Folketal: 360 000
Språk: Marathi (har heile Bibelen i oversetting)
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%
Rangrez er ei lågkastegruppe som har spesialisert seg på farging av klede, og i den siste tida også på sal av klede.
Me ber, gode Gud, om at kristne i India skal kjenna på eit kall til å dela evangeliet med Rangrezfolket. Me ber om ei sterk vekkingsrørsle som driv heile familiar og småsamfunn til Kristus, og at du let dei erfara di velsigning i liva sine. Me ber om at medlemmer av kasterådet skal bli Jesu læresveinar som fører familiane sine til tru på den eine sanne Gud, den einaste som kan frelsa sjelene deira. Må dette folket bli råka av ei djup syndserkjenning, og ein radikal vilje til å snu seg bort frå avgudsdyrking, seksuell ureinskap, uærlegdom og alle gjerningar som høyrer mørket til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar