Pastor Raymond Koh
Pastor Raymond Koh vart kidnappa av malaysisk tryggingspoliti i Kuala Lumpur i 2013. Etter den tid har ingen høyrt ein lyd frå han. No har kona, Susanne Liew, vunne fram i Høgsterett som nyleg bestemte at politiet må betala dagbøter inntil dei utleverer pastoren enten død eller levande. Pastor Koh vart kidnappa fordi han frimodig forkynte om Kristus i dette muslimske landet, og at han ikkje var redd for å påpeika urett i samfunnet.
Gode Far!
Eg veit ikkje heilt kva eg skal be om her, men eg har eit sterkt ønskje om at pastor Koh skal vera i live og koma heil heim til familien og kyrkja si. Men dersom han er drepen, må dei som har myrda han bli stilt for retten og dømt etter det dei har gjort og erstatning bli utbetalt til kona og familien hans. Må evangeliet gå fram i Malaysia, og islams løgner bli avslørte for folk. Det ber me om i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar