Viser innlegg med etiketten Normisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Normisjon. Vis alle innlegg

fredag 20. mars 2026

Trondheim i Trøndelag

 



Det er 220 000 innbyggjarar i Trondheim. 
Byen var, med Nidarosdomen som erkebispesete, kyrkjehovudstaden i Norden gjennom mange hundre år i Mellomalderen. I dag tek Nidarosdomen seg opp att som pilgrimsmål for folk som likar å driva på med slikt. 
Som i byar flest er folk stort sett opptekne med handel, tenesteyting og administrasjon. 
Den norske kyrkja har 16 kyrkjelydar i kommunen. Den evangelisk lutherske frikirke har to. Pinsevenene 3. Metodistane og baptistane har ein kvar. Kristent nettverk har også ein kyrkjelyd der. Normisjon (Salem) har opplevd eventyrleg vekst dei siste åra, og driv med mykje godt arbeid. NLM driv også ei forsamling som skal ha gode kvalitetar. 

Gode Gud! Me treng Trondheim som eit sterkt åndeleg kraftsenter i Midt-Noreg, og me takkar deg for alle dei vitale evangeliske kyrkjelydane i byen. Må dei veksa seg sterke, og vera ivrig opptekne av å driva misjon og planta nye kyrkjelydar der ditt lys enno ikkje skin klårt. 
Må Trondheim sine leiarar vera kappable til å løysa problema som byen slit med. 
Me ber mot rus, kriminalitet og seksuell umoral (som er omfattande), og om at folk i byen skal leva gode liv, ha hjarta for kvarandre, leva ærleg og skikkeleg. Må alt sunt næringsliv gå godt, og må kommunen har orden på økonomien. Me ber om god folkehelse, og at folk skal møta eit  fungerande helsevesen når dei treng det. Gje byen gode politifolk, rettferdige dommarar og kompetente velutdanna lærarar. Amen! 










mandag 19. januar 2026

Gloppen kommune i Vesland

 

Kartillustrasjon: snl.no

Innbyggjarar: 5936
Kommunesenter: Sandane
Næringsliv: Jordbruk, industri, lakseoppdrett og kraftproduksjon
Kyrkje og kristenliv: DNK har 9 kyrkjer, Normisjon har eit stort, fint bedehus i Sandane av litt eldre årgang med sakral arkitektur der det føregår mykje godt kristent arbeid, og pinsevenene har ei kyrkje der som (naturlegvis) heiter Sion. Fellesskapskirken har (som Kristkyrkja) sitt utspring i Frikirken. Dei leiger hus hos Sion. Sion er ein fleirkulturell kyrkjelyd med mange innvandrarar, særleg frå Afrika. Desse pregar kyrkja på ein god måte. Dei ulike kyrkjene samarbeidar mykje, og Sion har ei Gatekyrkje som dei er ute med kvar torsdags kveld. Då er ungdomane på byen, og evangelistane møter mange som er opne for evangeliet. 

Takk, gode Gud for alt det fantastiske du held på med i Gloppen kommune, for alle som kjem til tru, for alle kyrkjene som opplever vekst og utvikling, og for det økumeniske sinnelaget som pregar dei kristne. Me ber om meir, Gud, om at fleire skal koma til tru og blir disippelgjort. Ikkje berre i Sandane, men over heile kommunen. Særleg ber me om at arbeidet med Gatekyrkja skal lukkast, at dei som går ut skal oppleva å nå inn til dei unge, at det skal skapast tru og nytt liv. 
Må Sandane kommune vera ein god kommune for innbyggjarane. Me ber om robuste bedriftar, institusjonar, gardar og arbeidsplassar. Må barn og unge veksa opp i trygge, varme og rusfrie heimar. Vern dei mot alt som kan vera dei til skade, og må gravide kvinner i kommunen seia ja til sine små ufødde små. Amen! 






mandag 25. juni 2018

Jharkand, indisk delstat

Jharkand er tette skogar og lange åsar. Delstaten er den yngste i India, separert frå Bihar i år 2000. Det bur 32  millionar menneske del fordelt på 415 folkegrupper. Delstaten har eit areal på 77000 km2. Dei som bur der er stort sett svært fattige bønder, mange av dei tilhøyrer  urgamle og opprinnelege stammefolk (adivasi), t.d. santalane som Normisjon har arbeidd med i 150 år.  Det er 32 slike urfolk i Jharkand, dei fleste av dei er unådde.

68% er hinduar, 14% muslimar, 13% animistar og 5% kristne.

Dette området av India har gjennom det siste hundreåret vore prega av opprør og uro, og i dag er det ei maoistisk geriljagruppe som lever i dei djupe skogane som skaper trøbbel.

Det er eit tett åndeleg og moralsk mørker i Jharkand, og den 19.juni i år vart i følgje avisa "The Hindu" 3 kvinner som jobbar for kvinners rettar valdtekne av ein gjeng unge menn. Desse gjengvaldtektene er eit mareritt for India.

Dei kristne er ofte ivrige, men ikkje alltid så kloke i sitt uttrykk, Ein del av den forfølginga dei er utsette for burde vore unngått, i følgje Operation World 2010.

Far i himmelen!
Du er den rette far for alle menneske, også for befolkninga i Jharkand. Aus Anden din ut over denne fattige delstaten og over alle folka som høyrer heime der, og gje god grobotn for evangeliet om Jesus Kristus. Må ditt lys fløyma over Jharkand, fordriva mørkret og frelsa menneska. Styrk kyrkja di, gjer henne varm, vinnande, offensiv og klok. Amen!

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...