På nyttårsafta vart pastor José Otoniel Ortega skoten fleire gonger av tre væpna angriparar i bydelen Santa Elena i fylket Magdalena i Colombia. Han vart frakta til ein nærliggande medisinsk klinikk, der han døydde.
Dette melder ICC, International Christian Concern
Han er den 11. colombianske pastoren som lid denne lagnaden sidan 2024.
Den 54 år gamle pastoren feira nyttåret saman med kona og barna sine då han vart skoten. Det colombianske rådet for evangeliske kyrkjer (CEDECOL) la ut ei fråsegn på Facebook der dei uttrykte sorg over hendinga.
– Denne hendinga fører med seg sorg, ikkje berre for familien og forsamlinga hans, men for heile den kristne kyrkja i Colombia, heitte det i fråsegna. – Vi hevar røysta vår til forsvar for livet og kallar på rettferd, fred og ein slutt på alle former for vald som held fram med å knusa heimar og lokalsamfunn.
Direktøren for påverknadsarbeid i Christian Solidarity Worldwide, Anna Lee Stangl, snakka med Premier Christian News om hendinga og peika på auken i målretta åtak på kyrkjeleiarar frå væpna kartell.
– Pastorar forkynner ofte bodskap om fred og avvising av vald og ulovleg verksemd, sa ho. – Det kan skapa problem for dei når det gjeld rekruttering av nye medlemmar.
Ortega er den ellevte kyrkjeleiaren som sidan november 2024 er drepen i Colombia. Det siste året har kriminelle organisasjonar myrda ti protestantiske leiarar. Ein katolsk prest vart kidnappa og seinare sleppt fri.
Stangl oppmoda den colombianske regjeringa til å ta opp att vernet for kyrkjeleiarar under dekret 1066, som gav vern til visse sårbare grupper. Religiøse leiarar var inkluderte i denne høgrisikokategorien fram til dekretet vart endra i 2023.
– I fleire år har vi oppmoda styresmaktene om å ta kyrkjeleiarar inn att under det nasjonale vernesystemet, sa Stangl. – Det ville òg vore fint å be for dette, slik at kyrkjeleiarar i Colombia får tilgang til dei verneordningane som finst, men som dei no er utestengde frå.
Styresmaktene leitar framleis etter gjerningsmennene. Samstundes står forsamlinga til Ortega, Foursquare Gospel Church, saman med familien hans og sørgjer over tapet av den trufaste pastoren sin.
Den 2. januar la kyrkja ut eit brev på sosiale medium til minne om Ortega.
– I dag seier vi ikkje farvel, men «vi sjåast snart», heitte det i brevet, – med vissheita om at vi ein dag skal møtast att i den evige herlegdomen, der det ikkje lenger skal vera smerte eller tårer, berre glede i nærværet til vår Herre Jesus Kristus.
Sak av Bella Agnello i ICC
Be om at illgjerningsmennene vert innhenta, arresterte og dømde.
Be om trøyst og styrke til familie, kyrkjelyd og vener
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar