Viser innlegg med etiketten Marokko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marokko. Vis alle innlegg

torsdag 5. januar 2023

Arabiske marokkanarar i Marokko

 

Folketal: 24 264 000.
Islam: 99,91%
Kristne: 0,09%. Evangeliske kristne: 0,08%

Med ein så låg prosent kristne er dei arabiske marokkanarane rekna som ei "frontiergruppe" som ikkje kan nåast med evangeliet utan hjelp utanfrå. 

Arabarane kom med sine erobrande hærar til Marokko på 700-talet for å leggja området inn under Allahs hegemoni, og der har dei blitt verande. 

Denne store folkegruppa er sunnimuslimar, og lever i stor grad av å dyrka jorda. 

Herre Jesus! Me ber i dag om at du skal senda arbeidarar ut til din haust mellom dei arabiske marokkanarane i Marokko. Me ber også om at dei få kristne som finst mellom dei skal få mot til å vitna om deg for naboar og vener. Me ber om at desse muslimane skal begynna å møta deg gjennom draumar, slik som det skjer mange andre stader i den arabiske verda. Må det ein dag grunnleggjast ei levande og livskraftig kyrkje i og mellom dette folket. Amen! 






mandag 5. september 2022

Marokko

 

Bilde: CIA World Fact Book

Hovudstad: Rabat. Folketal: 37 mill. Folkegrupper: 31. Off.språk: Arabisk. Andre vanlege språk: Berbisk, fransk og engelsk. Totalt blir det snakka 10 språk. Religion: Islam (99,9%).. Kristne: 0,1%. Evangelisk kristne: 0,0%. 

På 700-talet invadert arabiske muslimar Marokko, og innførte islam med tvang. Før den tid budde berberane i landet. Dei var kristne, men adopterte fort den nye trua og tilpassa seg islam. I dag er marokkanarane stolte av sin muslimske bakgunn, dei er konservative, men ikkje valdelege, og dei prøver å stå imot trykket frå IS som prøver å få innflytelse i landet. 

  • Be om Marokko må halda fram med å vera eit fredeleg land utan krig og terror. 
  • Be om at Gud må velsigna landet med gode leiarar
  • Be om at dei få kristne i landet må finna saman i tette fellesskap som kan bli utgangspunkt for eit åndeleg storverk.
  • Be om at dei truande må halda seg nær til Gud, vera frimodige og fulle av nåde og kraft
  • Be om frelse for beduinane
  • Be om frelse for den vesle jødiske minoriteten
  • Det er mange marokkanarar som har emigrert til Europa. Be om at kyrkjene i Europa må forstå sitt ansvar og prøva å nå ut til dei med evangeliet.



søndag 13. februar 2022

Tajakant. Unådd folkegruppe i Algerie


Tajakantfolket er å finna i grenseområda mellom Marokko, Algerie og i Vest-Sahara. I Algerie tel dei om lag 50 000 menneske som alle er overtydde muslimar som lever ut trua si i kvardagen. Det er ikkje registrert nokon kristne mellom dei. Tradisjonelt har dei vore kjende som handelsfolk som ikkje vegra seg for å slost for interessene sine. Deler av Bibelen er omsett til språket deira som dei kallar hassaniyya

Gode Gud og Far! Også tajakantfolket var inkludert i Kristi offer på krossen, også for dei står frelsens port open. Me ber deg i Jesu namn om å gripa mektig inn i liva deira. Send dine vitner til dei for å peika på Jesus som vegen, sanninga og livet,  og porten inn til ditt evige rike. Me ber om at du skal etablera ei levande, åndsfylt og karismatisk tajkantkyrkje som kan vera eit lys til frelse for heile Algerie, og vidare utover til sine eigne i Marokko og Vest-Sahara. 


kjelde og bilete: joshuaproject.net


søndag 28. januar 2018

Jebala. Marokko

 Jebalafolket lever i marokkanske fjellområder, og jbal tyder då også "fjellfolk".
Dei tel i følgje joshuaproject.org 1 217 000 menneske. Dei lever i områder som er vanskeleg tilgjengeleg for eventuelle misjonærar, men kan nåast via kristne radiosendingar. Det er ingen registrerte truande kristne i jabalfolket.

Herre Jesus! Du vil at heidningane skal prisa deg saman med ditt folk. Me ber om at evangeliet om ditt rike  skal bli jabalfolket til del, slik at dei ved tru på deg kan bli frelste frå syndene sine, døden og djevelens makt, og bli innlemma i din store familie, den som ein dag skal sameinast med deg i din himmel. Løft dei ut av det moralske og åndelege mørkret dei lever i , og før dei  inn i ditt mektige og underfulle lys. Lat dei få ein smak av din kjærleik, og løys dei frå islams forferdelege lenker. Me ber i ditt namn. Amen!



mandag 9. januar 2017

Dagens unådde: Marokkanske berbererar i Warain

Det er 309000 warainberberar i Marokko. Berberane er Nord-Afrikas urfolk. Dei vart erobra og undertrykt av arabarane på 600-talet, og har seinare adoptert islam som sin religion. Dei snakkar eit språk som kallast tamazight. Tradisjonelt var dei nomadar, men lever no som stadfaste bønder. Deler av Bibelen er omsett til dette språket og ligg føre både i tekst og lydformat. Det er ikkje registrert ein einaste truande warainberber. Marokko har stengt grensene sine for kristen misjon, men det blir sendt kristne radioprogram på tamazight frå andre land i håp om å nå fram til nokon av desse menneska.

Gode Far! Det er du som styrer historias gang, og du er den som opnar dørar som ingen kan stenga, og stenger dørar som ingen kan opna. Må du opna ei dør for evangeliet inn til warainberberane i Marokko. Lat nokre av dei koma til tru gjennom dei kristne radioprogramma som vert sendt. Løys desse menneska frå islams makt, og før dei inn i Kristi fridom. Herre, miskunna deg over dei i Jesu namn, amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...