Bømlo (Moster) er kristendomen si vogge i Noreg. No nektar rektorar på ungdomsskulane i kommunen (sist på Mostar skule) elevar å driva kristent lagsarbeid på skulane.
Dette har
ingen pålagt desse rektorane å gjera. Dei har lagt det på seg sjølv. Sjansen
for at deira eigen trusposisjon då spelar inn i avgjerda, er stor. Og det er
uheldig.
Å nekta elevar
å samlast til andakt i eitt friminutt i veka, er sjølvsagt å avgrensa den
retten som Menneskerettsfråsegna gjev dei til å praktisera trua si, også i det
offentlege rom. Artikkel 18 i Menneskerettsfråsegna er krystallklår:
«Einkvar har
rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Denne rett omfattar fridom til å
skifte religion eller tru, og fridom til anten ålene, eller sammen med andre,
og offentleg eller privat, å gje uttrykk for sin religionen eller trua si
gjennom undervisning, praksis, tilbeding og ritualer.»
Denne
fråsegna er, i følgje Grunnlove § 2, ein
del av verdigrunnlaget for den norske stat, og dermed for den norske skulen.
I tillegg markerer §2 i Grunnlova betydninga av den kristne og humanistiske arv. Kristent skulelagsarbeid må jo seiast å fremja desse verdiane, og slik hjelpa lovgjevar med å nå sine mål, og ved å nekta elevane å samlast for å be og dela trua si med kvarandre, motarbeider desse rektorane sin eigen arbeidsgjevar.
I grunnskulen skal det undervisast om verdien av menneskerettane. Då er det underleg at rektorane i praktisk liv tek desse rettane frå elevar som ønskjer å ha kristent fellesskap ein halvtime i veka.
Gode Gud! Me går i Jesu namn mot alle som forbyr kristne unge menneske å samla seg for å tilbe deg og styrka kvarandre i trua. Me ber om at det skal koma eit forbod frå sentralt hald mot slike forbod i skuleverket. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar