Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 24. februar 2022
Ukraina
onsdag 23. februar 2022
Australia
- Be om at evangeliet om Guds rike må nå ut på ein truverdig måte til alle i Australia. Be om at alle kristne må bli disippelgjort og få hjelp til å leva misjonale liv i nærmiljøa sine. Be om at landet må bli gjennomsyrt av Guds ord, kristen tru og kristne verdiar.
- Be om at kristne må stå fremst i kampen for å redda Guds gode skaparverk i Australia og Oseania.
- Be om fred og venskap mellom folk frå dei ulike kulturane som lever i landet.
- Takk Gud for den velsigning som Australia har vore for desse smånasjonane.
- Be om at alle kyrkjene i Australia lærer seg å forstå at det å fullføra misjonsoppdraget er sjølve poenget med kristenlivet på jorda.
- Be om at alle LHBTQ-løgnene må bli avslørte og underkjente som alternativ levemåtar. Be om at dei unge må læra seg å elska Guds ord og Guds lover vedrørande seksualliv og familieliv.
- Be Gud om å famna dette folket på ein spesiell måte, gje dei Jesus som kan lækja såra deira og hjelpa dei å finna attende til sine eigne kulturelle røter.
- Be om at det skal bli vekt ein åndeleg hunger og tørst i studentane, at dei skal bli vunne for Kristus, tent i brann for han og bli sendt ut i misjon.
- Be om at barna i Australia skal møta Jesus som barnas aller beste ven, begynna å tru på han og leva som kristne. Be om at Gud skal læra dei å avvisa alle djevelens løgner.
mandag 21. februar 2022
Kurdarar i Armenia
søndag 20. februar 2022
Armenia
fredag 18. februar 2022
Argentina 1
Argentina har vel 45,6 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Bueno Aires.
Hovudspråk: Spansk. Andre språk: 39.
Religion: 89% kristne. 9,1% av dei er evangeliske.
Buenos Aires er ein av dei største byområda i vera, og evangeliet når ikkje ut til så mange i denne byen. Særleg er overklassen vanskeleg å nå. Det jødiske samfunn, som eitt av dei største av sitt slag, har få truande. Nokre kyrkjer er begynt å arbeida mellom dei 500 000 som bur i slumkvartera, dei heimlause og gatebarna. Kinesiske, koreanske, japanske og vietnamesiske samfunn er i kraftig vekst. Men berre èin misjon er opptekne med å nå dei med evangeliet.
Det har vore mykje vekking i mange byar i Argentina, og talet på nye truande er høgt og talet på leiarar som kan disippelgjera dei er lågt.
Chacofolket er Argentinas urbefolkning. Dei er gjennom mange år blitt utsett for undertrykking og marginalisering. Trua deira er katolisisme blanda saman med animisme.
Herre, me ber om at alle innbyggjarane i Argentina skal bli berørt av evangeliet og nådd med kallet til omvending og tru. Særleg ber om at det skal vera mogeleg å bryta ned alle forsvarsverk som overklassen har bygd opp rundt seg. Takk for initiativa som blir gjort for å nå dei fattige og forkomne i Buenos Airos.
Me ber om at det skal lukkast for dei, at du Herre skal bevega deg mellom desse menneska og tena dei.
Me ber også om at kinesarane, koreanarane, japanarane og jødane i byen også skal bli disippelgjort og innlemma i riket ditt.
Me ber for chacofolket at dei skal bli eit hengjeve Kristusfolk.
Må dei kristne i byen bli tent i brann for dei unådde, og bli drivne ut til din haust. .
Me ber om mange nye leiarar som kan disippelgjera nye kristne
Kjelde: Operationworld.org
torsdag 17. februar 2022
Kinesarar i Angola
onsdag 16. februar 2022
Angola
mandag 14. februar 2022
Nubrifolket i Nepal
Nubrifolket tel kun 1500 menneske. Dei lever med dyra sine i Nepals høgland, og praktiserer sin tibestanske buddhisme og snakkar sitt eige språk. Den moderne tida er komen til desse også, 70% av ungdomane deira hamnar i Kathmandu og folket står i fare for å bli assimilert.
Kjære Herre Jesus Kristus! Me ber i dag om frelse for nubrifolket i Nepal. Må den kristne trua koma til dei gjennom kristne som ønskjer å læra seg språket deira og leva saman med dei som deira medmenneske. Lat lyset frå evangeliet bryta gjennom buddhismens mørke løgner og skapa eit folk i folket som elskar deg, og som ber med seg himmelrikets mektige krefter. Amen!
søndag 13. februar 2022
Tajakant. Unådd folkegruppe i Algerie
Tajakantfolket er å finna i grenseområda mellom Marokko, Algerie og i Vest-Sahara. I Algerie tel dei om lag 50 000 menneske som alle er overtydde muslimar som lever ut trua si i kvardagen. Det er ikkje registrert nokon kristne mellom dei. Tradisjonelt har dei vore kjende som handelsfolk som ikkje vegra seg for å slost for interessene sine. Deler av Bibelen er omsett til språket deira som dei kallar hassaniyya
Gode Gud og Far! Også tajakantfolket var inkludert i Kristi offer på krossen, også for dei står frelsens port open. Me ber deg i Jesu namn om å gripa mektig inn i liva deira. Send dine vitner til dei for å peika på Jesus som vegen, sanninga og livet, og porten inn til ditt evige rike. Me ber om at du skal etablera ei levande, åndsfylt og karismatisk tajkantkyrkje som kan vera eit lys til frelse for heile Algerie, og vidare utover til sine eigne i Marokko og Vest-Sahara.
Algerie
fredag 11. februar 2022
Albania
- Me ber om at dei truande i Albania skal halda seg nær til deg, og leva sunne og åndsfylte kristenliv.
- Me ber om at kyrkja verkeleg skal lukkast i sin visjon om å disippelgjera heile nasjonen, og at nye albanarar på dagleg basis skal koma til tru på deg og innlemmast i kyrkjelyden.
- Me ber om ein medviten satsing på leiarskapsutvikling i kyrkjelydane
- Me ber om at det skal plantast kyrkjer i alle Albanias unådde landsbyar
- Me ber om at det skal vera eit godt samarbeid mellom utanlandske misjonærar og nasjonale kristne leiarar
- Me ber om at dei kristne i landet skal påverka albansk politikk på ein positiv måte
- Me takkar for alle albanske kristne som er reist ut av landet som misjonærar, og me ber om at dei skal lukkast i arbeidet sitt der du har plassert dei. Amen!
torsdag 10. februar 2022
Uzbekarar i Afghanistan
onsdag 9. februar 2022
Afghanistan
Afghanistan har i underkant av 40 millionar innbyggjarar. Det er mange folkegrupper i landet. Pasjtunarane er dominerande. Elles er det iranarar, turkmenarar, tadsjikarar, uzbekarar, hazarar, baluchar og fleire titals andre. Desse snakkar gjerne kvar sine språk. Totalt blir det snakka 41 språk. Offisielle språk er pasjtun og dari (persisk).
Hovudstad: Kabul
Andre store byar: Kandahar og Mazar-e-Sharif
68% av befolkninga er analfabetar.
99,9% av befolkninga er muslimar.
Då Taliban overtok makta sommaren 2021, kom dette som eit sjokk på mange. 300000 afghanske soldatar flykta hals over hovudet for 40000 talibankrigarar, og dei som vart nedkjempa av internasjonale styrkar i 2001, kom tilbake til makta og gjeninnførte eit strengt islamistisk styre der dei demokratiske institusjonane vart oppløyste, kvinnene nekta å gå ut utan mannleg følgje. Dei vart også nekta å gå på jobb, å gå ut utan burka. Jenter kunne ikkje lenger gå på skule og for kristne vart det forbode å samlast til gudstenester og møter. Ja, det vart sett i gong reine klappjakta på dei få kristne som er i dette landet, og det blir meldt om at kristne menn er blitt avretta og kristne kvinner valdtekne og selde saman med barna sine som slavar. Denne forfølginga pågår i skrivande stund.
Vestlege land har frose mange milliardar dollar som tilhøyrer Afghanistan. Desse pengane brukar dei som ei brekkstong for å få Taliban å etterleva Menneskerettsfråsegna . Det har ført til fattigdom og svolt i landet.
Afghanistan er frå kristen synsvinkel ein av dei nasjonane som i minst grad er nådd med evangeliet. Det er 48000 moskèar i landet, ikkje èi einaste kyrkje. Denne verdas fyrste eig dette landet.
Herre Jesus! Sjå i nåde til Afghanistan. Må naudhjelp nå fram til vanlege folk slik at dei kan overleva vinteren.
Me ber om at dei skal leva og få høyra om Jesus og koma til tru på han.
Me ber om at det marerittet som Talibanstyret representerer må ta slutt.
Me ber om at du skal verna dei kristne mot alle typar overgrep.
Me ber om at befolkninga skal få tilgang til adekvat medisinsk hjelp (diare, kolera, dysenteri og lungebetennelse florerer i befolkninga og tek mange, mange liv) og til reint vatn.
Me ber også om at mannlege legar må få ta hand om sjuke kvinner.
Me ber også for dei ein million funksjonshemma i landet, at dei skal få omsorg og rehabilitering.
Me ber om at opiumsproduksjonen skal måtta vika for dyrking av mat.
Me ber om at alle barn skal få gå på skule og læra seg å lesa og skriva.
Me ber om kyrkja di på ein eller annan måte må nå fram til dei unådde folkeslaga og enkeltmenneska i landet.
Herre, opna du dører for evangeliet til denne for deg så kjære befollkninga.
Me ber også om at afghanarar på flukt til andre land skal bli møtte med evangeliet og eventuelt bera det attende til heimlandet og til dei fortapte der.
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...