimir Putin sin argumentasjon for å prøva å annektera Ukraina. Eg trur begge lyg. Deira agenda er økonomisk. 

No ber me Gud om at Donald Trump skal leggja bort ideen om å annektera Grønland, og det ber me om  i Jesu Kristi namn, i hans namn som står over alle makter og autoritetar, og som har det største namnet som nemnast kan i denne og i den komande verda. Amen! 

fredag 6. juni 2025

Grønland

Bilde og kjelde: operationworld.org

Grønland, verdas største øy, er i fokus som aldri før i og med president Donald Trump sitt uttalte ønskje om å annektera øya, denne er i dag ein del av Danmark. Men han om det. Vår oppgåve i dag er å be Herren om å overta det grønlandske folket sine hjarte. 

Folketal: 55 745
Hovudstad: Nuuk

Største religion: Kristendom (96,6%)
Prosent evangeliske: 4,7%

Nesten kvar busetnad på Grønland har ei luthersk kyrkje – men mange manglar ekte åndeleg liv. Be om fornying. Moderne kultur kolliderer med grønlendarane sine gamle levemåtar, og mange strir no med umoral, seksuelt misbruk, alkoholisme, psykiske lidingar og sjølvmord. Nokre truande urfolk og utanlandske misjonærar tener Jesus i Grønland, og ser vidunderlege frukter av Den Heilage Andens verk. Be om at dette held fram. Takk Gud for nye flystriper som opna avsidesliggande busetnader for teneste.

Me ber i Jesu namn om at du Herre Jesus, skal lysa for grønlendarane, og koma til dei med frelse, håp,livsmot og ny livsmeining. Fyll dei med Anden på ein slik måte at dei aldri meir kjenner trong for å rusa seg på rusmidlar og ulovlege seksuelle erfaringar. Må dei finna deg i ditt ord, og bli ivrige bibellesarar, og misjonærar for folket sitt og for andre urfolk på nordkalotten. Amen! 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...