tirsdag 17. mars 2026

Sør-Varanger i Finnmark

 

Kart: Wikipedia

Folketal: 9900.
Kommunesenter: Kirkenes
Næringsliv: Industri, jordbruk, skogbruk, fiske, kraftproduksjon og tenesteyting
Kyrkje og kristenliv: DNK har seks kyrkjer, fleire av stor historisk og arkitektonisk verdi. Nettsida til Sør-Varanger menighet er lite vedlikehalden. 
Indremisjonforbundet har hatt eit godt arbeid i Sør Varanger i mange år under namnet Finnmark Indremisjon. Likeeins Kirkens bymisjon. 

Gode Gud og Far! Me ber om framgang for ditt rike og di kyrkje i Sør-Varanger. Bevar alle kristne i trua på Jesus, forny dei ved ditt ord og din Ande og utrust dei til å disippelgjera sine medmenneske. Me ber også om at dei skal våga, og læra seg å planta nye kyrkjelydar på plassar der ordet ditt er lite kjent. Ta, godt vare på dei unge i kommunen, og lat dei ha si glede i å følgja Jesus. Velsign Sør-Varanger med kloke og ærlege leiarar, eit godt helsevesen, berekraftig økonomi, gode skular, eit eksemplarisk politi og ein uhilda og solid domstol. 




Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Kalota i India

  Kalota er eit lite folkeslag som berre tel 64000 menneske som bur i delstaten Madya Predesh Dei tilber hinduismen sine mange gudar.  Språk...