tirsdag 6. januar 2026

Dagens unådde folkeslag: Hira i India

 



Folketal: 58000
Språk: Assamese, som er eit bibelspråk
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,07%

Gode Gud og Far! Du er den rette far for Hira i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå religiøse åndsmakter. Må Hirafolet få tilgang til Bibelen og motivasjon til å lesa han. Gje dei gode kår i samfunnet. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre, og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane. Eg ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at Hirafolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamsk Hira-kyrkje som kan kan formidla deg til folket på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!




Ingen kommentarer:

Grønland

 President Donald Trump vil gjerne annektera Grønland. Han grunngjev dette med USA sitt tryggleiksbehov. Det liknar til forveksling på Vladi...