I natt gjennomførte, på ordre frå USA-president Donald Trump, amerikanske spesialstyrkar ein aksjon i Venezuela sin hovudstad, Caracas, som munna ut i arrestasjon av den illegitime presidenten i landet, Nikolas Maduro. Han er no, saman med kona si, på veg til USA for å bli stilt for retten der for brot på landet sine narkotikalover.
I tillegg må det nemnast at denne Maduro har kjørt Venezuela på grunn, øydelagt økonomien, ført folket inn i djup, djup fattigdom, fengsla og utsett opposisjonelle for grove overgrep med det resultat at 8 millionar av befolkninga har flykta til andre land. Dei fleste venezuelanarane gleder seg over USA sin aksjon, men spør seg sikkert om kva som no kjem til å skje.
- Be om at heile maktapparatet i Venezuela blir bytta ut, og at dei som vann valet for to år sidan, med den valde presidenten Edmundo Gonzales og nobeprisvinnar Maria Corina Machado i spissen, skal innta regjeringskontora.
- Be om at landet skal bli gjenoppbygd og nå gamle høgder.
- Be om at islamistar, sosialistar og kommunistar må tapa all innflytelse over Venezuela.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar