Kart: snl.no
Innbyggjartal: 21 877.
Kommunesenter: Alta
Næringsliv: Jordbruk, reiseliv, industri, bergverk (skifer), handel.
Kyrkje og kristenliv: DNK har 9 kyrkjer og kapell. Andre kyrkjesamfunn: Pinsekyrkja Filadelfia, Den evangelisk lutherske frikyrkje, Misjonsforbundet, Normisjon. UIO har også ein base i Alta.
Det ser ut til vera eit rikt åndeleg liv i Alta. Pinsekyrkja er størst av frikyrkjene. Den evangelisk lutherske frikyrkja leiger lokaler hos dei. Det har periodevis vore anstrengt mellom kyrkjelydane i kommunen, men no er det godt. Fleire driv meg Alphakurs, og nye menneske kjem til tru gjennom desse kursa. Ungdomsmiljøet i Alta er krevjande. Om lag 4% av befolkninga er aktive kristne.
Herre Jesus!
Sjå i nåde til alle som bur i Alta. Styrk kvar enkelt kyrkjelyd, og fellesskapet mellom kyrkjelydane. Gjer dei misjonale, og gje dei nye idear med tanke på å nå ut til dei kyrkjeframande. Reis deg opp eit kraftfullt og frimodig folk, lysande vitner, i Alta som lever for deg og dine mål. Me ber spesielt om at du skal intervenera i ungdomsmiljøa, gjera deg kjend for dei som er i denne aldersgruppa, og lær dei din veg.
Me ber om stabile, varme, trygge og rusfrie heimar i Alta.
Velsign næringslivet med gode og lønsame oppdrag.
Styrk kommuneøkonomien, og lat det gå kommunen godt. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar