onsdag 7. januar 2026

Sunnfjord i Vestland

 



Innbyggjartal: 22 662
Kommunesenter: Førde
Næringsliv: Jordbruk, handel, lakseturisme (Gaular), kraftproduksjon. 
Kyrkje og kristenliv: DNK har fire sokn og fire soknekyrkjer. Normisjon driv eit godt arbeid i Førde bedehus. KI skriv: "Kommunen har høy deltakelse i gudstjenester og et sterkt frivillig engasjement, noe som tyder på en robust kristen tilstedeværelse i regionen, selv om Norge generelt sekulariseres."

Gode Gud! 
Me ønskjer for Sunnfjord at alle som bur der skal bli kjent med Jesus, 
at ordet ditt skal ha framgang og at dine gjerningar skal bli synlege i samfunnet.
Velsign kommunen med gode leiarar, folk med høg integritet og god forstand.
Må all ærleg næringsverksemd trivast og ha framgang, og må det skapast
gode og framtidsretta arbeidsplassar.
Må barn og unge veksa opp i trygge heimar, og me ber om at du skal
verna dei mot alle vonde krefter
som vil lura dei bort frå trua, og riva dei ned og føra dei på avvegar. 
Me ber om låge aborttal, høge fødselstal, rusfrie miljø, om respekt for
ekteskapet mellom kvinne og mann som einaste rette samlivsform. 
Må det gå Sunnfjord godt på alle vis.





Ingen kommentarer:

Grønland

 President Donald Trump vil gjerne annektera Grønland. Han grunngjev dette med USA sitt tryggleiksbehov. Det liknar til forveksling på Vladi...