søndag 13. februar 2022

Algerie

 

Kart henta frå operation.org

Folketal: 44,6 millionar menneske. 
97,6% er muslimar.
0,3% er kristne
Resten er sekulære.
Hovudstad: Alger

Store deler av dette landet er ein del av Saharaørkenen. Dei fleste menneska bur difor langs Middelhavskysten. Lenger sør vandrar beduinstammene. 

Økonomien er oljebasert.

22% av befolkninga tilhøyrer den berberiske urbefolkninga som befolka Nord-Afrika før den arabiske/muslimske invasjonen på 700-talet etter Kristus. Berberana var kristne. Ja, Nord-Afrika utgjorde faktisk tyngdepunktet for den kristne kyrkja dei første hundreåra etter Kristus , og menn som Tertullian, Cyprian og Augustin var truleg berberar. 

I dag vender berberane attende til røtene sine, og mange tusen av dei har kome til tru på Jesus Kristus, og det er etablert eit nettverk av evangeliske kyrkjelydar. Desse har ein stor grad av einskap og samarbeid. 

Styresmaktene har dei siste åra sett mykje inn på å stoppa kristendomen sin vekst i landet, og dei stenger kyrkjer,  gjer livet vanskeleg for dei kristne med sosiale restriksjonar, og det er blitt vedteken ei lov som forbyr alle ytringar i landet, om dei så skulle bli sagt i kristne kyrkjer, som "rystar trua til muslimar", som det heiter. Landet er på 22.plass på World Watch liste over land med kristisk mykje kristendomsforfølging. 

Men restriksjonar og overgrep ser ikkje ut til å redusera talet på omvendingar, Algeri landet med størst antal konverterte muslimar. 

Ein av suksessfaktorane når det gjeld kyrkjevekst i Algeri har vore radio og TV-arbeid. Mange har kome til tru ved å lytta og sjå.  Mange av dei som kjem til tru på den måten tek også korrespondansekurs i kristen tru, og blir såleis grunnfesta kristne. 

Kyrkja i Algerie har eit definert behov for nye leiarar.
 
Algerie har ein lang historie med krig og vald, og det er ikkje lenge sida den siste brutale borgarkrigen vart avslutta. Valdsnivået er forresten framleis skyhøgt.

Herre Jesus! 
Sjå i nåde til Algerie. Me ber om lækjedom til alle traumatiserte sjeler, me ber om at du tek kontroll med  innbyggjarane i dette landet, lærer dei å tru på deg, og hjelper dei til å leva i fred med kvarandre. Me ber om at næringslivet skal kasta mykje av seg, at landet skal utvikla ein sunn økonomi. Me ber om at alle dei 13 unådde folkegruppene skal få høve til å bli kjent med deg. Styrk dei nasjonale kristne, og lat dei, trass i alle vanskar, veksa i nåde og kjennskap til deg, Me ber om framtid og håp for Algerie. Amen! 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...