fredag 20. mars 2026

Trondheim i Trøndelag

 



Det er 220 000 innbyggjarar i Trondheim. 
Byen var, med Nidarosdomen som erkebispesete, kyrkjehovudstaden i Norden gjennom mange hundre år i Mellomalderen. I dag tek Nidarosdomen seg opp att som pilgrimsmål for folk som likar å driva på med slikt. 
Som i byar flest er folk stort sett opptekne med handel, tenesteyting og administrasjon. 
Den norske kyrkja har 16 kyrkjelydar i kommunen. Den evangelisk lutherske frikirke har to. Pinsevenene 3. Metodistane og baptistane har ein kvar. Kristent nettverk har også ein kyrkjelyd der. Normisjon (Salem) har opplevd eventyrleg vekst dei siste åra, og driv med mykje godt arbeid. NLM driv også ei forsamling som skal ha gode kvalitetar. 

Gode Gud! Me treng Trondheim som eit sterkt åndeleg kraftsenter i Midt-Noreg, og me takkar deg for alle dei vitale evangeliske kyrkjelydane i byen. Må dei veksa seg sterke, og vera ivrig opptekne av å driva misjon og planta nye kyrkjelydar der ditt lys enno ikkje skin klårt. 
Må Trondheim sine leiarar vera kappable til å løysa problema som byen slit med. 
Me ber mot rus, kriminalitet og seksuell umoral (som er omfattande), og om at folk i byen skal leva gode liv, ha hjarta for kvarandre, leva ærleg og skikkeleg. Må alt sunt næringsliv gå godt, og må kommunen har orden på økonomien. Me ber om god folkehelse, og at folk skal møta eit  fungerande helsevesen når dei treng det. Gje byen gode politifolk, rettferdige dommarar og kompetente velutdanna lærarar. Amen! 










Ingen kommentarer:

Trondheim i Trøndelag

  Det er 220 000 innbyggjarar i Trondheim.  Byen var, med Nidarosdomen som erkebispesete, kyrkjehovudstaden i Norden gjennom mange hundre år...